Av Bjørn Enes, leiar av Memoar.
Føresetnaden for å forstå samtida, er konkret kunnskap om samspelet mellom maskinar og menneskje, mellom teknologi, organisasjon og kultur. No har gründerar i Odda arbeidd eit senter for slik kunnskap heilt fram til ein plass på statsbudsjettet.
Det var Vassdrags- og industristadmuseet i Tyssedal som med hjelp av Venstre fekk seg sjølv inn som ein del av «klimaforliket» mellom regjeringa og støttepartia. Dei fekk mellom anna 800.000 kroner til vidareutvikling av «Senter for industriarkiv» i den gamle trafo-stasjonen på smelteverkstomta.
Kollektivt minne
For eigen del, er eg av den teknologioptimistiske oppfatning av den kollektive hukommelsen vår må bestå av digitale filar i nettskya, tilgjengelege for alle heile døgnet, i eit system som gjer det enkelt å finne det me leitar etter. Men skal slike «virtuelle arkiv» fungera oppe i skya, må dei vera knytte til relle fysiske og menneskelege ressursar på bakken. Det er det som gjer «Senter for industriarkiv» interessant.
Med startkapital frå Odda Kommune har museet gjort klart for 3800 hyllemeter arkivplass i bygget. Det er neppe nok til å samle alle norske industriarkiv. Men la no det vera – det er ikkje hyllemeter som er det viktigaste her og no. Det er sannkjenninga av at det trengs eit senter der folk kan gå – no og i framtida – og finne dokumentasjon både på det omskiftelege og det vedvarande i historia om den industrielle arbeidsmåten si utvikling.
Dei tre industrielle revolusjonane:
Ingen stader ser ein tydelegare årsakssamanhengar til dei store skilene i moderne historie, enn i industrihistoria.
-
Mekanikken – dampmaskinen, jacquardveven, propellen, jernbanen – skapte dei nye samfunnsklassane, arbeid og kapital, dei moderne byane. Den fyrste industrielle revolusjonen sprengte føydalismen sitt tenkjesett og moral.
-
Elektrisiteten – kraftverka, elektrokjemien, kunstgjødselet, eksplosjonsmoteren – skapte korporasjonane, massekulturane, velferdssamfunna – men og dei globale krisene, fascismen og verdskrigane.
-
Elektronikken – radioen, telefonen, reknemaskinane, mikroprosessoren, internett – globaliserte produksjonen og økonomien, innlemma varebytte og forbruk i store industrielle system, avskaffa hierarkiet som organisasjonsprinsipp og erstatta det med omskiftelege nettverk.
Viktige nøklar til å forstå korleis dette skjedde, har gått tapt med alle dei gamle bedrifts- og fagforeiningsarkiva som har gått på smelteovnane opp gjennom åra. Mykje er heldigvis berga av folk som har avlevert utdaterte skuffer og filar til Arkivverket. Men der er dei spreidde slik at den som vil forska på industrien møter heilt andre problem enn den som vil forska på den einskilde bedrifta. For eksempel: Ein forskar som vil studera korleis elektronisk styring vart innført og utvikla i den elektrokjemiske industrien, vil måtte bruke store delar av forskingstida på å reisa fram og attende mellom arkiv i sør-, vest-, midt- og nord-Noreg.
Lukkast det å laga eit verkeleg senter for industriarkiv, vil det ha mykje å seia for kunnskapen om fellestrekka ved den industrielle utviklinga.
Munnleg industrihistorie
Endå viktigare vil eit slikt senter bli viss det utvidar omgrepet arkiv til også å omfatta munnlege kjelder. Ord og uttrykk som står rabla ned med skitne fingrar i sletne driftsjournalar vil i stor grad vera meiningslause for folk utan fartstid frå kontrollrom, viss ikkje det også finst munnlege forteljingar om dagleglivet i drifta. Munnlege kjelder endrar seg fort og går fort tapt. Ein driftsjournal kan gjerne ligge hundrevis av år i eit arkiv. Men dei som skreiv han, vil ha gløymd kva dei skreiv etter berre nokre veker, og etter nokre få tiår vil dei sjølve vera borte.
Desto viktigare er det å kome i gang med innsamlingar av munnleg kjeldemateriale. Industriselskap, fag- og næringsforeiningar sjølve burde starte regelmessige intervjuopptak for å dokumentera samtidig teknologi, organisasjon og kultur, og arkivera dei saman med driftsjournalar og prosedyrepermar under drift. Det vil ikkje berre gi framtida meir innsyn i vår tid – det vil fyrst og fremst gi alle tider større kunnskap om endringsprosessar. Og det er strategisk industriell kunnskap.
Truleg vil ei stor landsomfattande innsamling av munnleg industrihistorie vera den beste måten å synleggjera verdien av dei munnlege kjeldene på. Både langs vegen fram mot ei slik storinnsamling, under og – ikkje minst – etter henne, vil eit Senter for industriarkiv kunne spela ei viktig rolle.
Trafo-symbolikken:
Ordet «trafo» er den munnlege varianten av transformator eller omformarstasjon. I det vakre mursteinsbygget frå 1908 vart høgspent vekselstraum frå Tyssefallene omforma til likestraum og til dei ulike arbeidsspenningane som trengtest på smelteverket.
Det kan godt vera at eit Senter for industriarkiv må utvikla seg til ein ny slag «omformar» – frå kilometerlange hyller av papir til terrabitstunge digitaliserte filar i «nettskya». Men rolla for eit slikt senter vil ikkje bli mindre viktig for det. Ein ting er at sjølve omforminga vil vera ei stor – og truleg permanent – produksjonsoppgåve. (Registrering, katalogisering, skanning, opplasting, sikring osv). Men ut av den produksjonsprosessen vil det (kunne) koma endå viktigare kunnskapar om kva som finst, kor det finst – og kva som ikkje finst, og som må skaffast gjennom munnlege kjelder før det er for seint.
Norsk vassdrags- og industristadmuseum er ein av dei institusjonane som tydelegast har i oppdrag å bli eit nasjonalt senter for kunnskap om norsk industrihistorie. Fleire andre har liknande nasjonale oppdrag – eg tenkjer då fyrst og fremst på Teknisk museum i Oslo og Industriarbeidarmuseet på Rjukan. Dei samarbeider – men dei konkurrerer og med kvarandre, både om prestisje og pengar, og det er såleis slett sikkert av budsjettjubelen er like høg hos alle. Men etter mitt syn bør alle med oppgåver og interesse for industrihistorie nå leggja skuldrene til og gjera senteret i Odda til ein fellesressurs.