Bli med på studiereise til Cork Folklore Project!

I 1996 starta eit samarbeid mellom universitet, næringsliv, frivillige, velferdsetatane og kulturadministrasjonen i Cork, sør i Irland. Det vart organisert som eit ikkje-kommersielt forskings- og oralhistorisk arkiv med materiale samla inn av, frå og om lokalsamfunnet i Cork.
http://www.ucc.ie/en/cfp/
No har prosjektet levd i tjue år, og på nettsida si oppsummerer dei resultata slik:
  • Dei har bygd opp eit lokalarkiv med hundrevis av timar med lyd- og videoopptak av «ordinary and extraordinary life stories» og over 5000 fotografi. Arkivet er gratis tilgjengeleg for enkeltpersonar, grupper, skular og forskarar.
  • Formidlingsmagasinet «The Archive» som går til alle i Cork ein gong i året
  • Formidlingskartet Cork Memory Map, der folk sine eigne munnlege forteljingar er fomidla gjennom eit bykart (ein kan vandre rundt i Cork og få lokale folk sine forteljingar om dei delane av byen der ein går)
  • Ein stab på 48 trente intervjuarar
  • I tillegg har dei bygd opp eit apparat for arbeidsmarknadstiltak der meir enn 90 personar har fått trening i databruk, oral history-intervju, research, fotografering, video- og lydopptak, arkiveringsmetodar, publiseringsarbeid mm,
Bli med til Cork!
Sett frå Memoar sin synsvinkel, har alle desse delprosjekta overføringsverdi til norske forhold. Det er derfor Cork er vald som mål for ei studiereise i november 2016. Reisa er ein del av kursutviklingsprosjektettil Memoar. Men erfaringane frå Cork er så interessante at dei burde ha interesse for ei vidare gruppe.
I utgangspunktet skal desse reise:
  • Bjørn Enes, frilansjournalist, leiar av Memoar
  • Audun Kjus, fyrstekonservator ved Folkemuseet, leiar av Norsk etnologisk gransking
  • Line Esborg, fyrsteamanuensis, leiar av Norsk Folkeminnesamling
Reisa er planlagt til november. Dato vert fastsett med et fyrste – me ventar forslag frå Cork.
Memoar har dessverre ikkje økonomi til å tilby dekkjing av reisekostnadane til Cork. Men dersom institusjonar, organisasjonar eller enkeltpersonar med interesse for minnesamling, munnleg historie, lokalhistorie og -kultur ser seg råd til det, er dei hjarteleg velkomne til å henge seg på.
Meir informasjon: post@memoar.no

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.