– og Bergen Kommune støttar kursutviklinga

Få dagar før starten av fyrste kurs, kom i går meldinga om at også Bergen Kommune støttar utviklinga av kurs i minnesamling med video. Søknaden er behandla innafor tilskotsordninga «Museer, kulturvernformidling, historie og kystkultur». Kommunen fekk ein søknad på kr. 31.500,- Vedtaket er ein stønad på litt under halvparten av dette – kr. 15.000,-

Pilot-kurset startar 26/5 i møterom 1, Bergen Bibliotek

Heilskapsvurdering: 
I tilsagnsbrevet heiter det at administrasjonen har vurdert om kursutviklinga har forankring i ABM planen for Bergen (Arkiv, bibliotek og museum), om ho har tilknytting til bergenske forhold, og bydekkande interesse. Dei har også vurdert prosjektet sin utviklingsverdi, søkaren sin kompetanse i forhold til prosjektet, plan for formidling og økonomisk gjennomførbarhet. Dei har og vurdert prosjektet i forhold til tilgjengelege kommunale midler på aktuelle tilskotsordningar.

Vurderinga konkluderer slik: «Prosjektet er godt og tilføyer frivillig kulturvern gode redskaper. Den er i tråd med ABM planens ønske om økt aktivitet og kompetanseløft. Søknadsbeløpet er for høyt som andel av totale utgifter i forhold til hva ordningen legger opp til. Det bevilges likevel en høyere andel enn vanlig siden dette er første søknad i det som planlegges som en serie, og er en del av en etableringsprosess.»

Konklusjonen er altså at prosjektet får ei støtte på kr. 15.000,-

Samkjøyring med det nasjonale utviklingsprosjektet
Dermed er Memoar i den lukkelege situasjon at me med få dagars mellomrom har fått ei løyving frå Kulturrådet (70.000 av omsøkte 85.000) og ei løyving frå Bergen Kommune (15.000 av 31.500) – Begge til utvikling av kurs. Det er jo inga motsetning mellom å utvikle eit kurs for lokale frivillege og eit kurs for både frivillige og profesjonelle som skal kunne brukast over heile landet. Det er difor anturleg å samkøyre desse to prosjekta, og dele alt som vert utvikla mellom dei.

Kort fortald vil det kunne gjerast med å «løfte» det lokale kurset som tek til i Bergen torsdag 26. mai til ein «pilot» i samband med det nasjonale prosjektet.

Oppdatert kursplan vil til ei kvar tid vere å finne på prosjektnettstaden http://kurs.memoar.no

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.