Bergen: Kurs i minnesamling med video.

Memoar inviterer til kurs i minnesamling med video og bruk av intervjustudio i Bergen Bibliotek. Kurset vil handle om intervju – førebuing, gjennomføring og etterarbeid, avlevering til offentleg arkiv, internettpublisering, etikk og juss. Det vil vere praktisk lagt opp med stor vekt på at kvar deltakar skal få utvikla sine ferdigheter og gjennomføre minst eit minneopptak i løpet av dei fem vekene kurset pågår.

Det vert maksimalt ti deltakarar i kvar kursgruppe. Dei ti fyrste som melder seg vil få tilbod om å gjennomføre kurset på dagtid, kl 12-15 kvar torsdag frå 26/5 til 23/6.  Di ti neste vil få tilbod om å gjennomføre på kveldstid dei same dagane. Melder det seg fleire enn 20, må dei siste vente til hausten.

Det er laga ei kursbrosjyre som kan lastast ned her.  Både brosjyreteksten og ein meir detaljert kursplan finst på nettadressa http://kurs.memoar.no

Påmelding kan skje via Facebook , på kurs-nettsida eller med epost til post@memoar.no

Kursavgift er kr. 300,- for medlemmer i Memoar og kr. 600,- for andre.

(Alle som er samde i Memoar sitt formål om å «fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege  forteljingar om levd liv» er volkemne til å teikne medlemskap. For 2016 kostar det kr. 150,-

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.