Krafttak Hordaland vil halda fram i 2019

Søknad om framhald av prosjektet i 2019.

Til kulturadministrasjonen i Hordaland Fylkeskommune,
Frå Memoar, 31. mai 2018.
Sak: Kulturelt utviklingsprosjekt «Krafttak for munnleg historie i Hordaland

Som diskutert under møtet med kulturadministrasjonen i Hordaland Fylkeskommune den 9. februar, vil me gjerne rekna arbeidsåret 2017 som forprosjekt og arbeidsåra 2018, 2019 og 2020 som hovudprosjekt i «Krafttak for munnleg historie i Hordaland».
Arbeidet i resten av 2018 vil halda fram i samsvar med søknaden frå 30.mai 2017. Hovudmålsetjingar vil også for resten av året vera kompetansedeling, kurs, fagutvikling og ein nasjonal konferanse om munnleg historie.


I 2019 ynskjer me å prioritera desse målsetjingane:
Infrastrukturutvikling:
  • Politisk og organisatorisk arbeid for å få etablert eit «munnleg riksarkiv» i Noreg. Smarbeid med Norsk etnologisk gransking, Folkeminnesamlinga, Etnofolkloristisk Arkiv, Samiske smlingar, Skeivt Arkiv og andre for å sikra kulturhistoriske arkiv generelt og munnleg kjeldemateriale særskilt.
  • Parallellt ynskjer me å styrka samarbeidet med biblioteksektoren og Nasjonalbiblioteket for å fremja infrastruktur og kompetanse for munnleg historie som eit naturleg arbeidsfelt for moderne bibliotek. Det kan også inkludera eit arkiveringssystem for munnleg kjeldemateriale samla inn av bibliotek, frivillige 0rganisasjonar og privatpersonar.
  • I 2019 vil me starta vidareutvikling av idéen om «digitale vandringsruter» med munnleg historie. Slik det i dag ser ut, vil det bli eit trekantsamarbeid med Høgskulen på Vestlandet, delar av ABM-sektoren og Memoar, basert på applikasjonen Fotspror.Mobi som Mediesenteret på Høgskulen har utvikla. Visjonen er å starta bygginga av eit stort verk der viktige delar av fylket sin immaterielle kulturarv skal vera tilgjengeleg på staden, både for innbyggarane og for tilreisande gjennom deira eigne mobiltelefonar.
  • I 2019 vil me vera i stand til å skriva kravspesifikasjon for ein «alt-i-eitt-applikasjon» for munnleg historie som kan vera med på å gjera det endå enklare å smla. Dokumentera, arkivera, dela og formidla munnleg kjeldemateriale. Det kan vera interessant å søka samarbeid med teknologiaktør som kan utvikla ein slik applikasjon. Den vil i så fall ha ein internasjonal marknad.
Kompetanseutvikling:
  • Ny Memoarkonferanse 8. og 9. mars 2019 skal bli eit forum der teoretikarar og praktikarar innan munnleg historie i Noreg skal utveksla kunnskap og erfaring og leggja grunnlag for vekst i innsamling, arkivering, formidling og bruk av munnleg kjeldemateriale i Noreg.
  • Kurspakka skal vera fullstendig med eigne nettsider for kvart trinn (Forteljarkurs, Intervjuarkurs, Profesjonskurs og Traineeavtale) «Munnleg historie» skal bli godkjend som eigen læreplan i Studieforbundet kultur og tradisjon.
  • Arbeid med ei norsk lærebok/handbok i munnleg historie skal starta.
Organisasjonsutvikling:
  • Me ynskjer å styrka utvikling av Memoar som medlemsorganisasjon gjennom å rekruttera medlemmer og gjera det attraktivt å meld seg inn. Samtidig ynskjer me å starta ein intern diskusjon i 1919 om kva slags organisasjon Memoar skal utvikla seg til når og viss det vert utvikla naturlege forankringar for munnleg historie i ABM-sektoren og universiteta i Noreg. (me vil ikkje konkludera den diskusjonen før i tredje år i hovudprosjektet)
  • Frå andre halvår 2018 og heile 2019 vil me arbeida for å på etablert minst ein fulltids prosjektstilling innan munnleg historie i Hordaland. Målsetjinga med stillinga vil vera å utvikla ein person og ei rolle som kan bli attraktivt og naturleg for ABMsektoren i fylket – mest sannsynleg biblioteksektoren.
Samarbeid og samhandling:
  • Også i 2019 vil me sanarbeida med historie/sogelag og bibliotek i Hordaland om gjennomføring av kurs og produksjon av munnleg historie gjennom utlån av mobilt utstyr (mobilstudio).
    • Me ynskjer å etablera den prosjektstillinga som er nevnt ovanfor i samarbeid med Fylkesbiblioteket eller eit kommunalt bibliotek i fylket.
  • Me vil halda fram produksjonssamarbeidet med Bergens Sjøfartsmuseum både i 2019 og 2020. Denne intervjuserien har blitt viktig, av di han demonstrerer ganske tydeleg kor viktig munnleg kjeldemateriale kan vera både for forsking og for formidlingsarbeidet i musé.
  • Me vil halda fram med å tilby kurs, utstyrslån og produksjonssamarbeid med andre musé og arkiv. (fProduksjon er jo som påpeikt ovanfor ikkje ein del av dette prosjektet. Me nevner det likevel, sidan det er så viktig i samhandlinga med museums-sektoren.
  • Me vil også gjerne prøva ut samarbeid med barne- og ungdomsskular gjennom Den kulturelle skulesekken. Saman med sportsklubben Djerv arbeider me med eit slikt opplegg. Dersom det lukkast og fungerer bra, vil me utvida dette tilbodet til andre kommunar i 2019.
  • «Tyngdepunkt Hordaland»: Det er ikkje utan vidare enkelt for ein ny organisasjon som Memoar fronta visjonen om at Hordaland (Vestland Fylke) skal bli tyngdepunktet for eit «nytt» kultur- og kompetansefelt i Noreg. Med den raske utviklinga som har vore, fell det meir naturleg. I 2019 vil me retta oss meir offensivt mot både UiB, Høgskulen, dei store fusjonerte musea og relevante kulturnæringar for å fremja tanken om at munnleg historie kan bli ein viktig del av ein felles reigional strategi.

På grunnlag av desse målsetningane har me laga fylgjande budsjett for vårt arbeid i 2019:

Infrastrutkurutvikling:
Leige infrastruktur (programvare)
Dropbox – mellombels arkiv kr 5 000,00
Publisering video / Vimeo kr 5 000,00
Foridling – nettside Google Gsuite kr 2 500,00
Redigering / trening kursdeltakrar kr 5 000,00
Reisekostnader – lobbyverksemd – arkviering kr 10 000,00
Møtekostnader / Artikkelproduksjon kr 26 250,00
Utviding til to-kameraproduksjon Mobilstudio kr 8 000,00
Utstyrsinvesteringar – digitale vandringsruter kr 8 000,00
Kravspesifikasjon (møtekostnad og arb.tid) kr 6 000,00
Redesign nettsider kr 13 125,00
Kompetanseutvikling:
Memoarkonferansen 2019 –
Forarbeid kr 13 125,00
Honorar – kr 15 000,00
Reisekostnader – foredragshaldrar kr 20 000,00
Trykkekostnader / annonskostnader kr 9 500,00
Underskot på kurs, alle kategoriar kr 20 000,00
) Kursdokumentasjon (læreplan ) kr 26 250,00
Lærebokutvikling (inkludert) kr 10 000,00
Organisasjonsutvikling:
Leigekostnader / møtekostnader kr 10 000,00
Delfinansiering av prosjektstillkng 2019 kr 280 000,00
(Resten: kommune, Nasjonalbiblioteket)
Workshop – Tyngdepunkt Hordaland kr 15 000,00
Administrasjon kr 12 500,00
SUM. kr 520 250,00

Den største enkeltposten på budsjettet er delfinansiering av ei prosjektstilling i Hordaland. Me reknr det som urealistisk å søka ful finansiering av eit slikt prosjekt frå Hordaland Fylkeskommune. Dessutan meiner me at det finst svært gode “nasjonale argument” for eit slikt prosjekt. Me vil derfor søka den andre halvdelen av kostnadane til ei slik stilling frå nasjonale kjelder, så som Nasjonalbiblioteket, Kulturrådet eller stiftingar som har heile landet som arbeidsfelt.

På dette grunnlaget søker me om kr. 520.250,- frå ordninga Kulturelle utviklingsprosjekt i Hordaland.

Bergen 31. mai 2018

For Memoar
Bjørn Enes

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.