Den fyrste oktober leverte Memoar inn rapport til Bergen Kommune for fyrste del av kursutviklingsprosjektet (kursutvikling.memor.no). Heile rapporten kan lesast i Memoar sitt dokumentarkiv. Eit direkte rsultat av fyrste kursgruppe av dei to intervjua med Ella Rafto:
![]() |
Sjå http://Ella.Rafto.Memoar.no |
Rapporten frå prosjektleiar ser slik ut:
Den 23. mai 2016 fekk Memoar tilsagn om støtte kr. 15.000,- frå Bergen Kommune til prosjektet «Kurs – Minnesamling». Målsetjinga var å utvikle og gjennomføre ein fyrste prøverunde av eit kursopplegg som seinare kan repeterast mange gonger, i regi av Memoar eller andre organisasjonar /institusjonar som arbeider innanfor kulturvern og dokumentasjon av historie.
Prosjektbudsjettet konkluderte med at utviklings- og utprøvingsarbeidet ville koste oss i alt kr. 37.500,-. Det vart søkt om kr.31.000,- i støtte frå Bergen Kommune. Tilsagnet vart som nemnt kr. 15.000,- og me fann det difor naudsynt å revurdere budsjettet.
Veka før hadde me fått tilsagn om støtte frå Kulturrådet til eit større men parallellt prosjekt der målsetjinga var å utvikle ein kursmal som skal kunne brukast både av Memoar, Norsk etnologisk gransking (Folkemuseet) og Folkeminnesamlinga (UiO), både i profesjonelt dokumentasjonsarbeid og i frivillig (lokal)historisk arbeid. Dette prosjektet var kalkulert kr. 205.175,- . Av dette støtta Kulturrådet med kr. 70.000,-
Me hadde såleis to parallelle men sterkt underfinansierte prosjekt å ta fatt på i mai 2016.
Forprosjekt – hovudprosjekt:
Me valde å løyse dette problemet slik at me fyrst henta inn ei viljeserklæring frå prosjektleiar / kursleiar om at han var villig til å arbeide utan garanti for å få utbetalt løn eller honorar for sitt arbeid. Han gjekk med på dette, men presiserte at han då rekna med ein moralsk rett på å bli engasjert som kursleiar når kurset seinare skal gjennomførast på normale vilkår. (Kopi av viljeserklæringa er lagt ved). Etter dette takka me ja til begge løyvingane.
Me slo så dei to prosjekta saman slik at me rekna Bergensprosjektet som eit forprosjekt og Kulturrådsprosjektet som eit hovudprosjekt. Denne rapporten gjeld såleis som ein rapport om forprosjektet, og den vil og bli teken med som ein del av sluttrapporten til Kulturrådet seinare i vinter.
Som målsetjingar for forprosjektet eller Bergensprosjektet heldt me fast med det som var avtalt med Bergen Kommune: Me skulle førebu, produsere læremateriell og gjennomføre eit introduksjonskurs om munnleg historie og minnesamling i Bergen i perioden mai-september 2015.
Som målsetjingar for hovudrosjektet heldt me fast med det som var avtalt med Kulturrådet: Me skulle samarbeide med Norsk etnologisk gransking, Folkeminnesamlinga og nettverket Arbeidsarven, drøfte kursutviklinga på ein nasjonal workshop og ei internasjonal studiereise, skrive ut og tilgjengeleggjere kursmateriell, gjennomkøyre og evaluere versjon 2 av kurset og gjere det tilgjengeleg for alle som arbeider med munnleg historie og immateriell kulturarv i Noreg.
Bergensprosjektet i kortversjon:
Bjørn Enes tok på seg arbeidet med å førebu og gjennomføre fyrste kursgruppe. Før kursstart gjorde han ei studiereise til Storbritania, der han møtte og intervjua tre «oral historians» og tok del i introduksjonskuset til Oral History Society i Sheffield 23/4. Rapport frå studiereisa og kurs er publisert i bloggen Framdrift.Memoar.no.
Det «norske» kurset starta torsdag 26. mai med ti deltakarar. Det var ei svært kompetent gruppe med kunnskapar og erfaringar frå arkivarbeid, lokalhistorisk formidling, medieutvikling, frivillig kulturarbeid og journalistikk. Gruppa møttest igjen 2, 9. og 16. juni og 11. august.
Til kvar samling vart det laga førebuingsmateriell som vart publisert på den opne kurssida Kurs.Memoar.no. Etter kvar samling vart materiellet redigert, oppdatert og forbetra ut frå dei diskusjonane som hadde vore. Fyrste kursdag vart det laga prøveopptak og klipt saman ein «videoblogg», og alt frå veke 2 var kursdeltakarar i gang med å lage «ekte» intervjuopptak. Erfaringane dei gjorde seg var med på å auke kvaliteten av tilbakemeldingane på kursmateriellet, slik at det skjedde ei vesentleg vidareutvikling av innhaldet alt under dette «pilotkurset».
Kurset resulterte i at to nye innsamlingsprosjekt er starta opp i haust: Det eine har utgangspunkt i lokalhistoriske intervju på Møhlenpris, det andre har utgangspunkt i mål, dialekt og språkspørsmål i «nynorskbyen Bergen».
Ein hovudkonklusjon av den fyrste kursgruppa var at sjølve introduksjonskurset ikkje treng å gå over fem kveldar, slik det fyrste gjorde: Den beste introduksjonenskjedde alt på dag 1, då deltakarane vart «kasta på djupt vatn» og fekk forsøke seg både som intervjuar og intervjuobjekt. Etter det viste det seg at dei som seinare vart aktive minnesamlarar, alt var klare for å starte.
Opprinneleg og revidert budsjett og rekneskap for forprosjektet / Bergensprosjektet ser slik ut:
Samandrag: | |||
Originalbuds | Rev.buds | Reknesk | |
Materialkostnader | kr 3 000,00 | kr 1 500,00 | kr 2 030,24 |
Kjøp av tenester | kr 0,00 | kr 0,00 | |
Marknadsføring / annonsering | kr 0,00 | kr 0,00 | |
Honorar | kr 30 800,00 | kr 30 800,00 | kr 30 800,00 |
Andre utgifter | kr 3 700,00 | kr 3 700,00 | |
total: | kr 37 500,00 | kr 36 000,00 | kr 32 830,24 |
Tilskot kommune | kr 31 500,00 | kr 15 000,00 | kr 15 000,00 |
Andre inntekter | kr 6 000,00 | kr 6 000,00 | kr 3 000,00 |
Ufakturert profesjonelt arbeid | kr 0,00 | kr 15 000,00 | kr 18 277,00 |
Anna | kr 0,00 | kr 0,00 | 0 |
Totalt | kr 37 500,00 | kr 36 000,00 | kr 36 277,00 |
Den største kostnaden har vore timekostnader under arbeidet med utvikling og gjennomføring av kurset. Dette var også hovudkostnaden i budsjettet. I samsvar med viljeserklæringa som er nemnt ovanfor, har kursleiar og forfattar av kursmateriellet levert ein nota der han dokumenterer i alt 80,5 arbeidstimar til «Bergensdelen» av prosjektet. Av avtalt honorar kr. 30.800,- har han kreditert prosjektet med kr. 18.277,- og sagt seg villig til å utsetje faktureringa av restbeløpet (kr. 12.523,-) til del 2 av prosjektet er gjennomført. På den måten kan fyrste del av prosjektet avsluttast i balanse.
Utviklinga av prosjektet er dokumentert på nettsida kursutvikling.memoar.no. Der vil ein og kunne fytlgje utviklinga av hovudprosjektet.
Produsert kursmateriell er opent tilgjengeleg for alle på adressa kurs.memoar.no
Med dette vil me takka Bergen Kommune for støtta på kr. 15.000,- til gjennomføring av dette prosjektet. Me er så frie å meine at Bergen by har fått god verdi for denne investeringa.
Bergen – 1. oktober 2016
Bjørn Enes ,
Prosjektansvarleg