Torsdag 25. februar stilte seks av dei ti nikkelverksveteranane som har vore intervjua i forprosjektet «Vendepunkt 1975» – om endringar i industrien i dei åra då hundre år med vekst i insutrisysselsetjinga brått snudde til nedgang. Dei seks som stilte i panelet var Arne Johan Finne. Olav Erik Sørensen, Wiggo Svendsen, Robert Alsaker, Kåre Knudsen og Bjørg Bakken. Ordstyrar og intervjuar var Bjørn Enes – som og var tilsett på Nikkelverket i den aktuelle perioden.
Det var stor publikumsinteresse for arrangementet.
Det trengs nokre dagar til å klargjere opptaka frå kvelden – dei vil bli publisert på Industri.Memoar.no snarast råd.
Sluttrapporten frå forprosjektet vert levert i månadsskiftet. Arbeidet med å finne finansiering til eit hovudprosjekt startar umiddelbarft. Sende gjerne tips til post@memoar.no !