Sidan november 2016 har Memoar arbeidd med prosjektet «Krafttak for munnleg historie i Hordaland» (Krafttak.Memoar.no/Hordaland), der målet er å utvikla infrastruktur, kompetanse og organisasjon for munnleg historie i Hordaland. Hovudmåla for 2018 vart i fjor formulert slik: «Kompetansedeling, kurs, fagutvikling og ein nasjonal konferanse om munnleg historie er dei viktigaste overskriftene på det me ynskjer å gjennomføra»
![]() |
Memoarkonferansen 2018 vart ein milepel |
Fem månader inn i arbeidsåret ser me oss godt nøgde med utviklinga. Det siste punktet er det mest tilfredsstillande. Memoarkonferansen 2018 vart ein stor suksess, både innhaldsmessig og organisasjonsmessig.
- 80 deltakarar var med. Dei kom frå historie- og sogelag frå heile Hordaland og frå svært mange av dei viktigaste musea (Museumssenteret i Hordaland, Museum Vest, Sunn-hordland Museum, Sjøfartsmuseet)
- I tillegg deltok folk frå arkiv-, bibliotek og musé frå heile landet, mellom dei «tunge aktørar som Nasjonalbiblioteket, Norsk Folkemuseum, Folkeminnesamlinga.
- Mange av dei profilerte institusjonane og prosjekta som arbeider med munnleg historie var med, så som 22. julisenteret, Rockheim, Arbeidsarven, Norsk industriarbeidermuseum og fleire. (Program og full deltakrliste finst på nettsida http://www.memorkonferansen.no)
- Det lukkast å samla ein «tung» arrangørkomite der Bergen Byarkiv, Bergen Offentlege Bibliotek og Universitetet i Bergen var (både på papiret og i praksis) medarrangørar saman med Memoar.
- Og me lukkast i å komponera eit program som presenterte arbeid med munnleg historie i Noreg/Skandinavia både i breidde og ikkje minst i kvalitet.
Ved avsluttinga var det ei «einstemming krav» at det måtte bli ein ny konferanse i 2019.
Det ynskjet har me innfridd. Det blir ny konferanse fredag 8. og laurdag 9. mars 2019. Arbeidet med program, foredragshaldarar og finansiering er i full gang.
Memoarkonferansen vart eit høgdepunkt og ein milepel i utviklinga av prosjektet. I dei fylgjande artiklane her i bloggen skal me oppsummera stillinga i utviklingsarbeidet og planane for vidare satsing i 2019.
Det er Hordaland Fylkeskommune som har gjort Memoar i stand til å driva dette arbeidet. Hausten 2016 fekk med fyrste løyving til eit forprosjekt, og 2018 er det fyrste året i eit hovudprosjekt som me vonar å halda fram med heilt til utgangen av 2020.
I det fylgjande vil me fortelja om: