Sundag 18. september 2016 vart ein spesiell dag på Bergens Sjøfartsmuseum. Det var «Venneforeningens dag». Tolv av medlemmene i museet si venneforeining hadde tatt oppstilling ved gjenstandar i utstillinga som dei hadde sjølvopplevde forteljingar om. Memoar var der for å gjere eit eksperiment. No kan du sjølv ta del i eksperimentet:
Ta mobiltelefonen din og ta eit bilete av QR-koden over.
- Viss du har ein ganske ny telefon, vil den av seg sjølv ta til å spele av ein video.
- Viss ingenting hender, må du sjå etter om du har ein såkalla app som heiter QR-reader eller noko liknande, starte den – og så la kameraet sjå koden.
Har du ikkje ein slik «app», er det ein god idé å laste han ned frå Google Play eller App Store. Er slik nedlasting ei uvand øving, så få eit barnebarn til å gjere det – for dei er det ofte daglegdags 🙂
Ideen
Det er ikkje berre å leike seg med elektroniske dubbedittar som er poenget med dette. Eksperimentet går fyrst og fremst ut på å sjå om sjøfolk sine eigne forteljingar bokstaveleg talt kan «hengjast på» montrane i utstillinga, slik at besøkande til museet via sin eigen mobiltelefon kan hente «levande forteljingar» frå fyrstehandskjelder om livet ombord i båtar som er modellerte eller andre gjenstandar i utstillingane.
Bjørn Enes frå Memoar gjekk rundt i utstillinga på Venneforeningens dag og samla kortforteljingar som no vil bli redigert og lagt ut på ei eiga nettside i «Memoarfamilien» (adressa vert Bergens.Sjofartsmuseum.Memoar.no). Videoane vil vere frå eitt til tre minutt lange. I tillegg vil det bli peikarar til meir informasjon om temaet i kortforteljinga. Og så vil det ligge bilete av QR-kodane til videoar og tilleggsinformasjonar der.
Utstillingseksperiment:
Viss Sjøfartsmuseet så likar ideen, vil dei kunne skrive ut QR-kodane og henge dei opp ved installasjonane som forteljinga handlar om. Når publikum kjem til museet, kan dei få ei kort orientering om dette «ekstratilbodet» – og så vil dei kunne gå rundt i museet og få «levande sjøfolk» sine forteljingar rett inn i sin eigen mobiltelefon (eller nettbrett) når dei står framfor gjenstandane forteljinga handlar om.
Viss dette viser seg å vere eit tilbod som interesserer besøkande, vert det eit tilleggsargument for å samle forteljingar i all framtid. Saman med dei timelange djupintervjua på Sjofart.Memoar.no, kan desse kortforteljinga synleggjere at forteljngar om levd liv også er viktige i formidlinga av sjøfartshistoria.
(Skulle du ikkje få til din del av eksperimentet, så kan me avsløre at den fyrste videoen frå «Venneforeningens dag» er Per Gustav Steimler si forteljing om redningsdåden i januar 1938, då mannsapet på «Venus» berga heile besetninga på «Trym». Her får du forteljinga likevel – og så kan du heller teste denne:

