Fyrste kursgruppe har fullført

Den 26.mai møttest dei ti deltakarane i fyrste gruppe i Memoar sitt introduksjonskurs til minnesamling eller «oral history». 11 august fullførte fem av dei den femte og siste samlinga. Ei svært ressurssterk gruppe har gjort eit stort utviklingsarbeid som vil kome seinare grupper til gode.
Introduksjon
Alt på fyrste samling gjekk gruppa i Studio 1, intervjustudioet i Bergen hovedbibliotek. Alle fekk forsøke seg både som intervjuar og som forteljar, og alle fekk prøve kor enkelt det er å bruke 
Stuido 1 til opptak av munnleg historie. Det vart laga ein videoblogg av materialet som inntil vidare vil bli liggjande på Kurs.Memoar.no.
Under evalueringa i august, meinte fleire av deltakarane at denne «bråstarten» på praktisk intervjuarbeid hadde vore verdfull. Ein konklusjon for ettertida er at det nok bør vere meir av slikt praktisk prøving.
Minnekultur
Hovudsaken under andre samling var «historia om oral history». Kursleiar hadde laga ein presentasjon av utviklinga frå innsamling av «the Slave Narratives» (intervju med tidlegare slavar i dei amerikanske sørstatane), via «D-Day tapes» (intervju med soldatar som kom rett frå slagmarka i juni 1944) til det store mangfoldet av oral history-prosjekt som utvikla seg frå kassettspelarane gjorde lydopptakarar til allemannseige frå 1960-talet.
Denne historia vart også framheva under evalueringa. For fleire av deltakarane var dette nytt og ukjent stoff. Konklusjonen er nok at denne presentasjonen skal pussast yttarlegare opp til neste samling. (Alle presentasjonar med peikarar til bakgrunnsstoff ligg på Kurs.Memoar.no)
Minneforteljing
På tredje samling gjekk me frå makro til mikro: Tema var særtrekk, sterke og svake side ved sjølve minneforteljinga. Me såg på korleis videopptak kan dokumenterast på andre måtar enn transkribering, og me såg på systemet som Memoar har utvikla for å gjere videoane søkbare, arkivere og publisere dei og på ulike måtar som slikt stoff kan brukast på. Visjonen om eit offentleg norsk «minnearkiv» vart ein viktig del av denne samlinga.
Under evalueringa vart det påpeikt at det med fordel kunne ha vore meir praktisk arbeid med dokumentasjon, arkivering/attfinning og liknande under denne samlinga.
Intervjusituasjonen
Det same vart påpeika når det gjaldt samling fire. Det er gjort eit betydeleg arbeid for å summere opp erfaringar med det praktiske intervjuarbeidet, og det er produsert refleksjonar rundt rollefordelinga i studio, teknikk, etikk og om etterarbeidet. Men desse gjennomgangane vart for teoretiske i denne fyrste gruppa. For ettertida vil det nok vere betre å bruke kurstida til å arbeide saman med praktisk prøving av intervju og dokumentasjon.
Eit av dei viktigaste resultata av kurset var at deltakarane gjekk kritisk laus på avtaledokumentet som Memoar har utvikla. Hovudkritikken var at det var omfattande, komplisert og truleg litt skremmande for folk. På siste samling vart det fylgd opp med diskusjon om eit revidert dokument som truleg vil fungere mykje betre.
Korleis starte eit minnesamlingsprosjekt?
Mellom nest siste og siste samling låg ein sommarmånad der fleire av deltakarane hadde vore på arrangement om oral history i Storbritania og USA. Samlinga starta med «reiseskildringar» frå desse. Eit tydeleg fellesstrekk er at store volum av munnleg kjeldestoff kjem frå fokuserte / tematiske innsamlingsprosjekt eller organiserte innsamlingar av livsforteljingar (som i Storbritania sitt National Life Stories-prosjekt). Derfor høvde det svært godt at tema i siste samling nettopp var prosjektutvikling. Presentasjonen bygger på erfaringane frå Memoar sine fyrste prosjekt (industri, sjøfart, motkultur og Bergensminne) og på kursleiaren sine tidlegare erfaringar mellom anna frå tidsvitneprosjektet (2005-2009) og prosjekt i helsevesenet (2010-2014).
Vidare utviklingsarbeid
Erfaringane frå denne fyrste kursgruppa vert nå ført vidare i ei arbeidsgruppe der Memoar, Norsk etnologisk gransking og Folkeminnesamlinga skal samarbeide om ein kursmal for arbeid med munnleg historie for både frivillige og profesjonelle. Fyrste ledd i den prosessen er ein workshop hos Folkeminnesamlinga sist i august.
Sjå meir om kursutviklinga på Kurs.Memoar.no
Meld interesse for å delta på neste kurs med ein epost til kurs@memoar.no

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.