Oral History Society og British Library inviterer til eindags kurs i video-intervjuing i London 18. mai. Kurset er berekna på nybegynnarar med video. Det er intensivt og svært lærerikt for den som vel å ta del. Både kurset og medlemskap i OHS er ope for utlendigar.
OHS har ei rekke kurstilbod, som me i Memoar kan tilrå på det varmaste. Fram til me har bygd opp eit tilsvarande tilbod i Noreg, vil det vere eit godt og rimeleg alternativ å ta desse kursa i London, der dei stort sett vert køyrde i samarbeid mellom Oral History Society og British Library.
Kurspakka inneheld:
- Introduksjon til munnleg historie
- Arkivering av munnlege forteljingar
- Utvikling av ferdigheiter innan munnleg historie
- Grunnkurs i videoproduksjon av munnleg historie
- «Frå transkript til manuskript» – om å bruke munnleg historie i teater- og kunstproduksjon
- Skreddarsydd trening
- Eksterne kurs
Les meir på sidene for dei ulike kursa i Oral History Society sine nettsider.