Norsk ICOM er den norske nasjonalkomiteen av ICOM – International Council of Museums. ICOM er ein medlemsorganisasjon for musé og museumstilsette over heile verda, og tilbyr nettverksarbeid med medlemmer i 136 land. ICOM setter internasjonale standarder for musea, og har utarbeidd det museumsetiske regelverket som definerar etiske prinsipp for arbeid i museer. Norsk ICOM har rundt 750 medlemmer, og ivaretar ICOMs interesser i Norge. I 2019 og 2020 gjennomfører Norsk ICOM og Norges museumsforbund eit samarbeidsprosjekt om konkretisering av ICOMs museumsetiske retningslinjer for å tilpasse dei behov i norske musé.

Memoar meiner at det er behov for å konkretisere regelverket for munnleg historie i musea. 19. juni sendte leiar av Memoar, Bjørn Enes, inn denne kommentaren til kontretiseringsprosjektet:
Etter mitt syn vil det styrke konkretiseringa av ICOM-regelverket dersom munnleg historie og munnleg kulturarv blir nevnt eksplisitt, og at etiske problem som blir særleg tydelege i slike samanhengar blir kommenterte.
For oss i Memoar ser det ut til at interessa og engasjementet kring oral history / munnleg historie aukar raskt både i musea og i det frivillige kulturvernet (venneforeningar, historielag etc). Vi trur og håpar at dette vil gjere fagfeltet like relevant og spennande i Noreg som det er i mange andre land. I så fall vil behovet for konkretisering på dette feltet også auke.
UNESCO-konvensjonen:
I sjølve konvensjonen om immateriell kulturarv, er “oral traditions and expressions” nevnt som den fyrste av i alt fem “sekkepostar”. (Dei fire andre er “performing arts”, “social practices”, “knowledge and practices concerning nature and the universe” og “traditional craftsmanship”.
Til nå har hovudfokus innan immateriell kulturarv i Noreg vore tradisjonshandverk og tradisjonell utøvande kunst. Ingenting gale med det – men eg meiner altså at det vil vera klokt å førebu regelverket på at problemstillingar innan immateriell kultur kan bli utvida.
Særtrekk ved munnleg kulturarv:
Munnleg historie interesserar seg for subjektive opplevingar av tilstandar, hendingar og endringar i samfunnet, og dei – framleis subjektive – forteljingane som uttrykker slike opplevingar. Munnleg kjeldemateriale om arbeidsliv i industrien kan for eksempel gi andre og utdjupande forklaringar på teknologiske og samfunnsmessige endringar. Dei fleste vil vel også meine at samlingar av reiskapar får større verdi om dei også omfattar munnlege forteljingar om korleis arbeidet gjekk føre seg då ein nytta denne typen reiskap, og ikkje minst korleis reiskapen, og bruken av han, endra seg gjennom åra.
Ein kan ikkje lausriva det immaterielle frå det materielle. Den munnlege historia er uavlateleg knytta til forteljaren, som igjen er uavlateleg knytta til gjenstandane som blir omtalt. Utvikling av reiskap er ikkje konfliktfri, det veit alle som har arbeidd i industri. Dermed er forteljingane heller ikkje eintydige. Usemje om arbeidsmåtar er nær knytta til kultur og sosiale roller, og lever vidare som ulike historieoppfatningar i lang tid. Derfor er det ikkje nok å dokumentera kven som hadde “rett” – fleire versjonar av historia aukar verdien av ei kjeldesamling.
“Sårbarhet” og ytringsfridom.
Eg meiner å ha observert ein tendens til å overdriva problemet “sårbarhet” både i museums- og forskingsetikken. Faren var nok større den gong “vanlege folk” “berre” var informantar eller meddelarar til (sporadisk?) bruk i forskarens eller kuratorens viktige arbeid for å avdekke sant og usant.
I dag er det meir vanleg å oppfatte folk flest som sjølvstendige vesen med eigne oppfatningar og krav på å bli tatt alvorleg. Likevel: På same tid som musea har høgt medvit om faren for å skade personvernet til informantar, så er det lite tradisjon for å problematisere fare for brot på opphavsrett og ytringsfridom.
Konkrete forslag:
Ut frå dette vil eg gjerne ta til ordet for nokre få tillegg til den elles svært gode og konkrete teksten i konkretiseringen av regelverket. Eg har markert tillegga med blå skrift og understreking i formuleringane nedanfor:
Til Kapitlet “Grunnleggende kjerneverdier:’
- Underpunkt “Museet tar hensyn for å beskytte enkeltindivider og samfunnsgrupper som involveres i museets arbeid”
- Forslag: Medvirkende publikum og samarbeidspartnere har rett til å å uttrykke sin versjon av egen historie. Samtidig må de ikke risikere urimelig store belastninger.
- Forslag: Museenes handlefrihet og vurderinger av tiltakenes verdi eller nytte for samfunnet skal alltid veie tungt, men må også veies opp mot andre hensyn. I økende grad bruker museene medvirkning som metode for å inkludere individer og grupper i beslutninger og tiltak som angår dem direkte.
- Forslag: Flere museer er også blitt arenaer for deling av personlig erfaringer og fortellinger som kan belyse dypt kontroversielle tema i samtiden. I gjennomføringen av medvirkningstiltak skal museene verne om andres person, ytringer, integritet og evne til selvbestemmelse. Museer skal beskytte publikum, informater og samarbeidspartnere mot respektløshet, skade og belastninger, både underveis og i etterkant av slike tiltak. Især gjelder dette barn og unge.
- til pkt 3 – 3. Immateriell kulturarv”
- Forslag: Den materielle og immaterielle kulturarven ved museene må sees i nær sammenheng. Vern handler ikke bare om fysisk bevaring av gjenstander, men også om å bidra til å holde kunnskapen og og uttrykkene i live gjennom praktisering og muntlig historie. Immateriell kulturarv er kort oppsummert alt det som blir borte med menneskene som utgjør kulturen: Erfaring, kunnskap, uttrykk, tradisjon, ritualer, sedvaner – det inkluderar både tradisjonell og levende muntlig kultur, utøvende kunst, sosial praksis, ritualer, feiringer og kunnskap, praksis og ferdigheter både om forhold til naturen og innen tradisjonshåndverk. Immateriell kulturarv omtales ofte som….. osv
- Pkt 3:4 – tillegg – avsnitt om museenes samlingsplaner:
- Forslag: “….. videreføre immateriell kulturarv. Det er museet selv som bestemmer hvilke samlinger av gjenstander, intervjuer, kulturelle uttrykk og praksiser det skal prioritere. Dette bør samordnes…..” osv
19. juni 2020 – Bjørn Enes, leiar av Memoar
Veldig bra at muntlige og andre «levende» former for kulturformidling blir ivaretatt topp profesjonelt. For tiden blomstrer nye digitale metoder og muligheter. Et etisk regelverk bør bygges med tilstrekkelig takhøyde for både gårsdagens, dagens og morgendagens løsninger. Lykke til!
LikarLikt av 1 person