10.9.16: Krigsminneprosjekt startar opp på dugnad

Hausten 2016  tek Memoar opp att eit arbeid som to av initiativtakarane til organisasjonen dreiv på med for fleire år sidan: Innsamling og tilgjengleggjering av munnleg historie frå krigsåra 1939-1945.
Jostein Saakvitne arbeidde i ei rekke prosjekt saman med andre ved Mediesenteret på Høgskolen i Bergen og på Universitetet i Bergen. I tillegg samabeidde han med andre private minnesamlarar, mellom anna Jan Eidi i prosjektet “Norgesdokumentasjon” på 1990 – talet.
Bjørn Enes arbeidde saman med Stiftelsen arkivet og ei rekkje freds- og menneskerettssentra i prosjektet Neveragain.no. Også han hadde kontakt med Jan Eidi, og gav på slutten av Eidi sitt liv eit løfte om å arbeide for å få tilgjengleggjort dei 450 intervjua som vart samla gjennom Norgesdokumentasjon. 
Då Memoar starta opp sine innsamlingsprosjekt av munnlege historiar i 2015, viste det seg snart at det framleis er aktuelt å samle minner frå krigsåra. Dei aller fleste primærkjeldene frå sjølve dei historiske hendingane er no borte. Men på same tid har opplevingane til den generasjonen som var born i krigsåra fått ny aktualitet for mange av dei som er 75+ i dag.
Start i Nordhordland 
I august 2016 starta digitalisering og publisering av opptak som Saakvitne og Eidi gjorde i åra 1998-99. I fyrste omgang har me prioritert motstandsfolk i Radøy, Meland og Lindås kommunar. Biblioteket i Radøy har hatt desse opptaka tilgjengelege for utlån på VHS-kassettar, men dei er no ganske slitne og mange brukarar har ikkje lenger utstyr til å spele av VHS. Memoar vil no digitalisere og legge ut på nett ein serie av desse opptaka. 
Me har invitert biblioteket på Radøy til samarbeid om eit  ope møte når alt er klargjort. Truleg vil me då kombinere lanseringa av dei gamle opptaka med nye intervju – kan hende med etterkomarane til dei som fortel på opptaka frå 1998.
Dugnad
Til no har det ikkje lukkast å finne finansiering til å kunne gjere digitaliserings- og dokumentasjonsarbeidet på arbeidstid. Det startar derfor opp som eit stort dugnadsprosjekt. Du finn detaljar om korleis du kan bli med på dugnaden her: Dugnad.memoar.no. Ta kontakt med post@memoar.no  dersom du kan bruke nokre ettermiddagar på dette arbeidet! 
Når me er ferdige med opptaka frå Nordhordland, vil me gjerne starte andre lokale samarbeidssprosjekt. I materialet etter Norgesdokumentasjon er det interessante samlingar av opptak frå andre kommunar og grupper. Me vil prioritere dei områda og gruppene der andre melder interesse for samarbeid. Aktuelle samarbeidspartnarar er bibliotek, museum, lokalarkiv, historielag og andre frivillige organisasjonar eller bedrifter. 
Ta gjerne kontakt med Memoar – post@memoar.no – for å drøfte slikt samarbeid! 

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.