Kan Bergen bli fyrst med plan for immaterielle kulturminner?

Arbeidet med ny kulturminneplan er såvidt starta opp. Og kulturminner er i utgangspunktet det same som bygningar, landbruksmiljø og ein og annan båt. Vel og bra og viktig! Men for dei fleste av oss er ikkje minner av tre eller stein eller stål. Det er noko me går rundt med inni hovudet.
I godt lag deler me dei av og til. Når ordet går rundt bordet og den eine forteljinga tek den andre – og me ser Dampen koma sigande ut or skodda og høyrer gamlelæraren tala om Fedrelandet svenskesuppa veltar ut over golvet av trykket frå eksplosjonen på Vågen, då er me til stade i ein av dei magiske timane då minner er blitt til kultur.
I tusen år måtte det vera slik at minnekultur måtte innskrenkast til noko me festa til bygningar, landbruksmiljø eller gamle båtar, for forteljingane vart borte med forteljarane. Sume skreiv, rett nok, om eigne minner eller ting dei gamle hadde Men ei attforteljing på papir er ikkje det same. Det er ein annan sjanger. Papirforteljingar veltar ikkje kaffikoppar, og dei dirrar ikkje i munnvikane.
I tusen år vart forteljingane borte når forteljaren døydde.
Men slik er det ikkje lenger. Slik treng det i alle fall ikkje vera. For no går alle rundt med ein opptakar i lomma.
Munnleg historie
Det er viktig å ta vare på fysiske kulturminne. Me vart ein fattigslig by, om me ikkje hadde spor av levde liv og forgangne tider rundt oss. Immaterielle kulturminner kan aldri erstatta dei materielle.
Men tenk på kor mykje liv dei kunne ha tilført den gamle kyrkja eller brygga etter båtsalongen, om nokre av dei munnlege minnene som høyrer saman med dei også kunne ha vore der! Om det sto ein monitor der, kor den eine forteljinga tok den andre. Eller det fanst eit biletgalleri, der kvart bilete var starten på ein ny forteljar si samling.
Munnleg historie (oral history) er grunnstoffet i alle kulturminner. Det er forteljingane som gjer bygningane interessante. Høyrer ikkje då den munnlege historia også heime i ein kulturminneplan?
Kompetanseklynge
Bergen har – kan i alle fall utvikla – det faglege tyngdepunktet for munnleg historie i Noreg. Me har eit vitskapsmiljø med tradisjonar eldre enn universitetet sjølv innan folkeminne og kulturvitskap, med nokre av landets fremste intellektuelle på dette feltet. På Memoarkonferansen nyleg viste professor Stig Tenold kor verdfulle det munnlege kjeldematerialet som Søfartsmuseet har samla inn, er for arbeidet med vestlands sjøfartshistorie. Mange av dei andre muséa har og lang erfaring frå arbeid med munnlege kjelder. Me har hovudkontoret til den fyrste norske frivillige organisasjonen som har hovudfokus på munnleg histore. Og Bergen offentlege bibliotek er det fyrste biblioteket i landet som etablerte eit intervjustudio som alle innbyggarar kan bruka. Skulle ikkje dette også ha relevans for den nye kulturminneplanen?
Korleis?
På sakslista nett no står sjølve plapprosessen. Kva må Byantikvaren tenkja inn i planverket for å sikra at det vert utvikla ein god ny kulturminneplan?
Her er mine forslag:
  • Ho må bestemma seg for at immetarielle kulturminner også høyrer heime i ein moderne kulturminneplan.
  • Ho må oppmoda kulturinstitusjonane – musé, bibliotek og arkiv – og den frivillige historierørsla om å halda fram og styrka samarbeidet om utvikla og synleggjera slik kompetanse, organisasjon og infrastruktur som må til for å samla og ta vare på munnleg historie. (lyd og videoopptak av forteljingar om levd liv).
  • Ho bør peika på det problemet at det i dag ikkje finst finansieringsordringar for innsamling, arkivering eller formidling av munnleg historie, verken lokalt eller nasjonalt. Dette gjer både profesjonelt og frivillig arbeid på dette feltet vanskeleg.
  • Og endeleg bør ho ta initiativ til eit forprosjekt som kan laga ei fyrste liste over immaterielle og munnlege kulturminner i Bergen.
Og så – sjølve planen?
I teksten over har eg hinta om tre slike munnlege kulturminner som eg er sikker på høyrer heime på den lista: Dampen, gamlelæraren og eksplosjonen på Vågen. For dei – som for resten av lista over munnlege kulturminner – bør det lagast innsamlingsprosjekt der lek og lærd vert intervjua.
Sjøfolka ombord i Dampen, til dømes. Handelsfolka og postopnarane som tok imot. Passasjerane. Dei som samla seg på brygga ein time før kvar gong Dampen var venta. Bergensfruene som tok Dampen for å koma «på Landet».Reiarane og kontordamene deira. Emmisærane og dei handelsreisande. Kelnaren på skjenkestova i vågsbotnen. Det er ikkje lenger sidan enn at dei alle kan intervjuast enno.
Skulehistoria på same vis. Ingenting er meir felles i Noreg enn forteljingane om dei gamle lærarane. Og av eigen erfaring veit eg kor utruleg mange forteljingar som enno lver om det som hende den 20 januar 1944, då alle vindauge i Bergen vart knuste av trykkbylgja frå Vågen.
Ein del av Kulturminneplanen bør etter mitt syn vera å utstyra biblioteka med intervjustudio og Byarkivet med ressursar til å bygga ein digitalt arkiv av byens munnlege kulturminner. Og det bør vera i planen at Bergen både skal ha eit profesjonelt miljø og ei frivillig rørsle med høg kompetanse innan munnleg historie.

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.