4 nye kurs om munnleg historie

Rapport om arbeidet med kompetanseutvikling 

Også når det gjeld utvikling av kunnskapar og ferdigheter innan munnleg historie, er Memoarkonferansen den viktigaste hendinga i 2017 og fyrste halvår av 2018. Ambisjonen om å skapa eit forum der ulike fagmiljø og frivillige kan møtast for å dela kunnskapar og legga grunnlag for nye samabeidstiltak lukkast.

Foredragshaldarane på Memoarkonferansen: Malin Thor Toreby (biträdande professor universitetet i Linköping), Bjørn Enes (leiar av Memoar), Ingar Kaldal (professor, hist. inst. NTNU), Bjørn André Widvey (seniorkonsulent UiB/Skeivt Arkiv), Stig Tenold (professor, øk.hist. NHH), Maja Gudim Burheim (prosjektleiar for 22.julisenterets vitneprosjekt) og Audun Kjus, fyrstekonservator Norsk Folkemuseum/fagansvarleg for Norsk etnologisk gransking)

Ikkje lenge etter konferansen fekk me også den gledelege meldinga frå Kulturrådet om at dei ynskjer å støtta eit krafttak for munnleg historie i heile Noreg. Saman med Landslaget for lokalhistorie, Folkeminnesamlinga og Norsk etnologisk gransking skal Memoar  gjennomføra ein serie seminar- og praktiske øvingar hausten 2018. (Aust-Finnmark, Vest-Finnmark, Troms, Trøndelag, Møre og Ronsdal, Sogn og Fjordane, Oppland, Buskerud, Hedmark, Telemark, Østfold og Oslo). Målet er å spreia erfaringane frå Hordaland til andre fylke. Sjå meir om dette på prosjektnettsida Krafttak.Memoar.no

Kurs: 
Utviklinga av Memoar sitt kurstilbod har gått i retning endå større differensiering enn meldt i tidlegare rapportar. Tilbakemeldingane frå kursdeltakarar i fjor tyda på at me hadde lagt lista for høgt. Våren 2018 prøver me ut ein tredje vesjon av kurspakka vår som no består av fire kurs:

  1. Forteljarkurs:  Sidan slutten av april har me prøvd ut eit kursprogram der målgruppa er personar som har lyst til å fortelja om sine livserfaringar – frå yrke, organisasjonsliv, lokalsamfunn eller slekt eller rett og slett levd liv. Me starta fyrste prøvegruppe med dette kurset i april 2018, og erfaringane så langt er svært gode. Kurset er eit samarbeid med lokalhistorisk avdeling i Bergen offentlege bibliotek. Kurset har fått ei eiga nettside – Mitt.Memoar.no  
  2. Intervjuarkurs: Me arbeider også med å utvikla eit nytt intervjuarkurs. Målgruppa vil vera både profesjonelle og frivillige «minnesamlarar» (Aktive historie- og sogelagsmedlemmer, tilsette i musé, arkiv og bibliotek, frilansarar, studentar etc).  Målsetjinga er at eit nytt kurs skal vera klart til utlysing hausten 2018. Det får nettsida Intervjukurs.Memoar.no. 
  3. Profesjonaliseringskurs: Resten av det opprinnelege introduksjonskurset er samla i eit profesjonaliseringskurs som omhandlar logging av råopptak, skriving av logg og tekstsamandrag, video redigering i programmet WeVideo.com, arkivering i Memoar sitt mellombels arkiv i Dropbox og Minner.no,  klargjering for opplasting til offentleg arkiv, publisering gjennom Vimeo.com, presentasjon og formidling gjennom produksjon av nettsider under Memoar.no, blogging, QR-koding, geotagging, produksjon av munnleg historie til digitale vandringsruter i samarbeid med Fotspor.mobi. Det kjem også til å bli laga ei nettside for dette kurset på adressa Profesjonalisering.Memoar.no. 
  4. Trainee-avtalar: I løpet av våren har me laga eit utkast til ein trainee-avtale mellom Memoar og masterstudentar på UiB. Desse vil få tilbod om intervjuarkurset, profesjonaliseringskurset og praksis med alle dei emnene som dei to kursa omfattar. Dei vil også bli inviterte til å vera med som instreuktørar i nye Forteljarkurs.  Hausten 2018 vil me tilby slike trainee-avtalar for inntil tre masterstudentar. Viss/når me vurderer at me har kapasitet, vil me utvida dette tilbodet for fleire. 

Me arbeider for å få denne nye kurspakka  godkjend som ein eigen kursplan i Studieforbundet kultur og tradisjon.

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.