Som tidlegare meldt fekk Memoar tilsagn om støtte kr. 17.500,- til etablering av intervjustudio i samarbeid med Bergen Bibliotek. Det vart sett som ein føresetnad at prosjektet skulle vere gjennomført og rapportert innan årsskiftet.
Memoar protesterte på denne korte fristen, men fekk ikkje svar før den opsette fristen.
For ikkje å risikere krav om tilbakebetaling av løyvinga, gjorde Memoar vedtak om desse tingingane den 30/12 2015:
1 stk. Goodman GS643 Green screen Foto Studio pakke (Lys og bakgrunn) kr. 4.495,-
1 stk. ekstra studiobakgrunn – grå kr. 1.295,-
1 stk. Zoom Q8 Handy Video Recorder kr. 3.895,-
1 stk. ekstra SSH-6 Stereo Shotgun Micrfophone til Q8 Handy kr. 1.290,-
1 stk. Weifeng-330A Video / Foto stativ kr. 595,-
1 stk Dropbox Enterprise abb. for mellomløysing prosjektarkiv 1) kr. 4.572,-
mva: kr. 1.143,-
0 stk Vimeo Pro konto for publisering av opptak på nett (1.990,-/år) 2) kr. 0,-
Avsetjing til annonsering på Facebook når tilbodet opnar (januar 2016) kr 215,-
SUM – bruk av tilskotsmidler pr 31/12 2015: kr. 17.500,-
1) Årleg kostnad. Me har fått 20 prosent rabatt for non-profit verksemd. Årsprisen er 480,- Euro. Det gir oss «lagerplass» for 5 Tb/år, noko som tilsvarer ca 1000 opptak, kvart på 45-90 minutt. Det er vesentleg meir enn me reknar med det vert bruk for i studioprosjektet, og me reknar difor at komande årsavgifter kan finansierast med å vidareselje lagringsplass til andre prosjekt.
2)Me har ikkje etablert Vimeo Pro-konto for publisering av munnlege forteljingar på internett, sidan Biblioteket gjerne ser at forteljingane vert publiserte på Biblioteket sin Vimeokonto.
Fullstending sluttrapport til kommunen kan lesast her. / lastast ned her