Seks personar har stilt seg bak visjonen om eit norsk Senter for munnleg historie. Dei seks er historikar Aud Mikkelsen Tretvik (NTNU), leiar av Norsk etnologisk gransking Audun Kjus (Folkemuseet), leiar av Memoar Bjørn Enes, fagansvarleg for Norsk Folkeminnesamling Line Esborg (UiO), prosjektleiar for «Munnleg historie for alle», Line Førre Grønstad og avdelingsleiar Sunnfjord Museum, Marie Nicolaisen.

Initiativtakarane knyter dette arbeidet saman med synspunkta i høyringssvar til humaniorameldinga i 2016 som samla brei oppslutting frå humanistiske fagmiljø. Eit hovudmoment i høyringssvaret var at det er behov for eit digitalt arkiv for kvalitative data. Dette er i ferd med å kome på plass i og med løyvinga til utvikling av SAMLA kulturhistorisk arkiv (felles for Folkeminnesamlinga, Norsk etnologisk gransking og Etno-folkloristisk arkiv i Bergen).
Neste trinn i denne postive utviklinga bør vere eit Senter for munnleg historie, meiner initriativtakarane. Les heile visjonserklæringa på nettsida www.munnleghistorie.no . Der er det også mogleg markere støtte.
Hausten 2020 tenkjer initiativtakarane å samle støtte til visjonen. Planen er å invitere til eit arbeidsmøte i Bergen 22. oktober for å drøfte videre framdrift i arbeidet for senteret.