Årsmøte i Memoar 7. desember kl 18:00

Registrerte medlemmer har alt fått medlemsbrev med informasjon om at Memoar sitt årsmøte i  2016 skal vera onsdag 7. desember kl 18 – 20 på Møterom nr. 1 i Bergen Bibliotek.

Årsmøtedokuemt som årsmelding og rekneskap har blitt lova ferdig innan fristen, 23. november. Og her kjem dei!

Hent årsmeldinga her

Det er ei omfattande årsmelding som er lagt fram. I konklusjonen vert det fyrste halvtanna året av Memoar sitt liv samanlikna med eit marathonløp. Utan at det dermed er nokon grunn til å trappa ned tempoet.

Rekneskap i balanse
Samla inntekter i alle prosjekt har vore 214.307 kroner. Inntektene har vore medlemskontingent, løyvingar til produksjonsprosjekt og renteinntekter. Løyvingane khar kome frå LO-forbundet Industri Energi, Kulturrådet, Bergen Kommune og Reianlaget Seatrans AS.

I same periode har kostnadane vore på i alt kr. 2014.071,84. Det har vore kostnader til utstyr, reiser og arbeidstid. Me har utstyrt eit intervjustudio i Bergen Bibliotek, kjøpt inn to kamera med stativ og minnebrikker og ekstra batteri, og fleire harddiskar for baskup og avlevering til offentleg arkiv.

Dette gir eit «overskot» på kr. 235,16 – men det er før den siste løyvinga frå Hordaland Fylke på kr. 200.000 er tatt inn i rekneskapet. Så «startkapitalen» i 2017 er noko heilt anna enn sist – då starta me med eit lån på 20.000,….

Dugnadsprosjekt

Men rekneskapet gir ikkje noko reelt bilete verken av ressursbruk eller aktivitet. Dagleg leiar aleine har brukt 1.195 timar av si arbeidstid fram til no i i 2016. Av dette har det berre vore rom for å kunna fakturera 127 timar.

Rekna om i kroner (konservativt rekna ut frå ei årsløn på 450.000 ex. feriepengar), har han arbeidd for 307.282 kroner (pluss feriepengar) – men har fakturert berre ein tidel.

Dette understrekar at Memoar til no har vore eit dugnadsprosjekt. I lengda kan det ikkje halde fram på eit slikt nivå utan å tilsetja ein prosjektleiar. Men håpet om at det skal bli mogleg har jo rykka næørare etter fylkeskommunen si løyving.

Open prosess:
Memoar har heilt sidan starten helde fast på ein strategi om ope innsyn i alt me driv med, så sant det ikkje trugar personvernet til nokon. Difor er årsmeldinga offentleg tilgjengeleg også i år. Den og årsrekneskapen litt i vårt dokumentarkiv som er tilgjengeleg frå hovudmenyen på nettsida. Filnamn startar på datoen – år-månad-dag.

Men sidan du alt er kome ned her, kan du ta snarvegen gjennom desse peikarane:

Årsmeldinga
Utkastet til årsrekneskap (må oppdaterast med Fylkeskommunen si løyving når den vert utbetalt)
Timeliste leiar 
Kalkyle på verdien av ufakturert arbeid 

Alle dei ulike produksjonsprosjekta har eigne prosjektsider som du frinn frå hovudmenyen under Prosjekt

Bli med på årsmøtet!
Og:Ø Har du lese heilt hit, er du tydelegvis så interessert i arbeidet for å ta vare på og dela munnlege forteljingar om levd liv, at du bør melda deg inn og bli med på årsmøtet.

Gå til Innmelding.Memoar.no – fyll ut skjemaet og kom på årsmøtet!!

Beste helsing Bjørn Enes, leiar i Memoar.

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.