Kulturrådet støttar Memoar si kursutvikling!

Ei veke før Memoar startar si fyrste kursgruppe i Bergen, kom gladmeldinga om at Kulturrådet støttar eit samarbeidsprosjekt mellom Memoar, Norsk etnologisk gransking (NEG, Folkemuseet) og Norsk folkeminnesamling (NFS, Universitetet i Oslo). Målsetjinga for samarbeidet er fomulert slik:
«Eit nytt kurs som kan brukast både av profesjonelle og frivillige. Det skal bygge på dei beste tradisjonane frå NEG, NFS og NLI og det skal hentast element med overføringsverdi frå det britiske Oral History Society. Kurset skal bidra til eit oppsving i arbeidet med og samling av munnleg kjeldemateriale i Noreg»



Pilot i Bergen
Den fyrste gruppa i Bergen ville ha starta uansett. Kursopplegget er førebudd gjennom å samanfatte eigne erfaringar og å «stele» element frå samarbeidspartnarane. Kursleiaren tok sjølv del i eit av Oral History Society sine introduksjonskurs tidlegare i vår. Men det at pilotkurset no kjem i forkant av arbeidet for å utvikle ein kursmal for både profesjonelle og frivillige i Noreg, gjer den fyrste gruppa ekstra spennande.
Ei veke før kursstart er det enno plass til tre deltakara. Påmeldingsskjema ligg nederst på kurssida http://kurs.memoar.no.
Bakgrunn for prosjektet:
Norsk etnografisk gransking (NEG) og Norsk Folkeminnesamling (NFS) har gode tradisjonar med å lage kurs for masterstudentar og forskarar. Norsk lokalhistorisk institutt har gode tradisjonar med tradisjonelt kjelde- og dokumentasjonsarbeid også for frivillige lokalhistorisk engasjerte.
Organisasjonen Memoar har definert som sitt formål å «fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv».
I januar 2016 opna Bergen Bibliotek etter initiativ frå Memoar eit intervjustudio som alle innbyggarar kan nytte, og Memoar har etablert ei mellombels arkivløysing for munnlege forteljingar i videoformat, i påvente av at Bergen Byarkiv skal bli i stand til å ta mot slikt materiale.
Neste punkt på planen i Bergen var å invitere frivillige og profesjonelle til kurs. Det var under arbeidet med å finne eit høveleg kurstilbod, at Memoar «oppdaga» at dei eksisterande kursopplegga manglar innretting både på minneopptak med video og på engasjering av frivillige utan særlege forkunnskapar. Eit slikt kursopplegg måtte lagast.
Prosjektgjennomføring:
  • Pilotgruppa i Bergen vert no trinn 1 i utviklingsarbeidet.
  • I måndaskiftet august – september vert det skipa til ein workshop i Oslo der nokre av dei som har mest erfaring med munnleg kjeldemateriale skal kome saman for å å utveksle erfaringar og meiningar.
  • Seinare i haust skal det gjennomførast ei studiereise til London for å utveksle erfaringar med Oral History Society. (Prosjektet har midler til to deltakarar, men me vil forsøke å utvide denne gruppa)
  • Basert på dess kjeldene, skal så Memoar skrive ut eit nytt kursprogram under rettleiing av samabeidspartnarane.
  • Og til sist skal det nye kurset gjennomførast eg evaluerast minst ein gong.
Planen er at den nye kursmalen skal vere ferdig før årsskiftet. Den vil bli «shareware» – alle som ynskjer han vil få han vederlagsfritt. For Memoar vil gjennomføring av nye kurs på den malen truleg bli ein viktig del av arbeidet framover.

Organisering:

Bjørn Enes vert prosjektleiar. Han er frilansjournalist med oral history-erfaring frå tidsvitneprosjektet «neveragain.no» i 2007-2009, ein serie dokumentarfilmar med erfaringshistorier om psykisk helse, industriminneprosjektet «Vendepunkt 1975» og prosjektet «Sjøfartsminner» – begge dei to siste i regi av Memoar og samarbeidspartnarar.
Line Esborg vert medlem av styringskomiteen. Ho er folklorist, fyrsteamanuensis ved UiO, og fagansvarleg ved Norsk Folkeminnesamling. Våren 2016 underviser ho mellom anna i emnet «Forteljing, tradisjon og kultur» ved UiO. Ho interesserer seg særleg for kulturhistorie, kulturarvsstudier og museologi, tradisjonsarkiv, kollektiv erindring, etnografi og feltarbeid.
Ingar Kaldal vert medlem av styringskomiteen. Han er historikar, professor ved NTNU. Han har arbeidd svært mykje med minnesamling og munnleg kjeldemateriale, særleg i samband med arbeidsliv og industri. Han er leiar for fagnettverket Arbeidsarven, og har hatt rolla som rettleiar både for inustri- og sjøfartsprosjektet til Memoar.
Audun Kjus vert medlem av styringskomiteen. Han er etnolog, fyrstekonservator ved Norsk folkemuseum og leiar av Norsk etnologisk gransking (NEG). Han interesserer seg særleg for arbeidet med å få etablert eit nasjonalt, tverrfagleg og tverrinstitusjonelt tradisjons- og minnearkiv med plass også for munnleg kjeldemateriale frå «folk flest».
Økonomi
Totalkostnadane for prosjektet er berekna til kr. 205.175,- Av dette var Kulturrådet invitert til å dekkje kr. 85.000,-, men løyvde berre kr. 70.000,- . Det betyr at i alt kr. 135.175 må dekkjast med andre midler og eller eigeninnsats i form av ubetalt prosjektarbeid. Prosjektet har dermed svært trang økonomi, men haldninga vår er at det uansett skal gjennomførast. Memoar sin strategi er å arbeide opp eit renommé for kvalitet og gjennomføringsevner gjennom å «overoppfylle» – i von om at det etter kvart vil gjere økonomien rommeligare.
Framdrift
Notisar om prosjektframdrifta vil bli publisert på bloggen Frandrift.Memoar.no.
Dokument som vert produserte, vil bli lagt ut på kurssida Kurs.Memoar.no.
Heile prosjektskildringa / søknaden kan lastast ned her 

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.