Eit krafttak for munnleg historie i Hordaland

Kulturpolitikarane i Hordaland har løyvd 200.000,- kroner i støtte til Memoar for at me skal gjera eir krafttak for infrastruktur, kompetanse og organisasjon for munnleg historie («oral history») i Hordaland. Dette vil gjere 2017 til eit svært aktivt år, og dei historielag, bibliotek, musé eller slektsgranskarane som er mest frampå vil kunne bli med på denne satsinga.

Løyvinga gjer det mogleg for oss å engasjera ein prosjektleiar i 20 prosent stilling og å gjera nokre innkjøp og reiser for å få til dette:

Infrastruktur:

  • Intervjustudio: Me vil skaffa oss eit mobilt intervjustudio som me enkelt kan flytta rundt på brukarstader i heile fylket.
    • Fyrst og fremst ynskjer me at bibliotek skal låna det for å skaffa seg erfaringar med minneopptak som nytt bibliotekstilbod. Målet vårt vil vera at flest mogleg bibliotek skaffar seg eige slikt utstyr, og me skal hjelpa dei praktisk og kompetansemessig med å få det til.
    • Dernest ynskjer med å låna eller leige det ut til organisasjonar, bedrifter eller insitusjonar som ynskjer å gjera minneopptak f.eks. i samband med eit bedriftsjubileum. På sikt tenkjer me at utleige av utstyr kan vera ei av inntektskjeldene til ein permanent organisasjon. Men i prosjektperioden vil det viktigaste vera å skape interesse og engasjement rundt minnesamling.
  • Arkiv: Me skal fyrst og fremst påverka og samarbeida med den offentlege Arkiv-, biblioteks- og museumssektoren for å få oppretta eit ope offentleg arkiv for munnlege livsforteljingar og anna munnleg kjeldestoff.
    • Men me skal ikkje venta på at det kjem på plass. Inntil vidare skal me idareutvikla den piloten som me har laga i «nettskya» saman med Dropbox.com og Vimeo.com (sjå Arkiv.Memoar.no). I løpet av året skal alle innbyggarar i Hordaland kunne avlevera munnlege forteljingar dit.
    • når ein offentleg arkivstruktur er på plass skal så alt innhald i Arkiv.Memoar.no avleverast dit.
  • Publiseringskanal: Me ynskjer også at det offentlege skal eiga og drifta ei formidlingsteneste der folk sjølve kan publisera og dela sine forteljingar. Ei slik teneste er under utprøving i Sverige (Minnen.se) og fyrste versjon av ein norsk «tvilling» (Minne.no) kan bli lansert alt i september i år.
    • Me vil fylgja nøye og gjerne samarbeida om utviklinga av Minne.no for å forsøka å få den utvikla slik at den dekkjer visjonen vår.
    • Parallellt vil me vidareutvikla nettsidepiloten Memoar.no og dei ulike prosjektnettsidene (Sjofart.Memoar.no, Industri.Memoar.no, Motkultur.Memoar.no etc) både for å synliggjera visjonen vår og å prøve ut nye formidlingsidear saman med samarbeidspartnarar.

Kompetanse:

Utviklinga av «oral history» som fag- og forskingsområde begynte for alvor med bandopptakaren på 1930-talet. Ho fekk nye oppsving med kasettspelaren på 1960-talet og særleg med alt det rimelege opptaks- og lagringsutstyret som kom med den digitale revolusjonen. Særleg har det skjedd mykje i USA, Storbritania og resten av den anglofone verda. Men i Noreg har innsamling av munnleg kjeldemateriale stort sett vore avgrensa til folkloristikk. Me ynskjer å arbeida for ei meir oppdatert forståing av munnleg historie. På søknadstidspunktet ynskjer me å arbeida for:
  • Å utvikla ein debatt om forståing og prakisering av omgrepet «munnleg historie»: Me har sjølvsagt ingenting imot folkloristikk. Men me meiner at munnlege kjelder er ulikt mykje viktigare også som historiske kjelder enn det er vanleg å tenkje. Når det gjeld kjeldemateriale frå vår eiga tid, er munnleg materiale også blitt viktigare av di stadig færre personar etterlet seg brev, dagbøker og anna skriftleg dokumentasjon på sine liv og roller.
    • Me ynskjer å gjennomføra ein nasjonal workshop om dette hausten 2016, og fylgje opp med faglege arrangement seinare i prosjektperioden.
  • Å utvikla og arrangera to slags introduksjonskurs til munnleg historie:
    • Eit kort og praktisk innføringskurs for nybegynnerar om å bruke intervjustudio, arkiv- og publiseringsløysing.
    • Eit grundigare introduksjonskurs for profesjonelle (tilsette i arkiv, bibliotek og museum, frilansarar etc), aktive medlemmer av Memoar og/eller andre organisasjonar. Dette arbeidet har me alt fått delfinansiering for frå Kulturrådet (sjå budsjettet). Fyrste del av arbeidet skal gjerast hausten 2016 i samarbeid med Folkeminnesamlinga og Norsk etnologisk gransking. Prosjektsida er Kurs.Memoar.no
  • Standardiserte samtykkedokument: Ein fylgje av den låge statusen til munnlege ytringar er at dei etisk og juridisk har vore rekna som personsensitivt materiale i staden for frie ytringar.
    • I prosjektperioden vil me utvikla og ta i bruk eit avtalesystem som slår fast at det er forteljaren (den som vert intervjua) som er eigaren av ytringa og som bestemmer korleis ho skal kunne delast og/eller brukast (kva for creative commons-lisens som skal gjelde).
  • Kvalitetssikre dokumentasjonsmetode: I løpet av forprosjektet har me utvikla ein dokumentasjonsmetode der me markerer kvar ny delforteljing i kvart intervju med eit stikkord. Somme av desse stikkorda går att, og me er i ferd med å bygge opp lister av emneord i kvart prosjekt.
    • Det trengst ei kritisk evaluering, revisjon og standardisering av denne metodikken. Ambisjonen er at me skal bygge eit system av emneord som gjer det munnlege kjeldematerialet søkbart. Dette er ein viktig strategisk del av utviklingsarbeidet, og me vil søke råd både frå historiefagleg, kulturvitskapeleg og arkivfagleg hald.
  • Emneordstagging: Mot slutten av forprosjektet hadde me klar eit system for generering av emneord og «tagging» av dei i videospelaren – det vil seia å gjere dei klikkbare, slik at kan gå direkte dit i videointervjuet som han/ho ynskjer. Slik emneordstagging er også viktig for å kunna bruka utdrag av intervju i utstillingar, vandringsruter el.l. utan å måtta fragmentera hovudintervjuet.
    • I løpet av prosjektperioden ynskjer me å emneordstagga alle opptak i det mellombels arkivet, og å laga ei rutine for emneordstagging av alle nye filar.
  • Bruk i utstillingar: I løpet av prosjektperioden vil me gjennomføra minst eit prosjekt saman med eit museum (Sjøfartsmuseet), der utdrag av munnlege minneopptak blir brukte som element i utstilling. Når eit opptak fyrst er gjort, dokumentert og emneordstagga, er det ein «kvardagsleg sak» å gjera utdrag av det tilgjengeleg i utstillingar, enten gjennom fysiske skjermar i utstillinga, eller – rimelegare og meir mangfaldig – gjennom QR-kodar som startar forteljingane direkte på publikum sine eigne smarttelefonar eller nettbrett.
  • Geotagging: I løpet av prosjektperioden ynskjer me å gjennomføra minst eit prosjekt der me samlar munnlege forteljingar for bruk i ein mobil applikasjon der brukaren automatisk får opp utdrag av forteljingane på nettbrett/telefon når ho/han nærmar seg det punktet som forteljinga handlar om. På søknadstidspunktet er me i dialog med tre aktuelle app-eigarar: «Din mobile grindagut» med lokalhistorisk stoff om Kvinnherad (http://app.grind.no/), «Kulturpunkt» som er utvikla av Folkemuseet – http://kulturit.org/kulturpunkt – og den britiske «Geotourist», ein enkel og gratis variant for sosiale media. (Me har laga og testa ut ein prøvemodell av sistnente, sjå http://geotourist.com/tours/1017).
  • Publikumsarrangement: Forprosjektet har vist at minneforteljingar er eit kulturuttrykk med publikumsappell. Somme forteljarar vert «gira» av å ha eit publikum slik at forteljingane vert betre. Og sjølv om publikum har eigne nesten heilt like erfaringar som forteljarane, er det svært populært å høyre på – gjerne i timevis.
    • I løpet av prosjektperioden ynskjer me å lære meir om dette gjennom fleire publikumsarrangement med formidling av munnlege forteljingar om levd liv.
  • Erfarings- og kunnskapsdeling gjennom blogg. Både akademisk og sivil/frivillig sektor treng ei djuptgåande skildring av fagområdet munnleg historie. Bloggen Framdrift.Memoar.no kan vere starten på arbeidet med ei norsk handbok for munnleg historie.

Organisasjon:

I forprosjektperioden har det utvikla seg ein prosjektbasert arbeidsmåte der Memoar samarbeider med andre organisasjonar og verksemder i konkrete prosjekt, utan å gjera bygginga av Memoar i seg sjølv til ei hovudsak. Dette har fungert bra så langt, men me har ikkje avslutta diskusjonen om kva slags type organisasjon Memoar skal utviklast til.
  • Prosjektorganisering: I perioden skal me – saman med faglege, sivile og gjerne kommersielle organisasjonar – utvikla fleksible og effetkive samarbeidsmåtar gjennom minst seks minnesamlingsprosjekt med videointervju av primærkjelder. På søknadstidspunktet arbeider me med desse planane og samarbeidspartnarane:
    • Sjøfartsminne.Memoar: Saman med Bergen Sjøfartsmuseum og Bergens Skipperforening vil me gjennomføra ein serie minneopptak med personar i Hordaland som er/har vore del av nyare norsk sjøfartshistorie.
    • Industri.Memoar: Saman med Norsk etnologisk gransking, fagrørsla og andre organisasjonar med industrifokus vil me ta initiativ til ei større innsamling av munnleg kjeldemateriale frå personar som har vore med på dei store endringane i norsk industri i perioden 1945 til i dag.
    • Motkultur.Memoar: Me vil vidareutvikla og formalisera eit påbegynt innsamlingsprosjekt der ideen er å dokumentera minner om ulike undergrunnskulturar på 1960-,-70 og -80talet.
    • Livsforteljingar: Me vil vidareutvikla eit prosjekt som me har begynt saman med Bergen Bibliotek. Me har oppretta eit intervjustudio som alle innbyggarar i Bergen kan nytta gratis. Me vil tilby kurs, intervju- og dokumentasjonshjelp for organisasjonar og einskildpersonar som ynskjer å gjere enkeltståande opptak av minner og livsforteljingar i dette studioet. Me vil også arbeide for å bringe denne ideen vidare til andre bibliotek i Hordaland.
    • Idrettsminne: Saman med Sportsklubben Djerv og prosjektet Historietorget.no ynskjer me å gjennomføre ein serie minneopptak med personar som har vore/er del av masseidrettsrørsla i Hordaland.
    • Lokalhistorie: På søknadstidspunktet er Memoar i dialog med offentlege og sivile organisasjonar i to distriktskommunar om innsamling, dokumentering, arkivering og eventuell publisering av lokalhistoriske minneopptak. Desse dialogane handlar også om utvikling av formidlingformer, og me kjem attende til dei nedanfor.
    • Krigsminne: Memoar har blitt bedne om å tilgjengeleggjere ei samling minneopptak med personar som var del av krigshistoria i Hordaland. Dei fleste av desse forteljarane er borte, og dei kan ikkje gi sitt samtykke til nettpublisering. Men opptaka vart gjort ut frå den felles føresetnaden at dei skulle publiserast og på det grunnlaget vil me digitalisera, dokumentera og publisera dei.
  • Å bygge fagleg og organisatorisk nettverk i Hordaland: Dei viktigaste partnarane er alt nevnte fleire gonger:
    • Biblioteks-, arkiv- og museumstilsette, leiarar og tilsette i private stiftingar, fond, organisasjonar og kulturnæringar, og heile breidda av frivillige organisasjonar.
    • Forskarar, akademikarar og kunstnarar er også viktige i det regionale nettverket.
  • Bygge nettverk i Noreg: I løpet av prosjektperioden treng me å utvikle relasjonar til og evt. bli medlemmer av landsdekkande organisasjonar. Dette er ein viktig del av arbeidet for å sikre at utviklinga i Hordaland sprer seg til resten av landet.
  • Internasjonale kontaktar: I løpet av forprosjektet har me innleidd kontakt me Oral History Society i Storbritania og Oral History Association i USA. Me har stor tru på at det vi vere nyttig å vidareutvikla desse kontaktane.
  • Bygge ut Memoar som sjølvstendig organisasjon.
Prosjektside:
Du kan fylgje framdrifta av dette arbeidet på ei eiga nettside: Krafttak-Hordaland.Memoar,no. Prosjektet vil førebels gå frå oktober 2016 – oktober 2017. Men viss det utviklar seg slik planen er, vil Memoar neste år også søke om eit andre prosjektår.

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.