Som tidlegare nevnt skal neste årsmøte gjennom og oppdatere vedtekter og organisasjon i Memoar. Styret arbeider med saka, og har som ambisjon å legge fram eit forslag i god tid. Akkurat ved årsskiftet blir visjons- og formålsformuleringa diskutert.

AI-generert bilde av «oral history»
Rett over nyttår skal styret diskutere med utgangpsunkt i dette utkastet. Alle kommentarar og innspel er velkomne – send til post@memoar.no eller kommenter i bloggen!
Visjon:
Memoar sin visjon er at verdiane i den munnlege kulturen ikkje skal gå tapt, men vekse frå generasjon til generasjon, og at alle lag av folket skal kunne dele sine livsforteljingar.
Formål:
Memoar skal vere ein pådrivar og ein ressurs for alle som delar visjonen og bidrar til innsamling, dokumentasjon, bevaring, formidling og “vidareforedling” av munnleg historie og øvrig immateriell kulturarv.
- Å vere pådrivar betyr å ta initiativ til nye prosjekt, lære opp og støtte frivillige og profesjonelle minnesamlarar, synleggjere arbeidet deira og å løfte fram forteljingane til dei som blir intervjua.
- Å vere ressurs betyr å kunne tilby praktisk hjelp, infrastruktur, rådgjeving, fagleg kompetanse og nettverk til dei same.
- Munnleg historie betyr dokumenterte samlingar av intervjuopptak med fyrstehands kjelder til opplevd historisk utvikling.
- Øvrig immateriell kulturarv betyr for oss fyrst og fremst forteljekunst og språk som berar av munnleg kultur.