Rapport: Organisasjonsutvikling i Hordaland

Det har utvikla seg tre område for Mermoar si organisasjonsutvikling i Hordaland:

  • Bygging av Memoar som ein medlemsorganisasjon, 
  • bygging av ei profesjonell kjerne i Memoar 
  • og samarbeid / samhandling med andre.
Samarbeid med Sjøfartsmuseet: Forteljarpanel om kvinner til sjøs 6/5-2018

Medlemsutvikling og internt liv 
Medlemsutviklinga har vore positiv, og Memoar har no 62 medlemmer. Dei varierar frå aktive og profesjonelle medarbeidarar eller samarbeidspartnarar, til passive støttemedlem. Fleirtalet av medlemmene er frå Hordaland, men det er  vekst også utanfor.
Medlemmene er prioriterte deltakarar på kurs og Memoarkonferansen. Dei får også prisreduskjon. Dei får låna mobilt utstyr og hjelp i permanente studio. I tillegg får dei med ujamne mellomrom eit nyhetsbrev.
Frå hausten 2018 har me planar om å halda opne medlemsmøter. I fyrste omgang vil me prøva det i samband med arrangement vi skal ha felles med Lokalhistorisk avdeling i Bergen off. Bibliotek, med forteljarpanel om nær lokal historie. Fyrste gong vil bli 30. sept. 2018, der tema blir «Eksplosjonen på Vågen og andre barndoms-/undomsminne frå Bergen i 1940- og 50-åra»

Bygging av ei profesjonell kjerne:
I hovudsøknaden frå 30/6 2016 skreiv me:  «Frå hausten 2016 ynskjer me å profesjonalisera arbeidet med fremja kultur for å ta vare på og dela munnlege forteljingar om levd liv i Hordaland. Me ynskjer å kjøpe fri ein eller fleire eldsjeler som kan skape engasjement og samarbeid for å utvikle pilotane frå Memoar sitt forprosjekt i til ein ferdig struktur (osb)»
I løpet av forprosjektåret 2017 var me istand til å frikjøpa prosjektleiar Bjørn Enes i 519 timar for tilsaman kr 146.811,- (løn, feriepengar og arbeidsgjevaravgift). Utanom det lønna arbeidet, utførte han 517 timeverk som frivillig. Det samls timetalet varty  fordelte slik: 
Infrastrukturutvikling: 206 timar, kompetanseutvikling: 458 timar, organisasjonsutvikling: 371 timar. (Konkret timeliste finst på prosjektsida Krafttak.Memoar.no/Hordaland).
Per 27. mai har prosjektleiar lagt inn 253 timer i prosjektet i 2018, alt som frivillig arbeid. Dersom me fåt utbetalt resten av løyvinga for 2018 (kr. 94.000) og resten av løyvinga for 2017 (kr. 20.000) vil me kunna frikjøpa prosjektleiaren eller andre noko i andre halvår.

Mål: Noregs fyrste “oral historian” skal få jobb i Hordaland.
Det at prosjektleiar har vore villig til å leggja inn så stor frivillig innsats i prosjektet har i praksis betydd at Memoar har hatt ei «profesjonell kjerne». Det er ei viktig årsak til at arbeidet har utvikla seg så raskt som det har.  Ein slik “gründerfase” er ikkje bærekraftig på sikt, men den er svært nyttig no, for den viser kor viktig ei slik kjerne er for å utvikla arbeidet i breidda.
Me har notert oss at det vanlege i Storbritania og USA er at oral historians normalt ikkje er tilsette i organisasjonar som Oral History Society  (UK) eller Oral History Association  (USA). Det vanlege  er at stillingane er forankra i institusjonar som bibliotek, arkiv, musé eller universitet, og at organisasjonsarbeid saman med frivillige er ein del av stillingsinnhaldet. Eksempalvis er leiaren av OHS tilsett som direktør for British Library-prosjektet «National Life Stories» 
Tida vil jo visa om ein slik struktur også vil bli vanlege i Noreg. På grunn av dette, låser me oss ikkje til at målsetjinga om «Noregs fyrste oral historian» må vera ei tilsetjing i Memoar. Ut frå stillingen i arbeidet nett no har me lansert ein plan om eit prosjektengasjement i Memoar med målsetjing å få etablert ein fast stilling i bibliotek-systemet i Hordaland (Fylkesbiblioteket eller BOB).
Ei meir detaljert prosjektskildring av dette engasjementet finst også tilgjengeleg på nettsida Krafttak.Memoar.no/Hordaland. 

Samarbeid og samhandling: 
Me samarbeider / har samarbeidd / arbeider nå med planar om fellestiltak med soge- og historielag i Fana, Austrheim, Radøy, Meland, Sund, Stord, Sveio, Os, Voss, Kvinnherad og Hordaland Sogelag. Samarbeidet omfattar kurssamarbeid, utstyrslån, intervjuopptak/innsamling av munnleg kjeldemateriale og formidling gjennom opne møter og digital formidling.

Me har eller har hatt liknande samarbeid med Bergen Byarkiv, Bymuseet, Sjøfartsmuseet, Sunnhordland museum og museumssenteret i Hordaland. Blant bibliotek har me kome langt i utvikling av ein pilot på eit bibliotekstilbod innan munnleg historie i samarbeid med Bergen offentlege bibliotek, og begynt på tilsvarande samarbeid med Sund Folkebibliotek, Radøy Bibliotek og Voss Bibliotek.

Utanom Hordaland har me ei svært positiv utvikling i samarbeidet med Landslaget for lokalhistorie, Norsk etnologisk gransking, Folkeminnesamlinga og Norsk Industriarbeidermuseum. I resten av 2018 og 2019 vil denne lista bli kraftig utvikla gjennom prosjektet Krafttak for munnleg historie i Noreg. Me kjem attende til det i årsrapporten. (Utviklinga kan fylgjast på nettsida Krafttak.Memoar.no)

I april 2018 peika Bergen Byarkiv ut ein av sine tilsette, rådgjevar Birger Haugdal, til Byarkivet sin representant i Memoar sitt styre. Dette vart motatt som ei svært gledeleg melding hos oss. Det er eit steg i retning dei strukturane me kjenner att frå tilhøvet mellom institusjonar og systerorganisasjonar i andre land (omtalt i avsnittet ovanfor). Me tar det også som anerkjenning av Memoar.

Biletet: Frå Forteljarpanel om Kvinner til sjøs på Bergens Sjøfartsmuseum 6. mai 2018. Frå venstre:  Arnhild Vada Eggum (telegrafist/purser, Ingebjørg Sæther (telegrafist) og Kjersti Wengshoel (Styrmann) 

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.