Polyfoni som historisk metode

 Kvar gong Kielland-ulukka kjem opp i offentlege eller private samtalar, gjer det vondt i gamle sår for veldig mange. Truleg blir desse såra aldri borte, verken i oss som nasjon, som industri- og sjøfartskultur, som familiar og venekretsar eller som enkeltpersonar. Vi vil aldri bli «ferdige med det» – alle enkelthendingane vil aldri bli «oppklart».  Derfor må vi arbeida vidare med Kielland-ulukka, uansett kor smertefullt det er.

(Ein kortversjon av denne artikkelen sto på trykk i Fædrelandsvennen 24. april 2020)

Vi er vande til å høyra eller lesa meir eller mindre veldokumenterte tolkingar av slike store hendingar, frå rettsprosessar, journalistar eller historikarar. Det er ingen uviktig tradisjon, og i tider med både lydhøyrt publikum og aktive kjelder for konspirasjonsteoriar, er dei gjennomarbeidde forteljingane og autoritative stemmene ekstra viktige.

Opne kjelder

Men gjennom dei siste tiåra har vi også vent oss til at «vanlege folk» skal ha tilgang til kjeldene  for autoriserte forteljingar. Fleire og fleire tar for gitt at vi kan sitja ved kjøkkenbenken og dobbeltsjekka fakta og resonnement frå tallause kjelder, heilt inn i det innerste i Nasjonalbibliotek og Riksarkiv.

Unntaket har vore det munnlege kjeldematerialet. Men no – førti år etter at Aleksander Kielland velta, har historikaren Marie Smith-Solbakken (professor ved Universitetet i Stavanger) og eit team rundt henne gjort eit stort arbeid nettopp for å samla og tilgjengeleggjera munnleg historie frå eit betydeleg utval av dei enkeltpersonane som lever med dei sterkaste smertene etter katastrofen. Tre hundre kvalitative intervju er samla til nå, med overlevande, etterlatte, redningspersonell, industrileiarar og styresmakter. Alle forteljarane har blitt spurde om å gi samtid og ettertid tilgang til materialet – og alle intervju som er omfatta av slikt samtykke er avleverte til ein open Minnebase ved  Universitetet i Stavanger.  

Munnleg historie

Dette materialet erstattar ingenting av det som er samla før. Men det er eit utruleg viktig supplement. Det demonstrerer at Kielland-ulukka ikkje var ei hending, men ei og ei og ei – minst tre hundre gonger. Det er  forteljingar om samanhengar, nyansar, forhistorier, kompleksiteten i korleis dramaet arta seg den 27. mars 1980, og om etterhistorier gjennom førti år. Alt er tilgjengeleg både for forteljarane sjølve, for ny forsking – og for nye bokprosjekt.

Etter at heile minnebasen var avlevert, har teamet nå publisert eit konsentrat av det store materialet i form av ei bok på drøye 210 sider, «Kielland – basert på historien til de som var der» (Tungland Media 2020 – ISBN 978-82-691965-0-4. ) 

Boka representerer ei uvanleg formidlingform i norsk historisk tradisjon. Det er primærkjeldene – «de som var der» – sine munnlege forteljingar, eit «kor av stemmer» som historikaren Harald Klyve Parr kallar det i ein omtale  Forfattarane sjølve har på ein måte ikkje skrive eit einaste ord utanom dei opprinnelege intervjuutskriftene. Bokprosjektet er eit redigert utval av sitat, ordna tematisk og kronologisk slik at det blir ei drivande god forteljing av det. Det er som om alt utenomsnakk er barbert bort, og berre det reinhogde dramaet står att.

«Det blåste mye, noen og førti knop. Fire klatret opp. Den femte mistet vi. Det var han som holdt flåten inntil skutesiden slik at de andre kunne klatre opp leideren.»  (Skipsmekaniker Alf Magne Skeime, deltakar i redningsoperasjonen på MS «Safe Truck»

Ytringsfridom

Forfattarane har sjølvsagt gjort etiske vurderingar av kva som kan trykkast. Men dei har ikkje gjort seg til domarar om «sant» og «usant». Ofte står sitat direkte i motstrid til kvarandre på same side, noko som tydeleggjer at dette er forteljingane til «de som var der» – ikkje forfattarane sine tolkingar.

Dette er ei demokratisering av historiefaget. Smith-Solbakken og hennar team går nye vegar både i oppbygginga av Minnebasen og i redigeringa av boka. Det er ikkje meir grensesprengande enn det Fædrelandsvennen og andre media gjer dagleg i vurderinga av kva som kan publiserast. Men innan forskingsetikken har tradisjonen vore å verne munnlege kjelder så ettertrykkeleg mot seg sjølve at det har gått på ytringsfridomen laus.

Kvalitative kjelder

Internasjonalt har det dei siste tiåra vore ein veldig vekst i interessa for slike kjeldesamlingar og for polyfonien eller kor mangestemte dei historiske prosessane er. I Noreg har dette vore dyrka hovudsakeleg av kulturhistorikarar/folkloristar og i den frivillige lokalhistorierørsla.  

No er framtida – og samtida – sikra tre hundre kvalitative forteljingar om korleis det arta seg å vera overlevande, redningsmann, etterlatt, industrileiar eller myndighetsperson før, under og etter Kiellandulukka.  I denne delen av historiefaget er det nettopp ulikskapane i korleis ulukka vert hugsa som er temaet – ikkje kva for fakta som kan bevisast.

Inkludert i dette er dei ulike forteljingane som dannar seg etterpå. For eksempel kan ei forteljing om ein helt som redda andre men sjølv omkom, ha det same faktagrunnlaget som forteljinga om ein egoist som ikkje prioriterte at eigne born skulle få far heim i live. Begge minneforteljingane er viktige og bevaringsverdige  kjelder til å forstå historia om kva katastrofen gjorde med dei involverte og deira samtid og samfunn.

Minnebasen og det publiserte konsentratet er eit monument over smerten etter Kielland. Det er også ein milepel I utviklinga av historiefaget i Noreg. Organisasjonen Memoar, som eg for tida har det privilegium å vere leiar for, har ein visjon om at frivillige og profesjonelle «minnesamlarar» skal opparbeida liknande minnebasar om alle store hendingar og endringsprosessar, og at dei skal bli tilgjengelege både for lek og lærd. Bjørn Enes, leiar av Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie.

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.