Det ser ikkje ut til at munnlege forteljingar om levd liv i industrien er å rekne som immateriell kulturarv.
I alle fall har ikkje Kulturrådet prioritert å løyve dei 75.000 kronene som Memoar, Norsk etnologisk gransking og Industri Energi hadde søkt om for å gjere minneopptak med ti industrifolk som var aktive i tiåra rundt dei store endringane som fekk hundre års vekst i industrisysselsetjinga til å «bråsnu».
Det betyr at prosjektet i all hovudsak må gjennomførast som dugnadsarbeid. Industri Energi har løyvd den same summen. Det dekkjer det meste av reise- og utstyrskostnadane og litt løn – men ganske langt frå det arbeidet som var budsjettert og som no er lagt ned.
Prosjektet industri.memoar.no vil uansett bli gjennomført. Men forventingane om at denne «nye» formen for kulturminnevern skulle få ein god start som kunne føre nærast direkte over i eit stort, nasjonalt hovudprosjekt, har fått eit skot for baugen. Me får sutre litt – og så tenkje ut ein ny plan