Sjøfartsprosjektet: Intervjuserien held fram

Sjøfartsmuseet, Memoar og Skipperforeningen vil vidareføre samarbeidet om å samle munnleg dokumentasjon om nyare maritim historie. Det er hovudkonklusjonen etter at styringskomiteen i prosjektet var samla den 25. august for å drøfte planar for hausten og vinteren 2016-2017.

.
Dessverre må arbeidet framleis gå på sparefart, for med unntak av ei løyving på 13.800 kr frå SeaTrans, har det ikkje lukkast å finne finansiering for arbeidet. Omfanget må difor betemmast av kor mykje ufakturert arbeidstid som Memoar kan legge inn. Bjørn Enes har lova å setje av 140 timar mellom no og juni 2017, noko som tilsvarer 10 nye dokumenterte opptak.
Meir variert opptaksform:
Dei ti fyrste intervjua vart alle gjort «på dekk» i museet med adgang for publikum. Det var stort sett vellukka, men det ekskluderte forteljarar som ikkje var komfortable med å ha tilskodarar under intervjuet. (Sume likar det – andre kan ikkje tenkje seg det). Difor løyser me opp på den forma: I haust vil dei ulike forteljarane kunne velgje om dei vil gjere opptaket på dekk med publikum eller på tomannshand med Bjørn Enes i studio på Bergen Bibliotek.
Publikum vil likevel få sitt, for tanken er at dei sundagane me ikkje har opptak i museet, vil tidlegare opptak gå i loop i foredragssalen.  Nærare informasjonar kjem etterkvart på  Sjofart.Memoar.no 
Panelsamtalar:
Me vil også forsøke ein annan intervjuform der to eller tre forteljarar samtalar med ein intervjuar om eit bestemt tema der forteljarane er fyrstehands kjelder. Tema og deltakarar er ikkje bestemt, men me har to idear som me vil arbeide vidare meg – og gjerne tek imot tips om. Det eine er mennesket, reiaren og organisasjonen Ellen Forland. Det andre er Hilmar Reksten. Begge desse personane og reiarlaga er sentrale deler av nyare maritim historie på Vestlandet og viktige å samle munnleg dokumentasjon om. Styringskomiteen ser føre seg at begge desse samtalane bør gå med publikum – kanhende som tysdagsforedrag på museet.
Kortforteljingar til utstillingsbruk:
Starten på sesongen vil få endå en ny variant. Sundag 18. september er Venneforeningen invitert til å stille forteljarar ved skipsmodellar og andre utstillingsobjekt som dei har personleg erfaring frå. Så sant Venneforenignen og forteljarane går med på det, vil Bjørn Enes denne dagen gå rundt med kamera og gjere korte intervju om opplevingar knytta til gjenstandar i museet. Tanken er å prøva ut om slike kortforteljingar seinare kan brukast som element i sjølve utstillinga
«Internasjonalisering»:
Viss nokre av forteljarane den 18/9 synes det er OK å bli intervjua også på engelsk, vil me gjerne gjere det. Museet har mykje besøk av utlendingar, særleg i sommarsesongen, og vil kunne ha stor bruk for engelskspråklege forteljingar. I
Det er også eit anna internasjonalt perspektiv som må inn i planane – i alle fall på sikt: Norske skip (og oljeinstallasjonar) har alltid hatt større og minde innslag av utanlandske mannskap og offiserar. Denne delen av historia trengst og å dokumenterast med munnlege kjelder. Me vil gjerne ha tips om utanlandske sjøfolk som har slått seg ned i Bergensområdet. På sikt bør det også vere aktuelt å få til ei eller fleire «innsamlingsreiser» for å gjere intervjuopptak f.eks. på Fillipinene, i Spania, India osb.
Bruk av munnleg kjeldestoff.
Til no har alle forteljarane delt dei ferdig dokumenterte opptaka på internett. Dette gjer at mykje verdfullt materiale er tilgjengeleg, og bruksstatistikkane viser at det er betydeleg interesse for stoffet. Men timelange intervju er eit vanskeleg format. Denne vinteren ynskjer me også å forsøke andre måtar å bruke det delte materialet på. Ein ting kan – som nevnt over – vere korte utdrag av intervju som deler av utstillinga i museet. Ein annan ting kan vere samanknytting av intervjusamlinga med andre dokumentasjonsbasar. Dette vil også bli eit arbeidsfelt komande vinter.
Opptrapping?
Planane og visjonane er altså ganske mange hakk større enn ressursane så langt. Memoar tek sikte på å søke Neptunstiftelsen om økonomisk støtte til ei opptrapping av arbeidet. Me vil også halde fram med å søke andre offentlige og private kjelder.
I tillegg etterlyser me fleire frivillige – både til hjelp med det organisatoriske og det kunnskapsmessige, og ikkje minst til gjennomføring av intervju og dokumentajsonsarbeid. Memoar arrangerer jevnlig kurs for folk som ynskjer å begynne som intervjuar og / eller med dokumentasjonsarbeid (sjå nettsida kurs.memoar.no). Har dette interesse, så ta kontakt!
Bjørn Enes – post@memoar.no
+47-41516745 

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.