13/9-16: Ein konferanse om minnekultur og munnleg historie i Noreg?

I dag, 12/9-16, har Haci Akman, Ada Freng og Bjørn Enes vore på Chaos Kafe i Bergen og «idéstorma» om ein fyrste norsk eller skandinavisk konferanse om minnekultur og munnleg historie for både fagmiljø og frivllige entusiastar. Diskusjonen tok ganske raskt oppatt eitt av dei spørsmåla som vart ståande att etter arbeidsmøtet «Trengst det ei revaluering av munnleg historie i Noreg?» (Oslo 29/8-16).

Forteljaren» – Giovanni Domenico Tiepolo)

«Kva er dei store forteljingane om vår tid?»
Det var Ingar Kaldal som reiste det, eller tilpassa det for norske tilhøve etter den måten hans kanadiske kollega Alexander Freund reiste det i artikkelen «Oral history in a neoliberal age» (2015).
Veldig kort fortald argumenterte Kaldal omlag slik: Den store  arbeidarminneinnsamlinga frå 1950-talet vart så stor og mangfaldig av di forteljarane såg sine historier som deler av den store forteljinga om industrialiseringa, moderniseringa og gjenoppbygginga av Noreg. I dag er der personlege forteljingane individualiserte. Ein kan skulde på postmodernismen eller på nyliberalismen, men det er i alle fall eit relevant spørsmål om det må byggjast nye (store) forteljingar. Det er truleg ein nær samanheng mellom å historisera folk sine forteljingar og å skape motivasjon for å fortelje og for å drive minnesamling.

«Historie nedanfrå»:
Resonnementet minner meg om korleis den britiske oral history-rørsla sidan starten har fokusert på prosessane med å skape historie nedanfrå («history from below«): Munnleg historie er å skape kjeldegrunnlag for historia frå lågare samfunnsklassar og marginaliserte grupper slik at dei kan bli inkorporert i det lærde narrativet – eller historisert.
Slik praten gjekk på Kafe Chaos vart dette ståande som eit godt utgangspunkt for ein fyrste nasjonal konferanse i Noreg – eller i Skandinavia. Ein idé var at Ingar Kaldal kan inviterast til å halde eit innleiingsforedrag – kanhende med akkurat den tittelen: «Kor er dei store forteljingane om vår tid?» Ein annan idé var å invitere Jan Kjærstad, som jo har markert seg med akkurat dette spørsmålet.

Migrasjonsforteljinga
Det kan ikkje vere tvil om at ei av dei historiske særtrekka ved «vår tid» – (f.eks. åra etter 1975) – er migrasjonen. Der eksisterer nokre utkast til monster-forteljingar, «Eurabia»-forteljinga, «snikislamiseringa» og forteljinga om «velferdsflyktningane». Men er ikkje eit grunntrekk ved dei «store forteljingane» at dei handlar om endringar slik at det er positivt og ærerikt å ha vore med på dei -i alle fall for nokon? Kor er den slags forteljingar om migrasjonen i vår tid? Kva er motstykket til «Grapes of wrath» eller Wilhelm Mobergs «Utvandrarna» eller dei titusen forteljingane om «onkelen i Amerika» som er den folkelege minnevarianten som i alle fall eg har vakse opp med?
Ho kjem til å kome, frå ein ukjend forfattar, filmskapar eller annan kunstnar som ein dag «treff» den nerva som går gjennom veven av millionar personlege minner. Det kan vere nettopp subjektiviteten og individualiseringa som held henne tilbake. Det kan vere at samling og deling av munnlege livsforteljingar frå våre dagars «migrant people» kan framskunde den store forteljinga?

Forteljinga om arbeidet
Frå 1750 til 1975 steig talet industriarbeidarar. Landet vart modernisert, industrialisert, urbanisert, rasjonalisert – men så snudde det brått, i alle fall på sysselsetjingsstatistikkane. Forteljinga om «Vi som bygde landet» vart avrunda og konkludert. Men kva hende så? Kor er den store forteljinga om arbeidet etter 1975? Personleg er eg svært oppteken av dette spørsmålet. Eg har fått vere med å starte opp to innsamlingar av munnlege minner om endringar i arbeidslivet – ei frå industrifolk og ei frå sjøfolk – og eg er sikker på at det må samlast hundrevis av nye før lageret av kjeldemateriale er «tilstrekkeleg» til å kunne historisera dei.

Forteljinga om lokalsamfunn?
Alle me tre var jo også involverte i tankeprosessane rundt lokal identitet i bydelen Møhlenpris i Bergen, der Memoar, sportsklubben Djerv og skulen utviklar ei innsamling av munnleg historie. Fyrste tanken der var jo å samle minnene til dei som var born der på 1920, -30 og 40-tal. Men berre reisverk står att etter dei tidene. Er ikkje minneforteljingar frå Somalia, Kurdistan og Polen minst like relevante for å kunne historisera forteljinga om Møhlenpris i dag?

Konferanseideen – Ver. 0,1:
Og ut av desse refleksjonane kom så fyrste nølande versjon av ideen om ein konferanse:

  • Ein generell invitasjon til enkeltpersonar og fagmiljø innan arkiv, bibliotek, museum, universitet/forsking, kulturbyråkrati og -politikk og ikkje minst: Frivillige historie- og kulturorganisasjonar og entusiastar.
  • Ein konferanse i april/mai 2017 Dag 1: Start ein torsdag?) ettermiddag omlag kl 17:00 med opning og eit innleinade hovudforedragmed tittelen «Kor er dei store fotteljingane om vår tid?»Velkomstarrangement om kveldenDag to – Inntil fem foredrag og ein plenumssamtale om minnekultur og munnleg historie. Aktuelle tema: Forteljingar om migrasjon – Forteljingar om arbeid Forteljingar om stad – – Dokumentasjon av forteljingar Arkivering av munnleg historie – Finansiering av minnekultur Kulturarrangement om kvelden – «Forteljarkunst og minnekultur i praksis»Dag 3: Paralellseminar – basert på responsen etter eit call for papers: Eit forsøk på å samle pågåande dokumentasjons- og forskingsprosjekt innan minnekultur og munnleg historie i Skandinavia.
    • Avsluttande plenum: Oppsummering. kva er utfordringane framover for ei styrking av arbeidet med minnekultur og munnleg historie i Noreg / Skandinavia?

Vidare utvikling:
Med dette er initiativet tatt og ideen lansert. Målgruppe 1 for denne teksten ar Haci, Ada og meg sjølv. Etter å ha tatt inn tilbakemeldingar / endringar / tillegg frå dykk (i løpet av dagen?) sender eg det til dei andre deltakarane i arbeidsmøtet 29/8 – og kort etter det legg eg det ut på Memoar sin blogg (Framdrift.Memoar.no)

Heilt til slutt – ein idé om namn på konferansen:
Ein forteljar (Vassenden) nytta ordet «slunkabol«. Det tyder ein provisorisk overnattingsstad, samansett av «slunka» (gå tungt og dove) og «bol» (uflidd leie – men og bustad/samlingstad som «vepsebol» eller «ormebol»). Så kom ideen: MIMRABOL – namn på konferansen.

Å mimra var å «røre leppene uvilkårleg og raskt» (Nynorskordboka) – men har blitt synonymt med å minnast. Altså – to uærbødige ord sette saman til eit nyord som tyder ein stad å kome saman i eit bol for å «mimra». Mimrabol 2017http://www.mimrabol.no/2017. Kva synest de?

12/9-16 – Bjørn Enes 

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.