Avlevering av munnleg kjeldemateriale er framleis uløyst

Heilt sidan starten i 2015 har Memoar arbeidd for at det skal bli oppretta eit «munnleg riksarkiv» i Noreg. Munnleg kjeldemateriale som blir samla inn av historie- og sogelag, musé og av forskarar, går i stor grad tapt av di det ikkje finst eit nasjonalt system for å ta mot, arkivera/katalogisera og formidla munnleg kjeldemateriale.Fortset å lese Avlevering av munnleg kjeldemateriale er framleis uløyst

Mobilstudio har hatt eldprøven!

Måndag 16. januar var Memoar sitt mobilstudio i bruk for fyrste gong. Det skjedde i Bergen gamle brannstasjon: Tre veteranar frå brannkorpset fortalde til intervjuarar frå Bymuseet i Bergen. På biletet vert Øyvind Kongevoll – leiaren av Bergen Brannkorps Historielag – intervjua av Siren Johannessen Vågstøl og Nina Moldskred frå Bymuseet i Bergen. (Bakgrunnsteppet vartFortset å lese Mobilstudio har hatt eldprøven!

7/3-16: Avlevering av Nikkelverksprosjektet er påbegynt

7. mars 2016 sende Memoar ved prosjektleiar for Nikkelverksprosjektet brev til fire instansar som alle har i oppdrag å sikre kjeldemateriale for framtida. Brevet inneheldt eit oversyn over kva som finst i prosjektarkivet, kor stort det er og kva slags lagringsformat det ligg på no. Spørsmålet som fylgde var: «Kan me sikre dette materialet forFortset å lese 7/3-16: Avlevering av Nikkelverksprosjektet er påbegynt

15/2-16: Memoar legg om nettsidestrukturen

Nettsida – eller nettsidene – til Memoar veks med aktiviteten. Men sidan aktiviteten veks fort, oppdagar me stadig manglar med nettsidene. I det siste har det rett og slett blitt for mange av dei. Frå 15. februar 2016 vert den definitive hovudsida http://www.memoar.no. Den skal gi eit oversyn over dei forteljarane som har publisert munnlegeFortset å lese 15/2-16: Memoar legg om nettsidestrukturen