I løpet av 200 år samla Naturhistorsk Museum inn åtte millionar artsobservasjonar om planter, dyr og soppar i Noreg. Så starta dei ein kunnskapsdugnad – og i løpet av få år auka talet på observasjonar til 23 millionar. No er kunnskapsdugnad eit diskusjonstema i alle seriøse fagmiljø.
Dette er ikkje eit spesielt norsk fenomen. «Citizen Science«(borgarvitskap) og «Citizenhuamnities«(borgar-humaniora) er oppstått i USA og har forplanta seg til Europa. Begge kontinent har etablert sine associations, conferenses og journals, og aktiviteten er høg, for erfaringane er eintydige: Ved å involvere frivillige, amatørar, entuasiastar, praktikarar eller kva ein så vil kalle dei, kan vitskaplege fagmiljø mangedoble kunnskapsproduksjonen.
Fuglekikkarane
Forklaringa på den enorme produksjonsauken til naturhistorisk Museum er ni frivillige miljøorganisasjonar. Den største er Norsk ornitologisk forening (Birdlife.no). Foreininga vart stifta i 1957, har 9.100 medlemmer og ti tilsette. Dei forklarar seg sjølve slik: «NOF står for en linje hvor vi gjennom dokumentasjon av faktiske forhold forsøker å påvirke utviklingen til fuglenes beste.»
Fram til nyordet Citizen Science vart importert og forsøksvis omsett til «kunnskapsdugnad», har fagmiljøa vore skeptiske til fuglekikkarar og liknande «amatørvitskap». Men så tok amerikanske romforskarar til med å leggja ut titusenvis av bilete frå romteleskop på nett, med oppmoding til publikum om å studere dei og rapportera eventuelle ukjende galaksar, planeter eller anna. Resultatet vart at romforskarane kunne konsentrere sine studier om bilete som faktisk hadde noko å studere, mellom tusenvis av bilete som berre viste det same som før.
Ein naturvitskapleg jålebukk kan lett distansere seg frå fuglekikking. Men ikkje frå romforsking.
Sjøfartsforteljingar
Ein historikar eller spåkforskar treng ikkje den same respekten for astronomi. Det er kanhende ei medverkande årsak til at dei humanistiske vitskapane heng etter når det gjeld å ta i bruk frivillige ressursar som i dag berre er ei twittermelding unna.
Eit unntak er Sjøfartsmuseet i Bergen. Der har det vesle fagmiljøet teke fatt på å fylle opp eit stort hol i kjeldegrunnlaget for nyare sjøfartshistorie med hjelp av frivillige ressursar. «Holet» er ubalansen i det skriftlege kjeldematerialet, der reiar- og myndigheitskjelder er veldokumenterte, medan dei sjøfarande sine liv og perspektiv knapt er dokumenterte i anna enn loggbøker og lasterapportar.
Sidan hausten 2015 har Sjøfartsmuseet i samarbeid med dei frivillige organisasjonane Memoar og Bergens Skipperforening, samla munnlege forteljingar frå sjøfolk med fartstid i perioden 1945 til idag. Konkret går det ut på å gjere videoopptak av livshistorieintervju. Nokre er gjort i museet med publikum til stade, andre er gjort på tomannshand i eit nytt intervjustudio som er etablert i samarbeid mellom Memoar og Bergen Bibliotek. Etter opptak vert kvart intervju dokumentert med stikkord og tidskodar, før dei vert avleverte til museet og – etter kvart – offentleg arkiv. Når forteljarane ynskjer det, vert dei dokumenterte opptaka også publiserte på nettsida www.memoar.no
«Citizen Science»
Eit seminar i forskingsparken på Blindern 22. og 23. september i år markerte starten på diskursen om citizen science i Noreg. Den fransk-kanadiske kommunikasjonsprofessoren Bernard Schiele starta med ei teoretisk analyse av kvifor citizen science er blitt mogleg no, og korleis det er del av eit kulturskifte i tilhøvet mellom ekspertise og det «allminnelege publikum». For han var «demokratisering av forskinga» ei meiningsfull forklaring, medan neste forelesar Dick Kasperowski frå Gøteborg Universitet analyserte fenomenet meir kritisk: Essensen er «berre» at ressurskrevjande rutinearbeid – som f.eks. artsobservasjonar – vert sett ut til frivillig gratisarbeid. Sjølve forskinga, formuleringa av forskinsspørsmål, vurderinga av kjeldematerialet og formuleringa av dei vitskaplege konklusjonane – er framleis like eksklusivt for forskarane.
Erfaringane frå Sjøfartsprosjektet i Bergen rimer best med Schiele sitt bilete. Etter eitt år der alt innsamlings-, dokumentasjons- og publiseringsarbeid har foregått på frivillig basis, er ei rekkje utkast til forskingsspørsmål formulerte ut frå det munnlege materialet.
Kor er historikarane?
For eksempel: I tre kvart hundreår var telegrafisten ein nøkkelperson (bokstaveleg talt!) ombord i alle skip. Ho/han var resultat av ein kommunikasjonsrevolusjon (radiotelegrafien rundt 1900) – og offer for neste (telex over satelitt rundt 1975). Såvidt eg kan sjå har enno ikkje nokon historikar interessert seg for forteljinga om telegrafisten og teknologiane, organiseringa og kulturane rundt henne/han, og om få år vil alle dei munnlege kjeldene til denne historia vere borte. Då vert det vanskeleg å forske på dette.
Andre døme er containerrevolusjonen, sjøfarten si betyding for utviklinga av verdsbilete og interkulturell kommunikasjon i Noreg, den munnlege Nordsjøhistoria, sjøgutane sin plass i etterkrigstidas kulturhistorie – berre for å nemne noko.
Tre spørsmål:
Sett frå mi og Memoar si side, stiller importen av nyordet Citizen Science tre spørsmål skarpt:
-
Kor er historikarane si interesse for veksten i det frivillige engasjementet for å samle inn, dokumentere og arkivere munnleg historie i Noreg?
-
Kor er arkivverket si interesse for å kunne ta imot, arkivere og tilgjengeleggjere munnleg historie i form av dokumenterte videoopptak? (I dag må desse filane lagrast privat i påvente av ei offentleg arkiveringsløysing)
-
Sjølv om kunnskapsdugnad i all hovudsak er frivillig arbeid, er det ikkje mogleg å få til i stor skala utan eit minimum at stillingsressursar og økonomi. Kor er finansieringsordningane der det kan søkjast støtte til kunnskapsdugnad innan f.eks. sjøfartshistorie?
2 Comments