Den tyske samfunnspsykologen Stephan Grünewald kategoriserte åtte typiske reaksjonar på Koronakrisa då han blei spurd av Tagesspiegel (30. mai) om kva slags mønster han såg. Det er svært interessant å halda opp hans funn mot våre eigne, i innsamlinga som Folkemuseet tok intitativ til og som Memoar fylgjer opp med munnleg historie-intervju.

Dramaturgien
Dei ulike fasane av pandemiutviklinga er eit viktig bakteppe. Den fyrste fasen var for mange dominert av det usynlege trugsmålet og kjensler av avmakt. To typiske reaksjonar var hamstring og kanhende litt overdriven handvasking. På same tid blei det aktivert ein bremsemekanisme, av politikarar, virologar, media og ikkje minst samfunnsborgarar med håpet i behold: Står vi berre saman, kan vi overvinne fienden!
Den neste var tvilen og polariseringas fase. Var tiltaka tilstrekkelege? Og dermed kom konfliktane. Ung mot gamal, fridomselskarar mot statstlojale, næringsliv mot helse.
Då intervjuet vart gjort (sist i mai), var ein tredje fase i gang. Gjenopninga hadde såvidt starta. Fleire ting blei lov – men ingenting såg ut til å bli som før. Grünewald såg resignasjon og tristesse som hovudtrekk – og sinne hos nokre.
I skrivande stund – om lag tre veker etter intervjuet med Grünewald – ville det ha vore naturleg å spørja om han ser ein fjerde fase, kanhende prega av frislepp og la-det-skure-haldning. Meir om det nedanfor.
Reaksjonane.
Grünewald seier at han er forbløffa over kor ulikt folk reagerte på desse tre fyrste fasane.
“Somme opplevde det som Helvetes forgard. Andre opplevde tilbaketrekkinga som den skjære idyll”. Observasjonane hans er bygd på ein serie djupintervju som han og hans team har gjort i Tyskland.
- Naud: Den fyrste gruppa opplevde direkte materiell og eksistensiell naud. Kombinasjonen heimekontor og barnepass vart og opplevd som skjære nauda av somme. Dobbeltarbeidande kvinner – som frå før levde på bristepunktet – har hatt ein svært tøff periode
- Den andre ytterkanten var forelska par, nybakte mødre – og studentar som fekk nyopplevde kortkveldar heime hos foreldra. Alle desse er eksempel på folk som har fortald om idyll i intervju med Grünewald sitt team.
- Folk i arbeid som ikkje har risikert noko økonomisk, som berre har tatt med seg jobben heim og meir eller mindre styrt sine dagar sjølve, har også stort sett fortald at dei har hatt ei god tid.
- Annleis har det vore for desse som brått mista både inntekt og livsinnhald. Typisk var det folk i kreative yrker, som eventmanagers eller skodespelarar. Mange av dei brukte tida til å finne alternative måtar å arbeide på. Men dei lengta tilbake til livet og publikum slik det var.
- Så var det desse som arbeidde meir enn nokon gong under koronakrisa, som ikkje fekk det eine videomøtet unna før det neste begynte. Som fyrst og fremst sakna pusteroma som kvardagane har, på vegen frå det eine møtet til det andre. Mange av desse har opplevd nedstenginga som frustrerande mas – dei lengtar tilbake til kvardagens ro.
- Blant dei som har hatt det vanskelegst og som har hatt minst håp om betring, har nokre retta sinnet mot Staten i staden for mot viruset. Dei brukar masse tid på internett, på leiting etter bevis for at viruset slett ikkje er så farleg og at frihetsinnskrenigane ikkje trengst. Det er desse som er mest mottakelege for konspirasjonsteoriar.
- Den siste gruppa Grünewald nevner er dei som har trekt seg heilt ut av samfunnet, som har islolert seg med nitide hygieneritual og aggressivt forsvar mot alle som kjem for nære når dei ei sjeldan gong må på supermarknaden. Blant desse er der også ein del som har ei strålande tid, med hovudet fulle av private prosjekt: Dei innreiar kjellarstover, sorterar papir og steller i vinterhagen og lengtar slett ikkje tilbake.
Og så?
Dette intervjuet blei altså gjort sist i mai, då dei fyrste varsame steg mot gjenopning nett var tatt. På spørsmål om kva om no ville skje, tippa Grünewald dette:
“No kjem dei tilbake, alle dei problema me hadde før: Polariseringa, orienteringsproblema, visjonsløysa og verdsettingsproblema – det at ein del folk har kjensle av å bli oversett av eliten”
Som nevnt: Skrivande stund er mest tre veker seinare enn intervjuopptaket. Dette året hender alt så fort, at det nærast er “historieforsking” å lese tre veker gamle intervju. I mellomtida har verda reist seg i protest mot rasistisk politivald i USA. Spådomen om polarisering i alle fall blitt realitet. Dei som før var mot smittevern , er no endå meir imot antirasistiske demonstrasjonar. Frisleppet er i full gang – og smittetala stig til uante høgder. det einaste som er sikkert, er at dramaturgien vil omfatte nye fasar i sommar, haust og til vinteren.
Det meste av Grünewalds skildring av tyske koronareaksjonar er gjenkjennelege med det me kan observera i dei norske. Men vi er berre halvvegs i koronaåret. Innsamlinga held fram – og etter kvart skal vi starta diskusjonen om kva slags mønster vi ser i vårt material og.
Sjå: www.minner.no/tema/korona (innsendte tekstar og intervju) og www.memoar.no/korona (intervju)
1 Comment