Den siste månaden (sidan midten av oktober 2016) har det meldt seg mange som ynskjer å fortelja om sine til til prosjektet Bergensminne (Bergen.Memoar.no). Køen aukar raskt. Denne teksten er ei drøfting av korleis Memoar skal handtera denne utfordringa.
Det begynte 13/10, då Biblioteket inviterte Memoar til å fortelje om arbeidet med å samla og dela forteljingar om levd liv under Litterær lunsj. Alt i slutten av det arrangementet melde fleire seg. Så fann Pål Engesæter i Bergens Tiodende sin By&Folk-redaksjon ut at han ville skrive om oss (
25/10), og same ettermiddag laga NRK Hordaland eit radioinnslag. Drøye to veker seinare (14/11) laga NRK Vestlandsrevyen eit
TV-innslag. Kvar gong media fortalde om oss, tok nye forteljarar kontakt.
Sjølv om me hadde håpt noko slikt, kom utviklinga brått på oss. Me hadde nok trudd at det ville ta lengre tid- «Alle» som har erfaring med minnesamling har jo peika på at det er vanskeleg å få folk til å dele livserfaringane sine. Me trudde at me fyrst måtte skolera opp ei gruppe med gode intervjuarar, og at desse så måtte ut i verda og be om å få folk i tale.
Munnleg er folkeleg
Men det ser ikkje ut til at det er vanskeleg å få folk til å fortelja munnleg. Kamera- og mikrofonskrekk ser ut til å høyre fortida til for veldig mange, og dei som har litt skepsis i starten, ser ut til å gløyme både opptakar og spørsmålet om publisering når forteljingane fyrst er i gang.
Resultatet er at «lageret» av frie, folkelege forteljingar om mangfoldet i vår nære historie veks raskt.
Det høyrer med til historia at mange kjenner seg ekstra trygge av di memoar understrekar at det er forteljarane sjølve som eig opptaka me gjer. Ingenting vert avlevert til arkiv eller publisert utan av forteljarane sjølve vil det. Skulle dei angre seg, kan dei til og med bestemma at alt skal slettast.
Dei får også hjelp i spørsmål om etikk og juss: Memoar hjelper til å definera om utsagn er slik at dei utløyser tilsvarsrett, eller kjem i konflikt med god presseskipp på anna vis. Saman finn me løysingar slik at me held oss innanfor både lov og etikk og – ikkje minst – prinsippet om ytringsfridom.
Flaskehalsar
Men det tek tid dette her, og Memoar har enno ikkje mange å dela oppgåvene mellom. Arbeidsmengda ved eit typisk minneintgervju er normalt omlag slik:
|
Førebuing til intervju |
1 – 2 timar |
|
Intervfju |
2 – 3 timar |
|
Etterarbeid – dokumentering, redigering |
6 – 9 timar |
|
Klargjering for arkiv og publisering |
1 – 2 timar |
|
I alt: |
10 – 16 timar |
Grunnen til alt dette etterabeidet er at Memoar har som visjon at breie samlingar av munnleg historie skal avleverast til offentleg arkiv og bevarast for all framtid. Men dei offentlege arkiva me så langt har vore i kontakt med (lokal- og fylkesarkiv fleire stader i landet) gjer det alle klart at dei ikkje kan eller vil ta imot kva som helst. Dei må vera sikre på at det dei tek imot er bevaringsverdig og at det kan brukast av publikum.
Eksempelvis har Statsarkivet i Kristiansand sett fylgjande krav for å ta mot samlinga av industriminne:
-
Det må vera klare, skriftlege avtalar om kven som skal få innsyn og kven som skal kunne bruka det munnlege kjeldematerialet. Viss ikkje der er heilt spesielle grunnar til å setje sperrefristar, må kven som helst ha lov til å lesa, sjå og høyra på det innleverte materialet. Dessutan må normalt alle med såkalla «aktverdige formål» kunna bruka det, f.eks. i forsking, slektsgransking, bok- eller filmproduksjon og liknande.
-
Innhaldet må vera dokumentert og søkbart, både slik at arkivar kan vurdera på ein effektiv måte om det er bevaringsverdig, og slik at seinare brukarar kan finne fram til det dei leitar etter.
-
Og det må ha eit format som vil kunna lesast / spelast i framtida.
Det tek altså omlag tre gonger så mykje tid å oppfylla desse krava, som det trengst for å gjera sjølve intervjuet. Den trongaste flaskehalsen er med andre ord å skaffa nok folk som kan og vil gjera dokumentasjons- og redigeringsarbeid. Flaskehals nummer to er folk som kan og vil intervjua.
Men kva med å snu på flisa?
Dermed får me altså dette problemet med at motiverte forteljarar blir gåande å vente.
På sikt er sjølvsagt løysinga at me både klarar å bygge opp ein «stall» av frivillige og ein stab av profesjonelle minnesamlarar som kan gjera både intervju, dokumentasjons- og arkiveringsarbeid.
Men kvifor ikkje løysa problemet her og no med å «flytta køen» frå det som hastar til det som i og for seg kan gjerast av «framtida» sjølv? Det som hastar er jo å la den som vil fortelje sleppe til medan ho eller han er inspirert. Dei kan gjerne også dela forteljingane sine på Memoar.no utan at dei er dokumenterte. For den sasks skyld kan me publisera dei saman med ei oppmoding til interesserte om å bli med på dugnad om etterarbeidet. Og kvar gong nokon melder seg på det laget, kan me lage til eit kurs.
Ein fast forteljardag kvar veka?
Så her kjem forslaget:
Frå 7. desember innfører me «drop-in-studio» kvar onsdag. Klokka 10, 13, 16 eller 19 kan folk «bestille time» for å fortelja. Me lagar ein kalender der alle kan sjå når der er ledig tid, og me syrgjer for at der alltid er ein intervjuar til stade i studio.
Etter opptak, går forteljar og intervjuar gjennom ein standard avtale om bruk av opptaket, justerer den og signerer. Viss vbegge er samde, vert opptaket lagt ut på nett saman med informasjon om at det enno ikkje er dokumentert, og ei opmoding om å melder seg til dugnad om dokumentasjonsarbeidet.
La oss forsøka fyrst. Så kan diskutera det seinare i vinter, når me har fått litt erfaring.