18/12-15: Bergen Kommune støttar intervjustudio med 17.500,- kr

Fredag 18. desember 2015 kom endeleg svaret på søknaden som memoar sende inn i juli 2015, om støtte til etablering av intervjustudio i Bergen Bibliotek. Det har vore svært vanskeleg å kommunisere med Byrådsavdelinga for klima, kultur og næring / Seksjon for arkiv, bibliotek og museum i denne saka, men til slutt kom tilsagnet: Kommunen har løyvd kr. 17.500,- til prosjektet.

Tilsagnsbrevet ligg i vedleggsarkivet.

Diverre var brevet formulert slik at den inneheldt eit krav om å gjere prosjektet ferdig før årsskiftet. De skaper vanskar, i og med at det i praksis berre er romjula å gjere på. Memoar sende difor ein klage på vedtaket, der me bad om forlenga frist.

Klagen ligg også i vedleggsarkivet.

Me sende klagen på epost med ei fylgjebrev med samandrag og ei kort utgreiing av det problemet at det berre var tre arbeidsdagar å gjere unna prosjektet på, og me hadde vel forventa å få ein reaksjon på klagen. Men noko slik reaksjon kom ikkje, og difor gjorde me unna alle planlagte innkjøp slik at alt var brukt opp og sluttrapport kunne skrivast innan årsskiftet.

Sluttrapporten vert send den 31/12, og vert lagt i vedleggsarkivet så snart den er send.

Opning i januar?
I byrjinga av desember måtte me i samråd med staben i biblioteket endå ein gong utsetje arbeidet med studio, nytt måte er avtalt 15. januar. Men no når løyvinga er på plass, kan installasjon og prøvekøyring gjerast raskt. mwe vonar difor at både studiorigg, lyssetjing og programvare skal vere å plass slik at studio vert enkelt å bruke.

Så snart studio er klart, vil me starte marknadsføringa av t studio er klart til bruk. Truleg vil me også arrangere kurs for fricvillige minnesamlarar som har lyst å bruke studioet.

Ein hjarteleg takk til Bergen Kommune for løyvinga!

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.