Sluttrapport – Forprosjekt SMH

Korona-lærdomen

Akkurat når vi tar til med å skriva denne sluttrapporten, får eit influensavirus Noreg og resten av verda til å stenge ned. Brått er vi der igjen: I Historia.

(Foto: Universitetssykehuset i NordNorge)

Om eitt år, og fem år, og tjue år, og hundre år kjem folk til å spørja kvarandre: Kvifor samla dei så få forteljingar då det sto på? 

Det vil finnast timevis med avisutklipp,  radio- og TVopptak om kor mange smitta og kor mange døde – frå dag til dag og land til land. Me blir aldri trøytte av å høyra siste nytt om dette i dag. Men ettertida vil ha nok med ein ein enkel graf eller tabell. 

Det vil finnast bøker, sjølvsagt, romanar og poesi, men dei vil truleg bli skrivne minst tjue år seinare, og dei vil bruke pandemien til å forstå noko som har med bokas tid å gjera – ikkje denne. 

Vil det finnast forteljingar om tilliten til  og tvilen på tiltaka, angsten for smitte, aggresjonen, brakkesjuka? Om å døy aleine på eit isolat medan sjukepleiarar jobbar livet av seg og dei næraste berre får fylgja med på bildetelefon? 

Eller forteljingar om forsøk på å leve og å jobbe på nye måtar – og aha-opplevingar over ting som berre raringar hadde tenkt på før?  Vil det finnast fyrstehands beretningar om kjærleik og einsemd i Koronaens tid? 

For all del – mange tenkjer framover. Norsk Folkemuseum og Teknisk Museum har laga spørjelister som dei ber folk skriva svar på. Bergen Borgerscene ber folk dela forteljingar som kan bli teater. Og ved tusen kjøkkenbord er det vel framleis nokre som nyttar dei uventa heimedagane til dagboksnotat.

Men her finst ikkje noko beredskapssenter som samlar dei umiddelbare, munnlege forteljingane,   frå folk som ikkje synest dei kan eller vil skriva. 

Journalistane er jo på jobb, og dei gjer jobben framifrå. Men journalistar skriv og intervjuar for dagen i dag og avisa i morgon. Dei skal ha svar spørsmål som brenn nå. Dei skal ikkje ha forteljingar og refleksjonar. Derfor får framtida rikeleg med svar på eit smalt spekter av spørsmål – men knapt med kjeldemateriale om korleis det var for alle dei som ikkje kom i avisa eller på TV. 

Memoar prøver å samla. Men vi må vedgå at heller ikkje vi var klare for dette. Då studio blei stengt og restriksjonar innførte mot å gå heim til folk – då vart me brått handlingslamma. Og med ein stab på heimekontor, fulle av rastlause ungar og irritable medstudentar – tar det tid å finna og gjennomføre idéar om nye måtar å jobbe på.  

Det var nettopp behovet for ei beredskapsgruppe som starta diskusjonen om eit Senter for munnleg historie. Moss By- og industrimuseum sette eit eksempel då dei rykka ut og dokumenterte dei siste produksjonsdagane då Petersons papirfabrikk i Moss  gjekk konkurs i 2013, då “Mosselukta” vart borte og ein del av byens identitet vart demontert og selt til Kina. 

Ein stad i landet bør det finnast ein beredskap for å samla forteljingar akkurat når store, historiske ting hender. Eit utrykkingsteam. Eit “minnehelikopter”!  For 

forteljingane endrar seg frå dag til dag  når det historiske hjulet svingar så fort som nå.. Å dokumentera korleis kan vera livsviktig kunnskap for framtida. For den neste pandemien kan bli mykje meir alvorleg enn “a little flu”, som Brasils president Jair Bolsenaro kallar det. 

Dette forprosjektet starta etter eit idémøte hos dåverande byråd Julie Andersland i januar 2019. Memoar blei oppmoda om å ta hovudansvar for å utvikla eit konkret forslag til eit tverrfagleg senter for munnleg historie i Bergen. Om det skulle vera lokalt, regionalt eller nasjonalt var ope. I sluttrapporten vil vi gi eit oversyn over det arbeidet som er gjort, og dei konklusjonane vi har kome fram til. Siste punkt er ei skisse av eit oppfylgjande hovudprosjekt.

Arbeidet har blitt leia av Bjørn Enes, frå Memoar. Efraim Kanestrøm og Barbro Matre frå Memoar har tatt del i ulike delar av prosessen, og i tillegg har ein “tenkjetank” vore samla tre gonger. Der har også Hannah Gillow-Kloster, (Universitetsbiblioteket og Skeivt Arkiv), Gry Bang-Andersen (Museum Vest/Sjøfartsmuseet), Line Førre Grønstad (UiB/Kulturvitskap) og Oddvar Skre frå Fana Historielag tatt del.

Slik kan Senter for munnleg historie sjå ut:

Det siste møtet i tenkjetanken vart gjennomført den 30. september i fjor. Der blei prosjektet så langt oppsummert, og denne visjonen om korleis senteret kan sjå ut skapt: 

(Visjonen er publisert før – under same bildet av Nygård skole i Bergen)

Mottak:

Du kjem inn i eit rom med kafébord og enkel servering, der det summar av stemmer: Ivrige folk i alle aldrar sit rundt borda. Ingrid ungdomsskuleelev  og bestefaren hennar sit og ventar på tur – dei har time i Studio 4 for å laga julepresang til mellomgenerasjonen. Bestefar skal fortelja om den gong han var hippie og reiste til India for å læra meditasjon. Ingen i generasjonen mellom dei veit noko særleg om det – dei har aldri spurd. Men det har Ingrid.

Ved nabobordet sit forskar Fredrik og strekar med markeringspenn i utskrifta som viser treff på «harpunteknikk» i alle dei kulturhistoriske arkiva pluss Memoar. Han skal halda ei førelesing om Taylorisme i internasjonal kvalfangst, og treng dokumentasjon på kor lang tid det tok frå skyttarane sette ord på eit problem til det vart fanga opp av leiinga i reiarlaget.

Bortafor der att sit Lilli og Bård frå Sjøfartsmuseet saman med Per Gustav frå Skipperforeningen og oppsummerar resultatet av maskintelegraf-innsamlinga. I to veker har det stått ein maskintelegraf i Monter 6. Der har også vore ein  automat som har stilt tre spørsmål til alle som har trykt på knappen for å svara: «Forklar kva du ser i monteren?» «Fortel om fyrste gong du sjølv brukte ein slik?» og «Fortel den historia du hugsar best om ein slik?» – «Har du lyst å fortelja meir? – Trykk på ein ledig intervjutime eller sei telefonnummeret me kan nå deg på». Det har kome åtte svar – dei skal plukka ut eit eller to svar som skal brukast i museet, der maskintelegrafen skal stillast ut.

Ved disken står Solrun og Tina frå Vestnorsk Teater og fortel entusiastisk til Jørgen frå Rusten Spiker Film om den einaste landinga som nokon gong skjedde på flystripa på Landås. Dei har kome over historia i Memoar si bydelssamling, men får ikkje brukt henne i produksjonen dei held på med, så dei delar gjerne tipset.

Skranken:

Det er Barbro frå Memoar som har vakt i skranken i dag. Ho sit i telefonen og snakkar med nokon i Varanger som spør etter munnlege kjelder om beiterettar på austsida av ein ås som ho må be dei stave namnet på – på både samisk og  norsk. Materialet finst, men det er sperra og dei må søke innsyn. Det tar tid – køen veks, og Bjørn André frå Skeivt Arkiv må riva seg laus frå dokumentasjonsarbeidet sitt ved bakvakt-maskinen. Skranken skal både ta seg av telefonar og e-post frå heile landet om dei store kulturhistoriske arkiva (deriblant Norsk Folkeminnesamling, Norsk etnologisk gransking, Etno-folkloristisk arkiv, arkivet tilhøyrande den Samiske samlinga ved Tromsø Museum og Skeivt Arkiv) – samtidig som dei skal hjelpa dei som dukkar opp på Senteret.

Bokhandelen:

Rett ved sida av skranken finst ei stor samling av memoarlitteratur, mange av bøkene er publiserte av senteret sitt eige forlag. Det er ein «interaktiv forlag» som hjelper skrivande personar, organisasjonar og verksemder med sjølvpublisering av minnelitteratur, formidling, netthandel og altså denne bokhandelen der folk kan bla i fysiske bøker om levd liv.

Lyttesalen:

«Lesesalen» er heildigital. Kvar maskin er utstyrt med head-set slik at publikum kan høyra utan å forstyrra naboane.  Kven som helst kan koma inn og søka opp opne kjelder. Folk som har fått tilgang til sperra kjeldemateriale må logga inn. Fordelen med å sitja her framfor å sitja heime er dels at maskinane er spesielt oppsette for munnleg historie og kulturhistoriske arkiv, dels at det er hjelp å få, både i skranken og hos andre folk i miljøet.

Minikino:

Like ved ligg ein liten kinosal  med 10-20 seter der utvalde intervjuopptak blir spela i full lengd etter eit førehandsannonsert program. Det kan for eksempel sjå slik ut:

  1. 09:00 – 10:50: Ella Rafto (1916-2017) om barndom på Møhlenpris, kontorarbeid på 1930-talet, motstandsarbeid under krigen og kvinneavdelinga på Grini fangeleir.
  2. 11:00 – 12:50: Abdigani Getamesay (f. 2001) – Om migrasjon, oppvekst på Tøyen og utvikling av kunstambisjonar innan hiphop.
  3. 13:00 – 14:50: Efraim Kanestrøm (f. 1975) – Om å  takka nei til å ta over slektsgarden og heller velgja industrien. Levd liv i Marinen og oljeindustrien. MC-miljøet i Bergen.
  4. 15:00 – 16:50: Gunda Klarklina (f. 1975) – Om barndom i Sovjetunionen, migrasjon, ny start i Bergen og heimlengt.
  5. 17:00 – 18:50: Johannes Byrkjenes (f. 1943) – Om anleggsarbeid 1958-2018, vasskraft- og industriutbygging, bruer og veganlegg, offshoreinstallasjonar og landanlegg, Endringar i arbeidskultur, verktøy og organisasjon.

Mellom kvar framsyning går ein liten kortfilm der folk blir oppmoda om å fortelja og med  informasjon om at dei kan bestilla time for intervju i skranken.

Studio:

Fire studio ligg etter kvarandre langs bakveggen.

  1. Studio 1 kan kven som helst bestilla. Normalt får dei to timar til å gjera intervju- eller samtaleopptak. Dei kan ta opptaket med seg på ein minnepinne når dei er ferdige, eller dei kan dela det med Memoar, historielaget, museet eller Folkeminnesamlinga.
  2. Studio 2 kan også kven som helst bestilla, men dette kostar nokre kroner for teknisk hjelp. Når alt er sett opp, klarar intervjuar og intervjuobjekt seg sjølve – men så får dei hjelp att etter avslutta opptak, slik at opptaket endar der det skal.
  3. Studio 3 er fullt utstyrt med både teknisk hjelp og intervjuar. Her har musé, arkiv, forskarar og organisasjonar  som arbeider med munnleg historie fyrste prioritet. Mange av dei har erfarne intervjuarar sjølve. Andre «spleisar» på ein profesjonell intervjuar.
  4. Studio 4 er eit «leigestudio» med profesjonell bemanning. Både private og offentlege kan leiga studiotid der, og prisen er fullkost. Bemanninga er tilsette på senteret, supplert med frilansarar.

Dokumentasjonsrom:

Eit avlukka arbeidsrom er for akkrediterte frivillige og profesjonelle dokumentasjonsarbeidarar og andre som arbeider med upublisert materiale. Dei vanlegaste arbeidsoppgåvene er logging av videointervju, det vil seie utarbeiding av relativt detaljerte oversyn over innhaldet i intervjuopptak. Unntaksvis vert det gjort full transkripsjon. Redigering av kortare og lengre utdrag til bruk i utstillingar, undervisning eller andre produksjonar skjer også her. Akkreditering kan ordnas på nett eller i skranken, og består av legitimasjon, skriftleg erklæring om formålet med akkreditering og signering av taushetsløfte.

Kursrom/grupperom:

Kursrommet er ikkje så veldig stort, det passar for kursgrupper på ti til tjue personar. Med ein enkel flyttbar skiljevegg kan det delast i to grupperom. Ei rekke kurs går nærast kontinuerlig der, dei vanlegaste er akkrediteringskurs for dokumentasjonsarbeidarar, intervjukurs, video- og lydredigeringskurs. Rommet blir også brukt til arbeid med formidling og «foredling», det vil seie vidareutvikling av kjeldematerialet til dokumentarfilmar, undervisningsfirlmar, teater- og kunstproduksjonar etc.

Prosjektgrupper eller heile klassar frå grunn-, ungdoms- og vidaregåande skular er også flittige brukarar av kursrommet. Vanlege tema er produksjon, analyse og kritisk vurdering av munnlege kjeldesamlingar.

Blackbox:

Ved sida av er ein studioscene der det foregår øving og regi av forteljarkunst. Brukarane her er både studentar, amatørar og profesjonelle forteljarar. Når ein produksjon nærmar seg fullføring, blir gjestene i kafeen stadig invitert inn for å vera kritisk prøvepublikum. Ferdige produksjonar går gjerne ut til publikumsarrangement i Logen Bar, i musea eller på Biblioteket. Ofte reiser forteljaren også på turne med den Kulturelle skulesekken eller Spaserstokken. Ein viktig grunn til at denne blackboxen er attraktiv, er samlokaliseringa med alle aktivitetane rundt innsamling, dokumentasjon og arkivering av autentisk munnleg kjeldemateriale. 

Auditorium:  

Auditoriet er relativt stort – om lag hundre plassar. Det vert brukt til Memoarkonferansen ein gong i året, og er ein attraktiv tilbydar til mange andre konferansar og seminar som handlar om munnleg historie. Ofte er auditoriet også lånt eller leigd ut til organisasjonar som skal ha møter der med innslag om munnleg historie om sitt felt.

Kontor:

I etasjen over ligg ei rekke kontor. Fleire frilansarar har leigd seg inn der. Ein forskar arbeider med ein nærings-PhD om munnleg historie i Noreg. Amatørkulturrådet har flytta dit, det same har Memoar. Senteret sin administrasjon har også kontor der, sjølv om det meste av det administrative går føre seg i skranken i publikumsområdet. 

Pensjonistbenken:

Og på utsida, i kroken der formiddagssola varmar på gode dagar og regnet bles bort på våte, der sit Bjørn og Oddvar med kvar sin stokk og utvekslar frustrasjonar over verdas skeive gang, og minner om kor mykje betre forteljingane var før i verda.

Slik kan Senter for munnleg historie sjå ut!

“Gembavandring”

I prosjektskildringa skreiv vi at arbeidsmetoden skulle vere ei “gembavandring”: “Dvs at prosjektleiar / sekretariat avtalar minst eit besøk hos kvar av interessentane (også nye som måtte dukka opp) for å diskutera, konkretisera og analysera hovudidéen om eit senter for munnleg historie i Bergen. Det vert ikkje laga vanleg referat av desse samtalane, men prosjektleiar skriv ein serie bloggpostar med refleksjonar om kva han har sett og tenkt. Om lag tre gonger i løpet av prosessen kjem “tenketanken” saman for å diskutera, konkretisera og analysera saman – siste gong for å konkludera med eit eller fleire konkrete og budsjetterte forslag i form av ein presentasjon og (helst) eit trykt brosjyre”

(Vandringsopptak -Trikkens munnlege historie – Bjørn Enes og Jørn Ruud)

Lokalt har vi hatt samtalar med fleire fagmiljø på UiB, Universitetsbiblioteket og Høgskulen, musea, biblioteket, Byarkivet, historielag og andre frivillige organisasjonar og fagetatar kultur i kommune og fylke. I tillegg har vi “vandra innom” Folkeminnesamlinga, Norsk etnologisk gransking, Lokalhistorisk Institutt og ei rekke musé og frivillige organisasjonar heile landet (Varanger, Porsanger, Midt-Troms, Sør-Troms, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, øvrige Hordaland, Hedmark, Oppland, Buskerud, Østfold, Telemark og Agder), 

Vi har også vore til stade på Det 8. norske arkivmøtet, Oral History Society’s årskonferanse 2019 og Universitetsbiblioteket sin konferanse for spesialsamlingar i bibliotek. Hausten 2019 arrangerte vi ein workshop med Rachel Seidman, leiaren av Southern Oral History Program, som er eit stort amerikansk senter for munnleg historie. Refleksjonane undervegs er publisert i Memoar.blog.

På det opprinnelege idémøtet vart det både argumentert for at eit senter for munnleg historie kunne tenkjast lokalt for Bergen, regionalt for Vestlandet og nasjonalt. Eitt år seinare tenkjer i alle fall underteikna at det fyrst og fremst er behov for eit nasjonalt senter. Eit regionalt eller lokalt senter kan vera aktuelt som ein fase i utviklinga av eit nasjonalt senter. Viss eit nasjonalt senter skulle bli etablert med forankring ein annan stad enn i Bergen, kan det bli interessant å diskutera eit regionalt senter i tillegg. Men i det fylgjande kjem dette til å handla om strategi for å bygga eit nasjonalt senter for munnleg historie. 

Eg vil prøva å tydeleggjera kva munnleg historie er, korleis det har vakse fram og korleis eit Senter for munnleg historie (SMH) kan tenkjast å påverka den vidare utviklinga. 

Framveksten av munnleg historie 

Utviklinga av stadig billegare og betre opptaks-, redigerings- og lagringsutstyr for lyd og levande bilete har gjort det mogleg å ta vare på munnleg primærkjeldemateriale frå breie befolkingslag. Oral history oppsto som fagterm på amerikanske universitet på 1930-talet, og spreidde seg raskt til næringsliv og forvaltning. 

  1. Under “New Deal” – Federal Project #1  i 1936-38 – blei det samla store mengder munnleg historie. Eit eksempel er  2.300 “slave narratives” – intervju med informantar som vart fødde som slavar. Dei fleste er skriftlege, men 26 intervju er bevarte som lydopptak i Library of Congress.
  2. Det vanlegaste i starten var å samle intervjuopptak med notabilitetar, så som rikspolitikarar og næringslivsleiarar. Eit eksempel er det amerikanske senatet som gjennom mange tiår har samla systematiske intervjuseriar med politikarar og stab. 
  3. Under den allierte landgangen i Normandie i juni 1944, vart oral history også introdusert i militær sektor. Det vart gjort opptak og intervju på eller like etter slagmarka, og banda vart sende til stabane bak frontlinene for å gi dei primærkjeldeetteretningar om utviklinga (Sjå US Army Guide to Oral History). Seinare vart dei “forfremja” til militærhistorisk kjeldemateriale. 

I løpet av 1960- og 70-talet var det eit veldig oppsving i heile verda. Det hang nært saman med kassettspelaren, som senka prisane kraftig både på opptaks- og lagringsmedia. Like viktig var “history from below”-skulen, som meinte at også dei lågare samfunnsklassane og dei marginaliserte gruppene sine liv var historisk interessante, så som arbeidar-, kvinne- og homohistorie. 

  1. Den norske historikaren Edvard Bull d.y. var ein pioner både innan historie nedanfrå og munnleg historie. Den norske arbeidarminneinnsamlinga frå 1950-åra er i dag ei verdifull kjelde til historia om norsk industri. 
  2. I Noreg har det tradisjonelt vore stor interesse både for “historie nedanfrå” og forløparen – folkeminne og folketradisjon. Norsk Folkeminnesamling (oppretta i 1914), Norsk etnologisk gransking (1946) og Landslaget for lokalhistorie, har vore hovudaktørane bak regelmessige minneinnsamlingar i tiåra etter krigen. 

I 1969 etablerte britiske historikarar og arkivarar med interesse for munnleg historie ein komite som drøye tre år seinare  (1973) etablerte Oral History Society i Storbritania. Ein liknande organisasjon vart danna i USA i 1978 (oha.org) – og seinare har det oppstått liknande organisasjonar i land etter land. I 1996 vart International Oral History Association (www.IOHA.org) etablert, og sidan har dette fagmiljøet blitt samla til internasjonale konferansar annankvart år. Noreg var fyrste gong representert i 2018, då Memoar deltok med eit foredrag om minnesamling med video. 

Munnleg historie i Noreg. 

  1. Dei siste tiåra har digitalt utstyr senka terskelen og auka interessa yttarlegare. Det fall også saman med dei store endringane etter at Sovjetunionen kollapsa. Memoar kan reknast som del av ein siste “generasjon” munnleg historie-organisasjonar, som mellom anna har til felles at video har overtatt for lydopptak og digital arkivering har tatt plassen til band-, kassett- eller diskarkiv. 

I boka “Fortida er ikke hva den en gang var” (1992) sette Knut Kjeldstadli munnleg historie inn som ein viktig del av historiefaget. Han skreiv mellom anna: “Som  fagpersoner har historikerne utviklet én ferdighet særlig godt – evnen til å lese. De har vært mindre flinke til å se og å lytte”. 

I kapitlet “Tegn og tale – nytt materiale tatt i bruk” gir han ni argument for munnlege kjelder, som gjerne kunne kopierast inn som prinsipprogram for eit senter for munnleg historie. (s. 193 – 195).  Punkt 9 går for eksempel slik: “Muntlig historie er en virksomhet som alle historieinteresserte kan drive med, også de som ikke er yrkeshistorikere. Dersom en ønsker at folk sjøl forsker i fortida, i historielag, i grupper på arbeidsplasser eller aleine, da er minnesamlinger en framifrå mulighet” 

Mange delte dette synet på 1990-talet, ikkje minst sto det sterkt i Trondheim, i tradisjonen etter Edvard Bull. Ein annan trondheimsprofessor, Dagfinn Slettan, tok leiarvervet i Landslaget for lokalhistorie og stilte seg i spissen for mange og ulike samarbeidsprosjekt innan munnleg historie. Seinare har Ingar Kaldal, Aud Mikkelsen Tretvik og andre ført dette vidare, men av grunnar (som ikkje er utforska) vart det eit brot i utviklinga av munnleg historie blant historikarar på slutten av 1990-talet. (Slettans alt for tidlege bortgang i 1999 kan forklara ein del av dette). 

Innanfor folkloristikk og kulturhistorie har interessa halde seg, ikkje minst etter at Line Esborg og Audun Kjus tok over ansvaret for Folkeminnesamlinga og Norsk etnologisk gransking. Men manglande engasjement blant historikarane og i den ikkje-akademiske historierørsla gjorde at utviklinga på dette feltet vart annleis i Noreg enn for eksempel i Storbritannia og USA.  Då Memoar vart oppretta i 2015, var det såleis eit tomrom som blei fylt. 

Folkeforsking / grasrotforsking

Dette tomromet eksisterte i liten grad på grasrotnivå. I historielag og andre organisasjonar innan frivillig kulturvern, har det heilt sidan 1950-talet blitt samla intervjuopptak med primærkjelder. Det same gjeld lokale musé og museumslag. Den typiske historia er at ein skule eller ein organisasjon har kjøpt ein bandopptakar, og så har eldsjeler sett i gang å intervjua. Seinare har endå fleire eldsjeler skaffa seg kasettopptakar og halde fram med å intervjua. Svært få har dokumentert anna enn namn og dato på intervjuopptaket, og så godt som ingen har laga avtalar om bruk. 

Opptaka har så gjerne blitt liggande, fyrst i ei skuff, så i ei hylle – og seinare i ei kasse i ein kjellar eller på eit loft. I verste fall har dei blitt kasta i ryddinga etter eit generasjonsskifte. I beste fall har dei berre blitt flytta lenger inn på loftet. Mens skuffene har blitt fylt med nye opptak – no gjerne på DVDar eller diskar. 

I løpet  av “gembavandringa” har vi høyrt den same historia svært mange gonger: Det har ikkje vore nokon stad å avlevera dette stoffet, faghistorikarane har ikkje vore interesserte,  dei har ikkje lenger utstyr å spela det av på, så dei kan ikkje finna ut kva det inneheld, dei er usikre på korleis dei skal gå fram for å digitalisera det – og dei er ikkje minst usikre på om det kan brukast når det ikkje finst samtykkeerklæringar. Men dei vil veldig gjerne “starta på nytt”. Interessa for samarbeid om kurs og deling av infrastruktur er veldig stor. 

“Folkeforsking” (citizen science) har blitt eit veldig “heitt” ord innafor  naturvitskapane dei siste åra. Det har vist seg at knappe forskingsressursar kan strekkast svært mykje lengre gjennom å involvera frivillige – f.eks. i å registrera natur i endring. Det har vore mindre (om noko) bruk av dette omgrepet innanfor humaniora. Det er fristande å påstå at i alle fall når det gjeld munnleg historie er problemet forskarane – ikkje “folket”. 

Landslaget for lokalhistorie er ein av landets største samansluttingar av frivillige. I mange historielag er det interesse for å laga eigne intervjuseriar og for å delta i dokumentasjonsarbeid både på gamle og nye opptak. Det er både behov for og grunnlag for eit “nytt” dugnads- eller folkeforskingsomrdåde. Men det trengst ei samordning, og det er eit heilt sentralt argument for kvifor det trengst eit Senter for munnleg historie. 

Munnleg historie i praksis

Kjerneverksemdene  innanfor munnleg historie i Noreg, slik det har utvikla seg dei siste åra er: 

  1. Digitalisering av munnleg historie på gamle media: Det er ei stor oppgåve å kartlegge gamle opptak av munnlege kjelder på lydband, kassettar, floppydiskar,  CD/DVDar, minnekort, gamle datamaskinar og eksterne diskar og legge ein plan for å digitalisere og lagre dei før det er for seint.
  2. Innsamling av nytt munnleg kjeldemateriale: Det er i hovudsak intervjuseriar med tematisk eller geografisk (lokalhistorisk) fokus, organisert som samarbeid mellom frivillige og profesjonelle, oftast eit museum og eit historielag. Kvart intervju er relativt langt og metodikken er kvalitativ i den tyding intervjuaren prioriterar fri forteljing. Det blir etablert skriftlege avtalar om samtykke, bruks- og opphavsrett. 
  3. Dokumentasjon av munnleg kjeldemateriale: For at opptak av munnleg historie skal bli bevaringsverdig, må kvart intervju dokumenterast med tekstsamandrag, stikkords- og emneordslister. Dette blir dels gjort profesjonelt, dels gjennom å organisere dugnadsarbeid saman med historielag og andre frivillige. 
  4. Arkivering og avlevering av dokumenterte opptak: Det vanlege har vore at den som samlar også arkiverar. Memoar arbeider for oppretting av eitt “munnleg riksarkiv” og ser inntil vidare på Minner.no som forløparen for eit slikt. 
  5. Formidling av munnleg historie: Deling er meir motiverande enn avlevering. Dei fleste som fortel om sine livserfaringar ynskjer at dei skal bli publiserte. Store opne minnesamlingar (www.minner.no, www.memoar.no, www.evakueringsminner.no etc etc) er formidling i seg sjølv. Dei er og godt utgangspunkt for “sekundærformidling” der utdrag blir brukt i utstillingar, artiklar, filmar etc. i musé, bibliotek eller undervisningsverksemder.
  6. Kurs og erfaringsutvekslingar: Det er heile tida behov for å lære opp nye frivillige og profesjonelle minnesamlarar, og det er stadig behov for å utveksle og vidareutvikle seg for folk som driv med dette. Ein årleg konferanse har vist seg å møte eit behov. 

Eit forsøk på ein norsk definisjon

Munnleg historie kan oppfattast som ei oppdatering av det norske folkeminne-omgrepet, med skifte av hovudfokus frå (førindustriell) tradisjon til folkelege minne og munnlege forteljingar som kjelder til studier både av historie og tradisjon. 

Konkret handlar munnleg historie om innsamling og studier av historisk informasjon om personar, familiar, hendingar eller kvardagsliv, gjennom bruk av lyd- og videoopptak eller transkripsjonar av intervju. Slike intervju blir gjort med personar som tok del i eller var vitne til hendingar i fortid. Deira minne og oppfatningar om det som hende blir tatt vare på, dels for at framtidige generasjonar skal få høyra tidsvitnene fortelja med eigne ord,  og dels for at både samtid og framtid skal få kjeldemateriale frå ulike vinklar og perspektiv (“polyfonien i historia”). 

Samlingar av munnleg historie erstattar ikkje andre kjelder, men er viktige supplement som ofte dokumenterar “taus kunnskap” og anna informasjon som vanskeleg kan finnast i andre kjelder.  Ein kan gjerne sjå munnleg historie meir som ein metodikk enn som eit eige fagfelt. Både historikarar, kulturhistorikarar, folkloristar, etnologar, antropologar, sosiologar, journalistar og kunstnarar kan bruka den same metodikken for innsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling. 

Munnleg historie er også eit felt det ikkje-akademikarar har gjort og kan gjere ein stor og verdfull innsats både som informantar og innsamlarar. Det er særleg synleg innan  lokalhistorie, bedrifts-/yrkeshistorie, kystkultur, fartøyvern og slektsgransking. 

Gruppeintervju – Nordnes 2019

Etikk og delingskultur

Det er lett å gjera seg morosam om korleis enkeltpersonar og fagmiljø heng ved det vande og dyrkar skepsis mot det nye. Historikarar produserte mange underlege  argument både mot munnlege kjelder og historie nedanfrå då bandspelarane kom. 

På IOHA sin konferanse i Finland i 2018 opplevde “vi unge” ein liknande skepsis mot videointervju frå etablerte autoritetar som har heile si faglege erfaring frå lydopptak. 

Svært ofte vert diskusjonen om etikk det feltet der dette ikkje er så morosamt lenger. Typiske argument mot både lyd- og videoopptak er at det er problematisk i forhold til personvern av di det er nær umogleg å anonymisera. I eit lyd- eller videoopptak kan folk koma til å “plumpa ut” med ting som dei angrar på etterpå. I høve til videointervju blir det ofte lagt til at det kan avsløra kjensler som høyrer det private til. 

Samtidig lever vi i ein kultur der vi kvar dag ser og høyrer både “vanlege folk” og “notabilitetar” uttale seg munnleg og umiddelbart, og kjensler er ein del både av nyhetsbildet og samfunnsdebatten. Anonymisering er – med få unntak – prinsipielt uetisk, både av di det bryt med ytringsfridomen og med det etiske kravet om at det som blir publisert skal vera etterprøvbart. 

Spenninga mellom forskings- og presseetikken på området munnleg historie er interessant, og blir eit hovudtema på Memoarkonferansen i oktober 2020. Mangelen på ein norsk fagleg autoritet på feltet (SMH) gjer det uklart kva som er gjeldande rett innanfor munnleg historie. Memoar sitt etiske syn og praksis fram til nå kan samanfattast slik: 

  1. Vår etiske rettesnor er presseetikken. Vi er ei medieverksemd i den forstand at vi intervjuar folk for å publisera intervjuet og deretter legga det i vårt arkiv. 
  2. Vi er eit sosialt medium i den forstand at vi ikkje gjer krav på opphavsretten til intervjuopptak vi gjer. Forteljaren (informanten, meddeleren, intervjuobjektet) si munnlege historie er forteljaren si intellektuelle eigedom. Ho eller han har det avgjerande ordet om og kor intervjuet skal delast (publiserast). Dette skal dokumenterast med ei skriftleg samtykkeerklæring. 
  3. Vi er redaktør for våre eigne media. Det vil seie at vi ikkje har publiseringsplikt. Dersom vi meiner at deler av eit intervju bryt mot presseetikken, kan vi nekta å publisera det. (Normalt vil vi foreslå ein redigert publiseringsversjon – men det er framleis forteljaren som avgjer om og kor den skal kunne delast) 
  4. I vårt arkiv vil det finnast både delt (publisert) og udelt (upublisert) materiale. Det delte (publiserte) vil vera ope tilgjengeleg. Det udelte (upubliserte) vil vera tilgjengeleg slik forteljaren har bestemt. (Normalt for forskarar og andre med formål som arkivar vurderar som aktverdig).
  5. Våre arkiv blir avlevert til eit eller fleire offentleg eigde arkiv, bibliotek eller musé. (I dag blir ulike delar avlevert ulike stader. Vi arbeider for at det i Noreg skal bli eitt samla digitalt arkiv for munnleg historie, f.eks. i Nasjonalbiblioteket, Riksarkivet eller i ei digital kulturhistorisk fellessamling).

Utdanning

Det finst i dag inga eksplisitt utdanning innan munnleg historie i Noreg. Det finst generelle kurs om kvalitative intervju, som er rekna for studentar innan prinsipielt alle fag som kan få bruk for intervju. Det same gjeld forskingsetikk. 

Dette er ulikt for eksempel Storbritania og særleg USA, der det finst kurs i oral history både på barchelor og masternivå på dei fleste universitet og utdanningsinstitusjonar som har relevante fag. Mange har  også barchelorprogram innan oral history, og Columbia University har masterprogram. 

Det er behov for å utvikle metodekurs innan munnleg historie, og det er eit interessant spørsmål om det også bør utviklast eit tilbod om eit barchelorprogram. I begge tilfeller vil det vere interessant å knytte det saman med praksisperiodar i minneinnsamlingar. 

Infrastruktur

Medan British Library har hatt sitt lydarkiv ope for munnleg kjeldemateriale sidan 1970-talet, så har verken Nasjonalbiblioteket (NB) eller Riksarkivet i Noreg hatt liknande ordningar. 

Fyrst i 2018 starta Nasjonalbiblioteket ei kartlegging av audiovisuell kulturarv i arkiv, bibliotek og musé med tanke på at dette måtte digitaliserast og magasinerast for å sikrast for framtida. Munnleg historie er omfatta av dette, men ikkje eksplisitt – berre av di det er audiovisuell kulturarv på forgjengelege format. Kartlegginga omfattar heller ikkje intervjuopptak og anna munnleg kjeldemateriale som er lagra i historielag og andre private samanhengar rundt i landet. Munnleg historie er så langt heller ikkje nevnt eksplisitt i planane for framtidig magasinstruktur i NB. 

Det som i dag finst av infrastruktur for munnleg historie i Noreg er: 

  1. Ei rekke lokal- og regionale ABM-institusjonar (arkiv, bibliotek og musé) har større eller mindre samlingar av lyd- og videoopptak i form av band, kassettar, CD/DVDar eller eksterne diskar. 
  2. Norsk etnologisk gransking brukar og vidareutviklar databasen Minner.no. Den er utvikla og eigd av KulturIT AS, og utanom NEG er den brukt av Nordiska Museet i Stockholm (minnen.se) og to samarbeidsprosjekt om minnesamling i Noreg (Memoar er med i begge). Denne databasen inneheld ein modul for privatpersonar til å senda inn sine minne i form av tekstar og/eller mediefilar. 
  3. Memoar har bygd opp ein førebels infrastruktur for samarbeid om minnesamling. Den består av ein studiomodul, mellomlagring av råopptak, skjema for dokumentasjon, redigering, ferdigarkiv (avleveringsklart arkiv), publiserings- og formidlingsmodul.

Formidling

Store samlingar av munnleg historie er det Kjeldstadli kalla “depot for kvalitative data” i kronikken “Mnemoteket” fra 2018. Godt dokumentert munnleg historie vil seie lyd/videoopptak med søkbare stikkord og emneord, slik at det er enkelt både å finna aktuelle intervju og å finna fram til konkrete delar av det. Dokumentasjonsarbeidet er fyrste ledd av formidlingsarbeidet – det er veleigna for citizen science eller kunnskapsdugnad. 

Og når forskingsartikkelen er ferdig, er den same minnesamlinga eit reservoar for illustrasjonar. I dagens mediesamfunn er det vanskeleg å sjå føre seg ein nyhetsreportasje om eit komplisert tema utan ein “case” – eit “vanleg menneske”  som illustrerar problematikken på ein personleg og gjenkjenneleg måte. Like utenkeleg bør det vera at ein forskingsartikkel manglar slike bindeledd mellom makro- og mikropersektivet. Det er for eksempel mykje lettare å forstå korleis Noreg på 1950-talet kunne mønstra 60.000 sjøfolk med 24 månaders bindingstid, når ein får sjå ein gamal fyrstereisgut minnast draumane om å koma heim med Chesterfield i brystlomma, og kjøpa motorsykkel kontant.  

Det har vist seg at det er uventa stor interesse for å sjå lange minneforteljingar når dei er tilgjengelege på nett. Det er tydeleg på statistikkane at det ofte er hundrevis av menneske som ser eit minneintervju fullt ut. Det er så langt ikkje undersøkt kven dei er eller kvifor dei ser. Ein nærliggande teori er at mange rett og slett synest det er interessant å sjå og høyra medmenneskje fortelja om sine liv.

Der kan det og ligga ein nøkkel til formidling: Minnesamlingar kan vera råstoff for kunstnariske formidlingsformer – som litteratur, teater, film og ikkje minst: Forteljarkunst. 

Samordning og synleggjering

Folkeminnesamlinga, Landslaget for lokalhistorie og ei rekke samarbeidspartnarar organiserte skriftlege minneinnsamlingar i 1964, 1981, 1995/96 og 2013-2015. Bøkerne med «Manns minne» fra heile Norge er populær lesning. Mengden innleverte oppgåver frå frivillig forteljare fortel at oppsluttinga endra seg etter 2010. Kan graden av samordning og synleggjering mellom ildsjelene påverke kor mange som vil delta i slike innsamlingar?  Profesjonelt og frivillig arbeid er likt på den måten at eldsjeler blant innsamlarar ikkje oppstår av seg sjølve. Ein idé som skapar entusiasme på den eine staden, kan forbli uoppdaga på den andre, viss ikkje det finst ein instans som kan formidla han til alle.

Eit senter for munnleg historie vil kunne hjelpe musé, historielag og andre med prosjektorganisering, formidling, PR og mediekontakt og nettverk. 

Entreprenørskap

Det kan ikkje vera tvil om at det vil bli aukande etterspørsel etter profesjonell hjelp etter kvart som interessa og aktivitet innan munnleg historie går opp. Frå land der munnleg historie er eit meir synleg kulturarvsfelt er det vanleg at bedrifter og organisasjonar lagar sine eigne samlingar, dels for publisering og dels med tanke på framtidig historieskriving. (Eit norsk eksempel på dette er samlinga Kristiansand 1990-2017.)

Eit senter for munnleg historie vil kunne formidle profesjonell hjelp til innsamlingsaksjonar og oppdrag til frilansarar og større minneinnsamlingsfirma. Det vil også kunne tilby hjelp til kompetanse- og forretningsutvikling for nye i denne marknaden.

Konklusjon: Det er behov for eit Senter for munnleg historie i Noreg 

Det er vel neppe overraskande at vår konklusjon samsvarar med idéen som var utgangspunktet for heile forprosjektet: Det er behov for eit nasjonalt Senter for munnleg historie – SMH.  Det er tre hovudgrunnar til behovet: 

  1. Kompetanse: Det er behov for eit organ som kan synleggjera, normera og vidareutvikla norsk kompetanse innan munnleg historie. Det bør ha tilknytting til fleire akademiske fagmiljø (historie, kulturhistorie, kulturvitskap, litteratur, antropologi, medievitskap, sosiologi og samanliknande politikk).
  2. SMH bør utvikle relevante kurs og kurspakkar som kan opnast både for studentar og tilsette frå ulike institutt, og for eksterne deltakarar frå arkiv, bibliotek og musé, frivillige organisasjonar og andre – også ikkje-akademikarar. 
  3. Eksempel på tema: Kvalitativ intervjuteknikk, praktisk minnesamling, dokumentasjon og analyse av munnleg kjeldemateriale, opptaksteknikk, lyd- og videoredigering, formidlingsteknikkar
  4. SMH bør ta initiativ til forsking på munnleg historie og på tema der munnleg historie blir ein hovudmetode. Senteret bør ha tilbod om samlokalisering av eitt eller fleire slike forskingsprosjekt.
  5. SMH bør ta ei forleggarrolle for å tilgjengeleggjera norsk faglitteratur på om teori og metodikk for munnleg historie.
  6. SMH bør arrangere minst ein regelmessig konferanse med brei akademisk og ikkje-akademisk målgruppe. (Det vil vere naturleg at SMH bygger vidare på det som er starta med Memoarkonferansen)  
  7. Beredskap: Det er behov for eit ståande beredskap som kan sikre kulturhistorisk dokumentasjon  i form av breie intervjuinnsamlingar under og kort etter store historiske hendingar. 
  8. Internasjonale kontaktar:  
    • SMH bør knyte seg til International Oral History Association og vere aktiv brukar og bidragsytar til internasjonale arrangement innan oral history. 
    • SMH bør legge særleg vekt på samarbeidet med nettverket Oral history i Sverige (OHIS.se), det finske oral history-nettverket (FOHN.fi) og eit tilsvarande organisasjon eller nettverk når den oppstår i Danmark.  
  9. Infrastruktur:
  10. SMH bør ta/få ei rolle som administrator for ein infrastruktur for innsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling av digitalt skapt munnleg kjeldemateriale. Ei slik  rolle kan vere å utvikle den framtidige innleveringskanalen for det digitale kulturhistoriske arkivet (SAMLA), ei anna rolle kan vere knytta til Minner.no 
  11. På kort sikt vil det vera særleg viktig å kartlegga og digitalisera munnleg historie på forgjengelege format i frivillige organisasjonar  og anna privat eige 
  12. Samlokalisering: 
    • SMH bør ha lokale som legg til rette for å samlokalisere akademiske og ikkje-akademiske verksemder innan eller med stort innslag av munnleg historie, så som innsamlings-, dokumentasjons- og  forskingsprosjekt, ressurssenter for frivillige, arkiv, formidlingstenester mm. (For eksempel vil Memoar ynskja seg inn i ei slik samlokalisering)
    • Eit eller fleire studio for minneopptak bør inngå i senteret 
  13. Formidling:
    • Ope arkiv 
    • Studio 
    • Formidlingsmedia (nettsider, bloggar, tidsskrift,  bokforlag), 

Bergen

Bergens fortrinn i denne situasjonen er ikkje fyrst og fremst Memoar, sjølv om vi trur at vi også er eit poeng. 

  1. Bergen Sjøfartsmuseum/ Museum Vest sitt engasjement innanfor munnleg sjøfartshistorie er på mange måtar ein pilot innan innsamling av videointervju i museumssektoren i Noreg. Innsamlinga vart presentert på Oral History Society sin konferansen i Swansee 2019 og bli møtt med stor interesse. Det er også markert interesse for liknande arbeid både i Bymuseet og Museumssenteret i Hordaland.
  2. Bergen off. bibliotek er ein pioner både når det gjeld å tilby eit offentleg intervjustudio i bibliotek og når det gjeld å bygge opp eit magasin av munnleg historie i sine spesialsamlingar. Dette vart markert med ein eigen workshop om munnleg historie under landskonferansen av spesialsamlingar i desember 2019.
  3. Universitetet sine tradisjonar innan det som tidlegare heitte folkeminnevitenskap (idag ein del av samlefaget kulturvitskap) resulterte i etno-folkloristisk arkiv, eit av dei store kulturhistoriske arkiva i Noreg. Det inneheld både skriftleg og munnleg kjeldemateriale, munnleg  i form av opptak og transkripsjonar. 
  4. Skeivt arkiv var det fyrste norske uttrykket for det nye oppsvinget innan oral history som kom på statsbudsjettet i Noreg (det andre var 22.juli-senteret). Arkivet har drive systematisk innsamling av munnleg historie i form av videointervju heilt sidan opprettinga. Det er ein del av spesialsamlingane ved universitetsbiblioteket i Bergen.
  5. Våren 2020 fekk partnarskapet av kulturhistoriske arkiv i Noreg midler frå Norges forskningsråd til eit felles digitaliseringsprosjekt som vil bli organisert frå Bergen (SAMLA). Det betyr i fyrste omgang at Etno-folkloristisk arkiv, Norsk Folkeminnesamling og Norsk etnologisk gransking vil få eit felles digitalt arkiv i Bergen. Seinare vil også Skeivt Arkiv og andre samlingar bli innlemma – samtidig som ambisjonen er å opna det for nytt, digitalt skapt materiale. Det vil vere ein sterk kandidat til rolla som eit norsk “munnleg riksarkiv” 
  6. Det er også fristande å ta med både Det Vestnorske Teateret og deira ambisjonar om å knyta kunstnariske produksjonar til den folkelege forteljarkulturen, og Bergen Borgerscene som dyrkar filosofien om å laga teater på grunnlag av forteljingar om levd liv.
  7. Endeleg er Memoar og samarbeidskonstellasjonane rundt oss blitt eit godt argument i seg sjølv for å legga eit slikt senter til Bergen. Vi fungerar i dag som eit kompetanse- og ressurssenter innan Landslaget for lokalhistorie, og samarbeider med frivillige og profesjonelle minnesamlarar over heile landet, ei rolle som vil kunne dyrkast vidare som ein del av SMH. 

Innafor andre relevante fagområde som historie, antropologi, sosiologi og mediefag trengs det meir arbeid for å skape interesse for munnleg historie. Det vil bli svært mykje enklare dersom det lukkast å skape eit nasjonalt SMH her. 

Skisse av eit hovudprosjekt

Interimstyre: Dersom denne forprosjektrapporten vekker interesse i dei miljøa som er omtalt, kan eit neste skritt vere å etablere eit interimstyre for eit Senter for munnleg historie i Noreg. Memoar påtar seg gjerne å vere aktiv i den prosessen – i prinsipp saman med alle dei aktørane som er nevnt i forprosjektrapporten, og fleire. 

Politisk lansering: Interimstyret og interessentane bør starta eit arbeid for å samla støtte til initiativet blant politiske parti, og blant fagetatar og organisasjonar på kulturfeltet, både i Bergen/Vestland og på riksplan. 

Oppretting under Memoarkonferansen:

Viss eit tilstrekkeleg tal på personar og institusjonar stiller seg bak initiativet, kan det vera aktuelt å etablere ein formell organisasjon og velgja eit fyrste styre i oktober 2020.  

SMH kan opprettast i vårhalvåret 2021 som ei fyrste samlokalisering av interesserte verksemder i Bergen. Samtidig kan arbeidet starte for å koma på kommune- fylkes- og statsbudsjettet frå og med 2022.

31. mars 2020 – Bjørn Enes

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.