Heilt sidan starten i 2015 har Memoar arbeidd for at det skal bli oppretta eit «munnleg riksarkiv» i Noreg. Munnleg kjeldemateriale som blir samla inn av historie- og sogelag, musé og av forskarar, går i stor grad tapt av di det ikkje finst eit nasjonalt system for å ta mot, arkivera/katalogisera og formidla munnleg kjeldemateriale. I Storbritania er det British Library som har hovudansvaret, i USA er det Library of Congress. Kven skal ha det i Noreg?
![]() |
Eit av mange munnleg historieprosjekt som er avlevert til British Library |
Det er blitt tydeleg at me ikkje har klart å kommunisera godt nok kor stor denne utforedringa er. Det kjem eg tilbake til – men fyrst ei kort utgreiing om kva me har gjort for å løysa dette.
Me har tatt opp spørsmålet om avlevering med fylgjande:
- Statssarkivet i Bergen. Svaret var at dei gjerne ville tatt imot, men at dei ikkje sikra forsvarleg langtidslagring, katalogisering og publikumstilgang av di dei manglar infrastruktur for munnleg kjeldemateriale i form av video og lyd.
- Byarkivet i Bergen. Same svar.
- Fylkesarkivet i Hordaland. Svaret var at dei ikkje har infrastruktur og at dei heller ikkje har tru på at dette kan ha interesse i framtida.
- Folkeminnesamlinga. Er svært interessert, men har ikkje ressursr til å bygga opp infrastruktur eller fagleg apparat for å lagra munnleg minnedokumentasjon frå nåtida i form av lyd- eller videoopptak.
- Norsk etnologisk gransking. Er svært interessert, og har inviteret Memor med i arbeidet for å bygga opp prosjektet Minner.no (www.minner.no) som eit felles innsamlings- og formidlingsverktøy for heile kultursektoren. Dette vil også gi rom for arkivering i strukturen Primus som mange musé nyttar til lagring av anna digitalisert innhald i dag. Minner.no er imidlertid ikkje finansiert og er i prinsippet ei privat løysing. Memoar har fått tilbod om å abbonera på løysinga for 50.000,- kr/år. Me har sagt ja til å vera med på utviklingsarbeidet, men nei til å abbonera av di dette berre sikrar langtidslagring så lenge Memoar er i stand til å betala den årlege avgifta og at me oppnår det same for ein tiandedel av prisen med den løysinga me har i dag. Dette standunktet kan sjølvsagt endrast etter kvart som arbeidet med å utvikla Minner.no går framover.
- Museumsnettverket Samtidsnett. Dette nettverket har invitert Memoar med i eit prosjekt som også er eit forsøk på å løyse arkiverings/avleveringsproblemet for minne og munnleg historie. (Søknaden vart levert 5. juni 2018). Hovudfokus vil vera å utvikla Minner.no gjennom ei rekke parallelle innsamlingar. Sjøfartsmuseets del av prosjektet vil vera å samarbeida med Memoar om tre nye år med innsamling, dokumentasjon og avlevering av munnleg sjøfartshistorie til Minner.no. Viss dette prosjektet får midler, vil føresetnadane frå Fylkesrådmannen for så vidt vera oppfylte, men det vil berre vera garantert for prosjektperioden på tre år, og det vil berre gjelda sjøfartsmaterialet.
- Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Me har tatt kontakt av di dei er kjende for å ha kome langt både når det gjeld infrastruktur og kompetanse innan lagring og formidling av lyd, video og anna digitalt innhald. I og med at våre to fylke skal samlast til eitt, bør det vera relevant å diskutera avlevering til dei alt no. Me tok kontakt med dei 8. mars i år, og ventar enno på respons.
- Nasjonalbiblioteket. Me har tatt kontakt med Lokalhistorisk Institutt som no er ein del av Nasjonalbiblioteket. Me er ikkje overraska over at det har tatt tid å få respons, i og med at dei både har vore oppe i ei omorganisering og eit leiarskifte. Det var svært hyggeleg at dei deltok på Memoarkonferansen, og me reknar med å kunne diskutera dette spørsmålet med dei i løpet av andre halvår.
- Lokalt bibliotek: Samtidig har me blitt invitert med i eit pilotprosjekt som Bergen offentlege bibliotek har søkt midler til, som nettopp handlar om lagring av digiralt materiale. I veldig mange andre land er det nasjonalbiblioteka som har ansvar for offentleg lagring av munnleg historie. Det norske Nasjonalbiblioteket har frå før ansvar for lagring av redaksjonelle lyd-, film-, TV- og videoproduksjonar. Dei har infrastruktur – og ikkje minst kompetanse. Dei tek også del i europeisk samarbeid for utvikling av skytenester for nasjonale bilbiotek. Alt dette gjer at Nasjonalbiblioteket og Norsk Lokalhistorisk Institutt kan bli løysinga. Det er derfor viktig å synleggjera at munnlegt historie er ein faktor også i Noreg. Der har Memoar ei viktig rolle.
- Kulturhistoriske sasmlingar: I tillegg til dette, tek me del i samarbeid med Etno-folkloristisk Arkiv (UiB), Skeivt Arkiv (UiB), Norsk etnologisk gransking (Folkemuseet), Fokeminnesamlinga (UiO), Samiske Samlingar (RiddoDuottarMuseat) og samlingane til Historisk Institutt ved NTNU og andre, om utvikling av ein søknad til Kulturrådet om etablering av ein tverrinstitusjonell norsk infrastruktur og organisasjon for kulturhistoriske samlingar – derunder samlingar av munnleg historie. Memoar tok del i ein workshop som UiB arrangerte om dettei tilknytting til Memoarkonferansen i år. (Meir informasjon: Kyrre Kverndokk, UiB)
«Catch 22» for Memoar:
Hausten 2017 fekk Memoar ei løyving frå Hordaland Fylkeskommune til utviklingsprosjektet «Krafttak for munnleg historie i Hordaland». Men Fylkesrådmannen knytta ein føresetnad til løyvinga som det ikkje har vore mogleg å oppfylla.
Føresetnaden var: «Handsaming og bevaring av det innsamla materiale er ei utfordring. Ein føresetnad for tilskotet er at plan for langsiktig arkivering må vere på plass. Projektet må legge frem ei avtale om dette før utbetaling av tilskotet.»
Det at Fylkesrådmannen kunne setja ein slik føresetnad for utbetalingane av løyvinga, viser at me ikkje har vore tydelege nok om kor stor denne utfordringa er.
Me har foreslått eit oppklaringsmøte om problemet, gjerne saman med Fylkesarkivet. Viss eit slikt møte kan koma i stand, har me foreslått at det også blir invitert eit par personar som kan supplere kompetansen på fagfeltet, for eksempel ein representant for Etno-folkloristisk arkiv på UiB og ein representant frå Norsk etnologisk gransking.