I kjølvatnet av koronakrisa har det utvikla seg ein viktig og svært interessant debatt om samtidsdokumentasjon. Når munnleg historie/oral history ennå ikkje er eit emneord i debatten, må det tilskrivast den låge merksemda som dette omgrepet har i norsk museumsdiskurs. Problemstillingane som er oppe til debatt, er på mange måtar dei same som førte til framveksten av oral history som fagfelt.

Fyrst eit oversyn over debatten:
- Den 20. mars starta Norsk Folkemuseum ei innsamling av «koronafortellinger for fremtiden» gjennom innsamlingsverktøyet Minner.no. Fire opne spørsmål var sett opp, om kvardagsliv, adferdsedringar, tankar om samfunnsendringar og tankar om framtida.
- 27. mars starta Norsk medisinsk museumn (avdeling av Teknisk museum) ei liknande innsamling, «Koronadagbøkene» – der folk frå ulike miljø vart oppmoda om å dokumentera sin kronakvardag gjennom dagboksnotat.
- I løpet av kort tid hadde også ei rekke andre musé starta liknande innsamlingar, (Musea i Akershus, Randsfjordsmuseet, Norsk Industriarbeidermuseum m. fl.)
- 8. april publiserte Museumsnytt artikkelen «Krisedokumentasjon – en viktig oppgave for museene» der Olav Aaraas, Marie Skoie, Linnea Björk og Audun Kjus argumenterte for at slik samtidsdokumentasjon er særleg viktig i krisetider, men at det er behov for samordning.
- 15. april svarte Memoar med å starte si innsamling av munnlege forteljingar om «koronaens tid». Alle innsamla bidrag blir avlevert Minner.no, og når forteljarane samtykker til deling vert dei publiserte både på Minner.no og Memoar.no.
- 6. mai publiserte Museumsnytt artikkelen «Krisedokumentasjon, etikk og nødvendigheten av tid» der Ageliki Lefkaditou Thanushiga Rajah og Torhild Skatun argumenterte mot Aaraas, Skoie, Bjørk og Kjus. Dokumentasjon og innsamling blir verken verdinøytralt eller maktbalansert, Det er viktigare med etisk refleksjon og utvikling av nye arbeids- og samarbeidsmodellar enn å forhaste seg med innsamling..
- 7. mai kom Audun Kjus med tilsvaret «Rask reaksjon og etisk refleksjon er ikke noen motsetning«
- 7. mai – same dag – publiserte Journalisten artikkelen «Skal samle inn koronahistorier fra hele landet» der Per Christian Magnus frå Senter for undersøkende journalistikk ved UiB fortalde at dei har fått støtte frå Fritt Ord til å sende ut eit spørjeskjema for å hente inn ufortalde historier om konsekvensar av koronaepidemien rundt i heile landet. Innsamlinga skal delast med medlemmene av Landslaget for lokalaviser, som så skal bearbeide materialet redaksjonelt.
- 8. mai inviterte Kulturrådet til eit Webinar om desse problemstillingane. Det vart ein veldig god diskusjon med 99 deltakarar.
Denne refleksjonen er laga søndagen etter webinaret, 10. mai. Før eg tek til med det eg lovar i overskrifta, vil eg gjerne ein tur innom dette med «redaksjonell bearbeiding»:
Dokumentasjon og bearbeiding.
Eg har vore journalist lenge nok til å vite at tilhøvet mellom dokumentasjon og «redaksjonell bearbeiding» ikkje alltid er etter boka. Når du har ei knakande god overskrift og eit nytt moment som løftar og gir ny framdrift i ei sak, er det freistande å berre «finna belegg» for å kunne publisera, i staden for å grava seg ned i omfattande og forvirrande dokumentasjon.
I journalistikken synest eg ikkje det er gale heller. God journalistikk skal vera døgnfloger. Han skal løfta og gi framdrift i saker her og nå. Dei er ein slags «fyrstehjelparar» i kollektive erkjenningsprosessar, der eit uklart mål er at mange nok skal forstå nok av samtid og fortid til å kunne navigera sånn nokonlunde inn i framtida.
Museumskuratorane er ulike slag «sjukepleiar» i dei same prosessane, for å halda seg til ein koronanær allegori. No driv nokre av dei ein slags intensiv-arbeid for å samla gullkorn til framtidige utstillingar, medan andre driv «rehablitering» av gamle spanskesjuke- og polyomielitt-arkiv for å kunne visa kva «vi» (det vil seie dei) trur var sant om tidlegare pandemiar.
Det viktigaste nye som har skjedd dei siste tiåra er at sjølve «pasienten» – det store vi – har vent seg til å ha tilgang til korleis dei profesjonelle fortljarane (journalistar, museumskuratorar, forskarar – til og med fiksjonsforteljarar) kom fram til overskriftene eller momentlistene sine. Ikkje minst når det er oss dei fortel om. Du kan gjerne fortelja ei morosam historie om kameraten min. Men eg vil ha rett til å sjå kva du bygger på, til sjølv å finna ut om det er han som er morosam eller du som har misforstått. Dessverre får me ikkje slik tilgang til dei gravande journalistane sitt materiale. Berre dei redaksjonelle attforteljingane blir deler av det kollektive minnet
Ytringsfridom
Då eg tok til å ytra meg i livet, var det framleis slik at mitt offentlege rom besto av ei spisebrakke, eit hagegjerde og av og til ei talarliste på Folkets Hus (medan gangen var full av folk som venta utålmodige på at dansinga skulle ta til).
Fyrste gong eg vart omtalt i avisa, var det redaksjonen sine meiningar om meg som sto der. Dei var ikkje spesielt rosande, så eg skreiv eit motinnlegg. Det kom aldri på trykk, for redaksjonen meinte at det ikkje hadde nyhetsinteresse. Eg kunne lire edder og galle utav meg i spisebrakka og over hagegjerdet og på Folkets Hus (heilt til eg blei klubba ned). Alle som høyrde, kjende meg og tok det for det det var. Slik er ytringsfridomens tradisjon.
Ein av konsekvensane er at det einaste «historiske faktum» som finst om mi tidlege ytringshistorie er Dagbladet Sørlandet si meining om mi rolle under Green Berets-demonstrasjonen i Arendal den 10. april 1970.
Slik er det ikkje lenger. I dag kan eg skriva denne bloggen. Eg kan illustrera han med eit bilde som eg finn på to minutt i Digitalt Museum. Eg kan dela bloggen på Facebook og Twitter – og viss nokon meiner det har interresse kan dei dela vidare. Han eller ho treng ikkje vera del av nokon redaksjon elloer noko laug, ho/han treng ikkje eiga nåla i veggen og langt mindre ei presse eller eit abbonnement hos Retriever. Og om hundre år vil kven som helst kunne finne denne mot-ytringa like lett som dei finn Sørlandet-artikkelen frå 1970.
Etikk
Det er verken refleksjon eller politikk og i alle fall ikkje etikk som har æra for at ytringsfridomen har blitt utvida slik. Det er rein og skjær teknikk. Kommersielt driven teknologiutvikling. Digital revolusjon. Internett. Wikipedia, Jpeg og Mpeg og Google og Facebook og WordPress. Eg vil nødig vera uærbødig, men ærleg talt: Har ikkje det meste av etisk og politisk og kulturell debatt sidan 1995 handla om korleis denne utviklinga skal kunne stoppast?
Eg vart skuffa, såra og fly forbanna då eg opna Sørlandet den 11/4 1970. (Eg kjenner det raseriet enno). I tillegg hadde eg to brekte ribbein etter tumultane. Eg var ung sosialdemokrat som blei æresskjelt og stempla som terrorist av mi eiga avis. Og fyrst no har eg fått tatt til motmæle – takka vere Bill Gates og Mark Zuckerberg,.
Det er eit STORT paradoks å tenkje på at dersom eit museum skulle ha samla dokumentasjon om Green Berets-aksjonane i 1969 -70, så er det slett ikkje sikkert at dei ville ha funne det etisk forsvarleg å intervjua meg. For korleis skulle dei ha ivaretatt min sårbarhet? Ville dei vore klare til å møte mine emosjonelle og fysisk prega opplevingar? Og: Hadde dei vore klare til å handtera sine eigne påkjenningar som fylgje av at det gamle raseriet kunne ha vakna igjen hos meg? Dessutan: Kva for garanti ville dei hatt for at det ville vera sant, det eg ville ha fortald?
Dei etiske refleksjonane som skapar slik handlingslammande tvil om samtidsdokumentasjon og munnlege kjelder, er sjølvsagt fundert på den gode vilje. MEN: Det er ein god-vilje-tradisjonell frå den gong slike som meg ikkje slapp til i det offentlege rom som anna enn publikum eller syndebukk. I dag er ideala frå 1789 langt nærare verkeleggjering: Eg er ein likemann. Eg har – og eg tar for gitt at eg har – den same retten til å gi min versjon av samtida som ein journalist. Eller ein museumskurator. Eller ein historikar.
Etikk i 2020 er a): Å rekne med at eg - og dei aller fleste andre tidsvitner i vår tid - står for det vi seier og b): Unntaksvis forstår ikkje somme av oss rekkevidda av det vi seier eller gjer, og då må me vernast mot oss sjølve.
Slike vurderingar gjer journalistane kvar einaste dag. Heller enn å «reflektere rundt våre handlinger og ta del i kontinuerlig læring, (..) å stille spørsmål til det vi ser som museets kjerneoppgaver, og revurdere våre prioriteringer» (Lefkaditou m.fl) kan det vere ein ide å spørja seg om det verkeleg må vera slik, at eit museum og ei avis må ha ulik etisk kodek for ytringar om samtida?
Krise
Det er ikkje vanskeleg å spå at 2020 kjem til å bli eit merkeår i verdshistoria. I krisetider dreier historias hjul fort. Oppfatningar av kva som hender endrar seg ofte frå time til time. Men ingen av oss veit kva for analyser me vil ha samla oss om – eller vil krangla om – om eitt år eller ti år eller femti år. Det vil også endre seg, frå gong til gong, frå forteljing til forteljing, frå maktkonstellasjon til maktkonstellasjon. «Fortida er ikke hva den en gang var», sa Knut Kjeldstadli. Det er ikkje samtida heller. Og kvar gong den bli transformert til fortid, vil dokumentasjonen bli oppfatta på nye måtar og nye moment bli løfta fram.
Eit særtrekk med munnleg historie (oral history) er samarbeid mellom frivillige og profesjonelle. Til no har naturvitskapane vore mest aktive innan grasrotforsking Samtidsdokumentasjon generelt og krisedokumentasjon særskilt er eit naturleg felt der humaniora kan koma etter. Historielag og venneforeningar til musea er tettkpakka med kompetente og engasjerte ressurspersonar som kan mangedoble kapasiteten til musea på feltet samtids- og krisedokumentasjon. (For tida kan dei i tillegg få gratis opplæring i intervju- og dokumentasjon gjennom prosjektet «Munnleg historie for alle«)
«Likemannsprinsippet» blir tydelegare gjennom slikt samarbeid. Alle har forteljingar å bidra med til det kollektive minnet. Musea har forvaltningsansvaret. Kvar enkelt av oss bør ha tilgang til det aller meste der. Profesjonelle (journalistar, kuratorar, forskarar, forfattarar) kan bruka det til å laga sine forteljingar og tolkingar. Alle vi andre kan gjera det same, eller bruka samlingane til å utfylle slektshistoria eller til å gå fagfolka etter i arbeidet. Dei alle fleste vil vera samde i at dette er verdfullt, både i dag og endå meir i framtida. Det trengs berre at tradisjonsbundne redaksjonar forstår av alle blir «rikare» gjennom å dele kjeldemateriale, og at tradisjonsbundne musé forstår at det ikkje er uetisk å dokumentera heile samtidas polyfoni.
10. mai 2020 – Bjørn Enes