Eit fyrste møte med Oral History Society

Det skal ha starta som ein uformell dagskonferanse i «The British Institute of Recorded Sound» i 1969. Då hadde interessa for munnlege kjelder til samtids- og nær forhistorie alt vore dyrka lenge i USA – meir om det i ein seinare blogg. Men no var både interessa og den gryande merksemda på alle spørsmåla som er knytta til munnleg historie nådd fram til Storbritania. Fire år seinare vart Oral History Society danna. Og FØRTITO år etter det, kom eg tuslande inn på ein kafé på jarnvegsstasjonen i Leeds for å treffe Louise Brown, min fyrste informant om britisk Oral History anno 2016.


Lokale prosjekt:

Ho er sjølv ingen «oral-historikar», fortalde ho. I Storbritania er nemlig det ein akademisk tittel, på line me hennar eigen: Arkeolog. «Men faga liknar», sa ho. «For både arkeologen og oralhistoikaren lietar seg gjennom slikt som ligg att etter det daglege livet: For det er livet me utforskar. Tradisjonelle historikarar konsentrerer seg eigentleg om politikken.»

Hennar prosjekt heiter «Moorlands: People, places, stories», eit prosjekt for å skape ny giv i landskapet Upper Nidderdale, eit dalføre nord i Yorkshire som etter lokale meiningar fortener mykje meir merksemd enn det dei får, ikkje minst frå turistar. No skal dei bygge opp ei samling av intervju med folk som har vakse opp i Nidderdale. Frå det materiale skal dei forske, publisere på nett og i skrift – og skape nytt liv i den lokale munnlege forteljarkulturen.

«Folketalet i dalen har gått ned gjennom mange år. Får me ikkje fjort opptak av desse oppveksforteljingane nå, vil dei snart vere tapte for alltid!» Sa ho.

Helsevesenet:
Michelle Winslow er leiaren av OHS-aktivitetane i Yorkshire. Ho fortel at slike prosjekt som i Upper Nidderdale er dei mest utbreidde innsamlingane av munnleg historie. Det gjeld ikkje berre i landkommunar – det gjeld minst like mykje i urbane bydelar.

«Oral History fekk fyrst vind i segla i USA, gjennom prosjektet til Alan Nevins. Frå 1948 starta han ein serie opptak med sentrale politikarar og forretningsfolk for å sikre deira munnlege sjølvbiografiar for ettertida. Her i Storbritania har me heilt frå starten i 60-70åra, hatt meir fokus på dei som historikarane tradisjonelt ikkje ser – arbeidarklasse, kvinnehstorie, minoritetar og stigmatiserte grupper av ulike slag.»

Hennar eige hovudprosjekt – ved sida av å drive OHS i regionen – handlar om å intervjue pasientar i lindrande avdelingar. «Såveidt eg veit, har døyande menneskje aldri tidlegare vore sett på som kjelder for historie», så ho. Frå hennar fyrste innsamling – eit doktogradsprosjekt i oral historie – har det vakse slik at det no involverer ei rekke sykehus. Og det er bruk for desse forteljinane, seier ho:

«Forteljarane set stor pris på å bli intervjua. Det gir dei ein identitet – ikkje minst i høve til dei som arbeider på avdelinga. Familiane deira for jo kopi av intervjuet, Det set dei aller fleste også stor pris på. Og i ettertid er samlinga av slike itnervju ei svært verdfull kjelde for forskingsprosjekt.»

Dei vert ikkje publiserte offetnleg, desse opptaka. Men sume av dei vert brukte i sjukepleieutdanninga. Det har og vist seg å vere svært verdult.

Kunstprosjekt:
Simon Bradley var den tredje kontaktpersonen eg møtte. Han er både oralhistorikar og musikar – eller snarare «lydartist» («sound artist»). Då eg traff han, hadde han nett avslutta eit doktorgradsarbeid basert på 64 opptak av eit breidt utval folk som arbeidde med eller var influerte av ein omfattande byutviklingsprosess i bydelen Holbeck i Leeds.

«I nesten ti år hadde byrådet og mange eigedomsutviklarar store planer om å omskape Holbeck frå slumstrøk til ei hypermoderne bydel, slik det har gått føre seg i så mange andre byar. Men så kom finanskrisa i 2008, og sette ein bråstopp for alt. Resultatet vart ei merkeleg mellomting, der du ser slipskledde finansfolk og fillete uteliggarar gå om kvarandre i gatebiletet.»

Prosjektet hans var å knytte det mangfaldet av folrteljingar saman med konkrete stader i bydelen. Han knytta alle intervjua til eit knippe konkrete posisjonar, geotagga dei og knytta dei saman i ein applikasjon  som gjer det mogleg å gå rundt i Holbeck og høyre 64 ulike personar fortelje om dei stadene du passerer.

«64 er sjølvsagt ikkje nok – me vil gjerne fortsetje å samle fleire intervju slik at mangfaldet kan bli representativt. Men me samlar også andre lydar enn ord – me samlar alt frå hundeglam og trafikkstøy til vatnet i kanalslusene og musikken frå gatemusikantane. Alt går inn i det eg for min del kallar bylydane sin arkeologi…..»

Slekts – og bedriftshistorie
Som nevnt tok eg også del i OHS sitt introduksjonskurs til oral historie. «Baktanken» med det var ikkje minst å sjekke ut likskapar og forskjellar mellom OHS sitt kurs og det intorduksjonskurset me har planlagt i Memoar. «Oppdagar eg noko me ikkje har tenkt på, kjem eg til å stele det!» Sa eg – og hausta varme ynskje om lukke til: Idealismen rår openberrrt i OHS, i alle fall når det gjeld arbeidet for å trekke nye menneskje med i arbeidet med å samle munnleg kjeldemateriale.

Det var ti deltakarar utanom meg på kurset. Kursleiar var Michelle Winslow. Samansetjinga av dei andre var interessant i seg sjøl: Me var to utlendingar, eg frå Noreg og ein historikar frå Bulgaria som skulle samle munnleg kjeldemateriale til eit prosejkt om nær historie heime.

To av deltakarane var helsepersonell som skulle ta til å arbeide med å intervjue pasientar.Prosjektet til Winslow har spreidd seg, ikkje berre til andre sjukehus men også til andre pasientgrupper.

Tre var kunstnarar. Ein poet, ein forfattar og ein musikar. Poeten arbeidde med å samle forteljingar frå immigrantmiljø, og brukte dei som «råstoff» både for eigen kunstproduksjon og for arbeid med å lære flyktningekvinner å uttrykke poesi. Forfattaren var heller fåmælt og delte ikkje sp mykje av sine planar – men oralhistorie hadde han bruk for. Og musikaren arbeidde med eit prosjekt som gjekk ut på å samle munnleg kjeldemateriale om flest mogleg nolevande komponistar: «Me treng ikkje berre å sikre verka deira – me treng å bevare forteljingane om det som ligg bak», sa ho mellom anna.

To var amatørar utan spesiell utdanning innan munnleg historie. Den eine var slektsgranskar som ville samle intervju frå eigen familie. Den andfe var forsåvidt også det, men ho vill få i gang eit prosjekt som skulle samle forteljingar om å vekse opp i ein sterk religiøs subkultur. Ho sjølv hadde vakse opp som kveker. Ho hadde framleis same tilknytting, og prosjektet hennar var ikkje å «avsløre» subkulturen sin – snarare å ta vare på minnene om korleis det hadde vore for hennar generasjon å ha den spesielle bakgrunnen.

Dei siste to var forretningsfolk. Eller snarare funksjonærar i det private næringslivet. Dei kom frå ei større verksemd som hadde bestemt seg for å bygge opp eit munnleg privatarkiv ved sida av det skriftlege. Dei to hadde jobben med å førebu og setje i gang ein permanent innsamling av munnlege intervju.

«Arbeidet har opna augene våre for at dei munnlege sidene ved ein bedriftskultur kan vere mykje viktigare enn staplar av gamle kvitteringar!»

Kontakt
Denne turen var ingen formell, offisiell kontakt mellom Memoar og Oral History Society. Men mykje kan tyde på at det var starten på ein nærare kontakt. For Memoar sin del er det ikkje tvil om at me vil ha mykje å hente frå dei erfaringane og den kompetansen som er bygd opp gjennom førti år i Storbritanina.

Faktisk luttrykte alle dei eg traff at dei og hadde interesse av framtidig kontakt: Louise Brown ville gjerne høyre meir om kva som kunne få nordmenn til å interessere seg for >Upper Nidderdaled,  Simon Bradley ville gjerne få norske kontaktar med interesse for «urban lyd-arkeologi» – og Michelle Winslow ville gjerne ha ein artikkel til Oral History Journal om bygging av ei veslesyster til OHS i Noreg.

Nettsida til OHS: http://www.ohs.org.uk

Kort info om OHS på Wikipedia

26/4-16 – Bjørn Enes 

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.