Heilt sidan oppstarten har Memoar sett det som naturleg å samarbeide med bibliotek. Dette er ikkje berre av di det er biblioteka som er ryggraden i den rike britiske Oral History-tradisjonen. Det er også av di biblioteka alt er breie kultursentra med høg aktivitet mellom anna innanfo historie, og då ikkje minst lokal historie.
Bergen: Vårt fyrste mål var å få etablert eit intervjustudio som alle innbyggarar kan bruke i Bergen. Dette er no på plass. Neste mål er å arbeide fram interesse og aktivitet rundt dette studioet. me har søkt Bergen Kommune om midler til å kunne invitere til kurs, erfaringsutveksling etc. me vil gjere det uavhengig av om me får positivt svar på søknaden, men det seier seg sjølv at det vil ta lenger tid kome i gang viss alt skal vere henvist til fritida.
Sjøfartsmuseet: Memoar og sjøfartsmuseet har samla erfaringar gjennom ein serie intervjuopptak med publikum til stade i museet. Resultata er så positive, at det no er bestemt at aktivitetane skal halde fram. Det er bestemt å forankre denne innsamlinga av munnlege forteljingar i museet sitt fagbibliotek. Der er frå før ei samling intervju med krigsseglarar. No ynskjer både museet og Memoar å fylgje dette opp med 50 intervju frå etterkrigstida. Også her er det søkt om finansiering, denne gong frå Nasjonalbiblioteket sine prosjekt- og utviklingsmidler. Og også her er prinsippet at arbeidet vil bli iverksatt uavhengig av om me får finansiering.
Nordhordland: Memoar er også involvert i eit prosjekt som biblioteket i Austrheim ynskjer å starte hausten 2016. Planen er å etablere eit intervjustudio i biblioteket og arrangere kuirs for å hjelpe frivillige organisasjonar og andre med å kome i gang dels med å produsere podcastar og dels med å gjere intgervjuopptak av munnlege minneforteljingar. Det er tanken både å arkivere desse for framtida og å dele dei med notida gjennom sosiale media. Memoar har sagt til både å vere med på utviklings- og oplæringsarbeidet. me vil sjølvsagt også samarbeide om å formidle forteljingar som vert produserte.
Siste:Ingen tildeling til prosjekt innan munnleg historie
Nasjonalbiblioteket offentleggjorde 21/4-16 lista over tildeling av utviklingsmidler. I alt var 20 mill NOK fordelt mellom 74 prosjekt. Diverre fekk ingen av dei prosjekta som Memoar er delaktig i støtte. Såvidt me kan sjø er heller ingen andre prosjekt som handlar om munnleg historie tilgodesett.
Tiledlingslista kan lastast ned her