7. mars 2016 sende Memoar ved prosjektleiar for Nikkelverksprosjektet brev til fire instansar som alle har i oppdrag å sikre kjeldemateriale for framtida. Brevet inneheldt eit oversyn over kva som finst i prosjektarkivet, kor stort det er og kva slags lagringsformat det ligg på no. Spørsmålet som fylgde var: «Kan me sikre dette materialet for framtida gjennom å få avlevere det til dykk?»
Dei fire som fekk sopørsmålet var Norsk etnologisk gransking, ved Folkemuseet,Nasjonalbiblioteket Statsarkivet i Kristiansand. og Arbeiderbevegelsens arkiv. Avhengig av svaret vil materialet bli avlevert ein av desse.
Brevet var forma slik:
Frå Bjørn Enes,
Frilansjournlist og leiar av Memoar.
Til Arbeiderbevegelsens arkiv, Norsk etnologisk gransking, Nasjonalbiblioteket og Statsarkivet i Kristiansan
Spørsmål om avlevering av munnleg kjeldemateriale.
I perioden oktober 2015 – mars 2016 har eg vore leiar for prosjektet «Vendepunkt 1975», som har samla og dokumentert munnleg kjeldemateriale om endringar i teknologi, arbeid, organisasjon, kultur og miljø på Nikkelverket i Kristiansand i perioden 1960 til i dag.
Formålet med prosjektet har vore å sikre munnleg kjeldemateriale for ettertida. I tillegg har det vist seg å ha interesse i samtida. Alle forteljarane har bede meg om å publisere opptaka på internett, slik at dei og andre kan dele dei i sosiale media. Eg har publisert dei over min Vimeokonto
http://www.Vimeo.com/Gullveig. Alle publiserte opptak er presenterte på nettsida
http://Industri.Memoar.no.
Prosjektarkivet består av:
-
Ei prosjektmappe med prosjektskildringa som vart laga før prosjektstart, sluttrapporten som vart skriven etter at prosjektavslutting og ein aviskronikk som vart publisert etter prosjektet.
-
10 personmapper. Kvar mappe har namn etter forteljaren som er intervjua. Formatet på mappenamna er slik: Etternamn-Fornamn/mellomnamn-Fødselsår-Fødselsdato.
Kvar mappe inneheld:
-
Eit dokumentasjonsark med ein kort introduksjonstekst om forteljaren pluss ei liste over alle mellomtitlar som er brente inn i videoopptaket (sjå nedanfor)
-
Ein Mp4-fil med videoopptak av et 60 – 120 minutt langt intervju.
-
Eit avtaleskjema der forteljar og intervjuar i opptaket har gitt samtykke til bruk av opptaket. (Ein kopi av dette skjemaet er lagt ved.)
-
Ein kopi av epost eller SMS der forteljaren ber meg fjerne passordet på det internettpubliserte opptaket.
Nokre av dei ti personmappene inneheld i tillegg undermapper med bilete og / eller tekstar som forteljaren har levert til meg under prosjektet.
Heile prosjektarkivet er digitalt. Storleiken er i alt 37,9 Gb.
Det finst i to kopiar. Hovudkopien er i ei Dropbox-mappe i «nettskya». Ein backup-kopi finst på ein fysisk harddisk av type Seagate Backup-plus på mitt heimekontor.
For meg og for Memoar er det enklast å overføre prosjektarkivet over internett direkte frå Dropbox.
Kan me sikre dette materialet for framtida gjennom å få avlevere det til dykk? Dette spørsmålet vert og retta til Norsk etnologisk gransking, Nasjonalbiblioteket og Statsarkivet i Kristiansand.
Bergen 7. mars 2016
Bjørn Enes