Forteljinga på Vemork.
Eg skal ikkje forsøke meg på nokon kunst- eller museumsfagleg melding av utstillinga. Mitt ærend er forteljinga.
Veldig kort fortalt går den slik: Ein film fortel om den andre industrielle revolusjonen i Noreg rundt 1900 – 1920, då vasskrafta vart bygd ut og den elektrokjemiske og elektrometallurgiske industrien vart etablert. Sam Eyde vert via stor plass. Filmen avsluttar slik: «Men i dag må flere tradisjonelle industriområder som Odda, Sauda og Tyssedal omstilles. Fabrikkene er ikke så lønnsomme i dag, når kraften kan transporteres ut av området. Men flere av de gamle kraftverkene er nå fredet, og områdene rundt er blitt nasjonalparker.»
Etter denne oppløftande starten vert me så presenterte for den perioden som ligg mellom Sam.Eyde og «i dag», i hovudsak gjennom fem montrar der like mange industriarbeidarar fortel om sin bedrift og kvart sitt tiår:
- Arbeidsformann «Arne» fortel om Glomfjord Salpeterfabrikk i 1957,
- Syar «Liv» fortel om O.A.Devolds Sønner i Langevåg i 1965,
- Sveisar «Olav» fortel om Bergens mekaniske Verksteed i Laksevåg i 1976,
- Papirmaskinsoperatør «Terje» fortel om Norske Skog Papirfabrikk i Skogn i1996 og
- Ovnsoperatør «Thomas» fortel om Elkem Solar Siliciumfabrikk i Kristiansand i 2008.
Etter dei fem kjem ein vegg med kikkhol der me kan sjå dagens arbeidar Det er ein svolten og sjuk asiatisk barnearbeidar under tvangsarbeid. Heilt tilsist får me sjå framtidas industri. Det er konkretisert som produksjon av fornybar energi, energieffektivisering og omstilling av transportsektoren.
Oljealderen er berre nemnd i bisetningar – for eksempel i forteljinga til Olav om 1970-åra på BMV Laksevåg, der ein kan lese at den nye oljeverksemda kom til unnsetning då marknaden for skipsreparasjonar vart dårleg på 1970-talet.
Den elektroniske revolusjonen er såvidt eg kan sjå heller ikkje nemnd i anna enn bisetningar – for eksempel i monteren om «Terje» frå Skogn, der det står at overgangen til elektroniske medier har blitt ei utfordring for papirindustrien. Plakatoverskrifta «Fiber, vann og kraft» handlar ikkje om kraftbransjen si satsing på elektroniske motorvegar på tidleg 2000-tal, men om trefiber.
Endringane i arbeidsorganisasjon er berre nemnd i historia til «Liv» frå Devold. Ho representerer 1960-talet og fortel om tidsstudier.
Aukinga i industrisysselsetjing fram til 1975 er såvidt nemnd i ein artikkel som kan lesast av besøkande med god tid. Den vektlegg den fyrste og den andre industrielle revolusjonen og den statlege industripolitikken etter krigen, før den slår fast «sysselsettingen nådde toppen på midten av 1970-tallet. På dette tidspunkt hadde imidlertid en generell nedgang i norsk industri satt inn».
Miljø- og forureiningsproblem er ikkje nemnde – det er derimot forbetringane, som i fylgje utstillingsmontrane vart tekne på fullt alvor både av Norske Skog Skogn på 1990 talet og Glomfjord Salpeterfabrikk på 50-talet.
Kortversjonen av denne forteljinga går etter mi oppfatning slik: Norsk industri vart starta av Sam.Eyde ved hjelp av vasskraft i fyrste delen av førre hundreår. Den vaks til midt på 1970-talet, men har sidan vore i tilbakegang. Industriarbeidaren er i dag fyrst og fremst å finne mellom «218 millionar barnearbeidarar i verden, og 100 millioner av dem er involvert i den verste formen for barnearbeid».
Ei alternativ forteljing:

-
Den kalde krigen førte til eit rasande kapplaup innan romfart, militær rustning og industriell kapasitet. Fokus var teknologiutvikling – og norske teknologiske og industrielle miljø vart svært engasjerte.
-
Elektronikken gjorde inntog på område etter område: Radioen var førti år gamal i 1960 (tilsvarar alderen på fargefjernsynet i dag). Radaren var tjue, radiotelegrafien var i ferd med å gå frå militær toppløyndom til bruksteknologi i skipsfarten. Datamaskinane hadde vist bruksverdien sin i romfart og militærteknologi og var så smått blitt eit forskingsobjekt i sivilt liv (Noreg fekk si fyrste datamaskin i 1958)
-
Gjennom 1950- og 60-talet slukte fabrikkane enno arbeidskraft langs lange produksjonsliner der arbeidarar repeterte oppstykka operasjonar. Formenn og tallymen kontrollerte, telte, rapporterte og disiplinerte medan tekniske funksjonærar samla og vidareutvikla kunnskap, tok avgjerder og sende ordrar attende gjennom mellomlaga til arbeidarane.
-
Også ideologiane var hierarkiske, og heilt i samsvar med arbeidsorganiseringa, produksjonssystemet og makttilhøva. Der var store industrikonsern i store samanslutningar – og på den andre sida var der store arbeidar- og folkeorganisasjonar. Likskapstanken sat i ryggmargen både på høg og låg: I økonomien var massemarknaden viktigare enn rikfolk si kjøpekraft. Vekst innebar masseproduserte varer til alle – det var berre spørsmål om å stå i kø. I politikken var prinsippet heilt parallelt: Alle skulle få dei same tinga, radio, vannklosett, husbankhus, bil. Det mest refferdige var sjølvsagt at alle fekk det på same tid, men køane kom ein ikkje unna. Urettvise var fyrst og fremst at nokre hadde to radioar medan andre hadde ingen.
-
Utvikling var vekst: Meir, fortare, fleire, høgare effektivitet.
-
Så tok utviklinga ei ny retning. Ikkje brått, ikkje oppskakande – ikkje ein gong gjennom oppheita diskusjonar. Teljinga vart automatisert. Istaden for omtrentlege rapportar med tømmerblyant på rutepapir kom det ugjendrivelege fakta frå holkort og stemplingsklokker. Det kom nye spørsmål ut av automatiserte rapportar – og ei ny interesse for kva som faktis gjekk føre seg på fabrikkgolvet: Kor låg flaskehalsane? Kven var det som hadde det beste innsynet i dei, mellomleiarane – eller dei som faktisk gjorde jobben? Kunne ein arbeidar tenkje?
-
Kunnskapsdeling vart god bedriftsøkonomi – og snart vart den og automatisert, det kom tal frå holkortmaskinane på oppslagstavlene kvar månad: Så mykje produsert, så mange timar, så mykje sjukefråver. Så mykje forbruk av olje, straum, og anna innsats.
-
Ei lang utviklinsline starta, der arbeid endra seg for fleire og fleire arbeidarar – frå repeterande einskildoperajonar til problemløysing: Korleis kan flaskehalsar fjernast, korleis kan elektronikk og mekanikk skruast saman slik flaskehalsar vart automatiserte?
-
Di meir avanserte reknemaskinane vart, og di lenger forståinga utvikla seg om at alt kunne gjerast om til tal, di meir meiningslaus vart den gamle hierarkiske organiseringa. Snart vart dei elektroniske reknemaskinane døypte om – fyrst til EDB-maskinar, og så til datamaskinar.
-
Frå 1975 skaut robotiseringa slik fart at produksjonsverksemdene sin glupske apetitt på
- arbeidskraft flata ut. Det var ikkje berre eitt svar – fleire folk – på alle problem, der var eit til: Meir automatisering, betre måleinstrument, betre reknemaskinar – og fleire idéar..
-
Fyrst kom elektronikken på arbeidsplassane. Så kom han i butikken og heime: Automatiske telefonar, Platespelarar, radiokabinett med sjølvskiftar, Fjernsyn, fargefjernsyn, tastafonar med talkodar for vekking av frøken Ur og vidarekopling når ein ikkje var heime, trådlause telefonar, lommekalkulatorar, CD-spelarar, boksar med bondesjakk som kunne koplast til fjernsynet, personlege computerar, mobiltelefonar, digitale kamera og fjernsryrte droner.
-
Elektronikken revolusjonerte produksjonen. I løpet av få tiår forsvann det repeterande manuelle arbeidet: Enten vart det automatisert (kall det gjerne robotisert) – eller så vart det flytta til deler av verda der arbeidslønene framleis var låge. (Der førte dei nye arbeidsplaassane til rivande uutvikling, industrialisering og økonomisk vekst og framveksten av ein ny kategori land – NIC «newly industrialized countries»).
-
Men det stoppa ikkje der. Endringane forplanta seg vidare, til kommersiell sektor, finans, foraltning og til sist til kulturlivet. Tusenvis av bankkasserarar vart erstatta av minibankar, tusenvis av nye yrkesgrupper vart erstatta av nettbankar og sjølvbeteningssystem. Etter kvart som større og større deler av befolkinga meistra dei nye verktøya, vart endringstakten driven opp. Alle småkjøpmenn i alle handlar vart raderte ut av historia på rekordtid og all vareomsetjing flytta over i «kjøpefabrikkar». Skyskraparane med kontorfolk og kontrollørar i likningsvesen, trygdevesen, vernepliktsvesen og og alle tenkjelege offentlege vesen vart erstatta med dataprogram og brukarstyrte appar – til og med i avisene vart annonseutforming, abbonnementsadministrasjon og redaksjonell produksjon brukarstyrt og sjølvbetent medan reportasjeleiarane sin nyhetsteft var «robotisert» og styrt av like ugjendrivelege logaritmer som tala frå holkortmaskinane i industrien på 1960-talet.
To brennande spørsmål:
1): Går det an å forstå Noreg i dag utan å forstå denne forhistoria?
![]() |
(Foto: Deloittebloggen) |
I oppsummeringa over er det eitt viktig trekk eg har hoppa over: Fragmenteringa. Kunnskapsdelinga, den seinare kommunkasjonsrevolusjonen og dei flate strukturane gjorde at teknologiutviklinga tok av i alle moglege retningar på ein gong. Det var fullstendig uråd for noko menneskje å halde oversikt over kva som hende. Me vart alle ekspertar på stadig snevrare felt, og me gjekk glipp av meir og meir av det som hende på andre områder. Media slutta snart å forsøke dei og, for dei allmenne interessene drukna i publikum sine særinteresser – vitskap, teknologi og organisasjonsutvikling vart noko for spesielt interesserte.
I nokre få tiår har me levd i ein epoke der menneskeslekta sin samla kunnskap er grenselaus – på same tid som kvar ein av oss har stadig trongare båsar rundt kva me veit mykje om.
Eg trur at det er der forklaringa ligg på at industrien kunne endre totalt karakter utan at «storsamfunnet» la merke til det. Innskrenkingar og oppseiingar vart jo lagt merke til, flytting til lågkostland likeså. Men årsakene til at nokre bransjar ikkje la ned og ikkje flytta – dei gjekk hus forbi og vekte ingen diskusjon.
i desse dagar opplever me det komiske forholdet at mediesektoren endeleg ser ut til å starta der industrien gjekk føre for førti år sidan. Redselen er den same («arbeidsplassane vert tekne over av robotar»), dommedagssynene er dei same («den kritiske pressa dør – demokratiet forvitrar»). Nytenkjinga er der, det sprett om nye media overalt, og dei døyande gamle skuldar dei for manglande solidaritet…
Eg meiner at forteljinga om den moderne industriarbeidaren og den elektroniske revolusjonen er viktig å få fortalt for at me skal begripe det som hender i dag.
2: Men går det an å forstå den moderne industrihistoria utan å samle dem munnlege historia?
Dei som skapte føresetnadane for endringane utover 1970- og 80talet var i sine beste år den gong. Dei var nokre gonger førti, oftare femti, ikkje uvanleg var dei seksti år gamle.
Dei som var 40 i 1975 er 80 i dag.
Dei har jamnt over ikkje skrive noko om kva dei var med på. Har dei skrive, så har det stort sett vore presentasjonar av det dei hadde lyst til å prøva. Rapportane etterpå spurde ingen etter: Virka dirka det, vart det implementert. Virka det ikkje så vart det forkasta og gløymd og kreftane vart brukte på ein annan idé. Det vesle som vart skrive var vel helst av teknisk eller økonomisk karakter, og som regel vart det stempla topp hemmeleg. Og etterpå gjekk dei vel helst på smelteovnane, ikkje til arkiv.
![]() |
Innsamlinga Industri.Memoar.no starta på Nikkelverket |
Difor er eg ganske sikker på at knapt nok når det gjeld den reine teknologiutviklinga, finst der gode skriftlege kjelder. I endå mindre grad finst det skriftlege kjelder om endringane i arbeidsorganisasjon, formelle og uformelle hierarki, arbeidskultur og andre immaterielle sider av historia.
Om innsamling av munnleg kjeldemateriale skulle vera uviktig overalt elles i samfunnet, så er det i alle fall viktig når det gjeld den nære industrihistoria. Eg er sikker på at historikarar, økonomar, antropologar og filosofar ein gong vil ta til å interessere seg for desse åra. Dei vil ha tunt med kjeldemateriale, om ikkje me får til ei brei innsamling av munnleg industrihistorie. Like viktig kan det bli å samle for framtidige forfattarar og filmskaparar.
Forteljingane om historia vil bli skrivne og må skrivast om att og omatt. Det er opp til ei kvar tid å sikre ettertida gode kjelder for nye forteljingar.
Dette er bakgrunnen for eg meiner at det hastar med å trekke alle gode krefter med i ei ny, stor innsamling av munnleg historie om endringane i norsk industri i åra mellom ca 1960 og ca 1995.
Eg hadde ikkje berre ein interessant museumsrunde på Vemork den 28/10. Eg hadde fyrst og fremst ein god diskusjon. Ut av den kjem det eit initiativ med det fyrste. Ta gjerne kontakt, alle som vil vere med å utvikla det initiativet!
Bergen 30/10-2016 – Bjørn Enes – bjorn.enes@memoar.no