I løpet av året 2017 har Memoar utvikla seg frå ein lokal organisasjon i Bergen til ein Hordalandsorganisasjon, med mange medlemmer og aukande aktivitet også andre stader i landet. Medlemstalet ved førre årsmøte var 18. Medlemstalet i februar 2018 er 60.
Styret har i 2017 vore desse:
- Bjørn Enes Varamedlem:
- Jostein Saakvitne- Ada Freng
- Astrid Helene Olsen – Svein Houge
- Liv Marit Dalen Goldstein
- Camilla Bøe
Etter kvart som aktivitetane har auka, har me bygd ein tydelegare organisasjonsstruktur der ein liten driftsorganisasjon knytter saman produksjons- og utviklingsprosjekt som svært ofte er etablerte saman med andre. Per februar 2018 ser denne strukturen slik ut:
Årsmeldinga vil fylgja same struktur.
Drift:
Styret har hatt den overordna leiinga av arbeidet. Det har vore i alt 5 styremøter (8/2, 21/6, 21/9. 29/11 og 11. januar i år).
Bjørn Enes har i praksis arbeidd full tid. Timetalet fordeler seg slik:
- Krafttak Hordaland: 1.036,0
- Bergensprosjekt: 127.5
- Sjøfartsprosjektet: 131,0
- Industri / Jernbaneprsj: 60,5
- Kristiansandsprosjekt: 276,5
- Timar i alt i 2017: 1.752,9
I tillegg har Siri Lindstad vore engasjert som prosjektmedarbeidar i 20 prosent frå mai til november. Ho har vore betalt av KrS-prosjektet, men har arbeidd på Bergensprosjektet for å frigjera tid or Bjørn Enes til KrS-prosjektet.
I alt har ho arbeidd 262 timar.
Lindstad har fått løn for avtalt tid. Ho har også arbeidd ein del frivillig ut over det.
Enes har fått løn for i alt 519 timar. Resten er frivillig arbeid. (I tilleggt kjem frivillig arbeid utanom vanleg arbeidstid. Desse timane er ikkje registrerte)
Eit krafttak for munnleg historie i Hordaland
(Biletet: Forteljarpanel på Bergens Sjøfartsmuseum 29. okt. 2017)
Memoar har nyleg lagt fram rapport for det fyrste arbeidsåret i det treårige kulturelle utviklings-prosjektet «Krafttak for munnleg historie i Hordaland». Mew har i det fylgjande tatt heile rapporten med i årsmeldinga.
I KUP-søknaden frå 30. juni 2016 skreiv me:
«Me vil gjennomføra eit krafttak for å utvikla infrastruktur, kompetanse og organisasjon i Hordaland. I løpet av prosjektperioden skal me setja munnleg historie («oral history») på dagsorden og gjera Hordaland til eit foregangsfylke på feltet.»
Den 10 oktober 2016 vedtok Utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland å støtta Memoar sitt kulturelle utviklingsprosjekt «Krafttak for munnleg historie i Hordaland» med kr. 200.000,- , og den 21. november fekk me tildelt 180.000,- av desse.
Denne støtta vart motteken med stor entusiasme hos oss. Den var rett nok redusert med 50.000,- i forhold til tilrådinga frå administrasjonen. Det fyrste me måtte gjera var difor å redusera ambisjonsnivået og laga eit redusert budsjett.
Kortversjonen av dette vart sjåande slik ut:
Ein like kort versjon av rekneskapen for korleis pengane er brukte, ser slik ut:
Me har altså brukt mindre på innkjøp enn budsjettert, og meir på arbeid.
(Prosjektet har vore vesentleg meir arbeidskrevjande enn det rekneskapen viser. Prosjektleiar aleine har registert 1036 arbeistimar på prosjektet i 2017, men berre 597 av desse er med i rekneskapet)
Me har brukt mindre på infrastruktur enn budsjettert, og meir på kompetanse- og organisasjonsutvikling.
Profesjonalisering:
Me skreiv i søknaden at me ynskte å profesjonalisera arbeidet med fremja kultur for å ta vare på og dela munnlege forteljingar om levd liv i Hordaland gjennom å kjøpa fri ein eller fleire ildsjeler som kunne skapa engasjement og samarbeid for å utvikle pilotane frå Memoar sitt forprosjekt i 2015-2016. Me har gjort dette slik:
Prosjektleiar Bjørn Enes har i praksis arbeidd full tid med å utvikla Memoar i 2016. Han har ført 1036,2 arbeidstimar på prosjekt Krafttak for munnleg historie i Hordaland i 2017. (Timelista er publisert på prosjektnettsida Krafttak.Memoar.no for den som er interessert i detaljar)
Timane fordeler seg slik:
Prosjektmedarbeidar Siri Lindstad
I tillegg har det lukkast å engasjera frilansjourfnalist Siri Lindstad i 20 prosent stilling i sju månader av 2017 (frå 8. mai til 8. desember). Dette kjem heller ikkje fram i rekneskapen, av di det har vore betalt gjennom ein byttehandel med prosjektet «Kristiansand 1990 – 2017».
«Forklaring:
I mai 2017 gjekk Memoar inn i eit samarbeide med professor Olav Wicken (Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved UiO) for å gjera ei større innsamling av munnleg kjeldemateriale om fylgjene av den nye Energiloven i 1991 i Kristiansand og Agder. Avtalen var at Bjørn Enes skulle utføra intervju- og dokumentasjonsarbeid i dette prosjektet. Siri Lindstad vart så engasjert for å avlasta Enes i andre prosjekt. I praksis har ho arbeidd 262 timar i Krafttak Hordaland utan at det har kosta prosjektet noko.
Siri Lindstad er forskingsjournalist, og har tidlegare vore ein sentral medarbeidar i oppbygginga av Skeivt Arkiv. Ho er såleis ein viktig ressursperson innanfor munnleg historie i Noreg.
Det er ei viktig erfaring at det trengs ei «profesjonell kjerne» dersom det skal lukkast å bygga opp ei brei verksemd med mange frivillige engasjerte i minnesamling. Me kjem nærere inn på dette i avsnittet om organisasjonsutvikling.
Infrastruktur:
(Bilete: Brannmann Øyvin Konglevoll vert intervjua i mobilstudio 16/1 2017)
Mobilstudio: Me har laga to mobile «studiopakkar» som me brukar til intervjuopptak, som øvingsutstyr på kurs og til utlån til medlemmer og samarbeidspartnarar.
Eit mobilstudio består av:
- Videokamera. Me har valt Zoom Q8 HandyCam som standard, og har kjøpt to stk. Det har ein god lydopptakar, er enkelt å operera og har ein brukbar biletopptakar. Kvart kamera kosta omlag 4.000,- kroner. Me brukar 32 Gb minnekort, og har i dag seks slike.
- Datamaskin. Sjølv om kamera kan brukast aleine med opptak til minnekort, er det på mange måter enklare og sikrare å bruka det saman med ein PC eller Mac, knytta til intenett. Me har ein Mac Mini med monitor (ca 12.000,- kr) og ein enkel Windows PC (3.000,- kr). På begge har me installert gratisprogrammet Open Broadcast Software. Opptak gjennom dette programmet vert lagra på maskinen med backupp kopi i nettskya (Dropbox). Erfaringane så langt viser at «billegvarianten» fungerer godt mok til at me kan tilrå den til f.eks. historielag)
- Driftsarkiv i nettskya: Me har etablert ein avtale med Dropbox som gir oss nok lagringsplass til både eit driftsarkiv og eit mellombels langtidsarkiv for ferdig dokumenterte opptak som er klargjorte for avlevering til offentleg arkiv. Som nemnt i punktet over vert opptak frå begge mobilstudio lagra direkte i driftsarkivet i Dropbox.
- Redigeringsprogram i nettskya. Me har etablert ein avtale med WeVideo.com 50 brukarlisensar til det skybaserte redigeringsprogrammet med same namn. Folk som låner mobilstudio kan også låne ein brukarlisens på redigeringsprogrammet, i tillegg til at kursdeltakarar får låna lisensar.
- Publiseringslisens gjennom Vimeo: Me har etablert avtale med Vimeo.com som gir oss uavgrensa plass til publisering av ferdig bearbeidde opptak. Det betyr at me kan hjelpa alle forteljarar som ynskjer å offentleggjera forteljingane sine
«Sky til sky»:
Denne strukturen gjer brukarane uavhengige av dyre breidbandsliner for opp- og nedlasting. Det er nok å lasta opp råopptaket, så går resten av prosessen «frå sky til sky», slik at brukaren for den saks skuld kan sitja på bussen og redigera/publisera ved hjelp av mobiltelefonen sin.
- Lysrigg: I tillegg til opptaksutstyret, datamaskinane og «skystrukturen» har me ein lysrigg og ein bakgrunnsrigg (tekstil og greenscreen). Desse er også mobile – det skal ikkje meir til enn ein litt romsleg ryggsekk for å frakta alt med seg.
I tillegg til Memoar sine to om mobile studio, er det no etablert to permanente studio saman med bibliotek i Hordaland.
- Det eine er i Bergen offentlege bibliotek i Strømgaten i Bergen, og
- det andre er i Sund Folkebibliotek i Skogsvågen.
- (Konseptet har også spreidd seg ut over fylket, og Kristiansand Folkebibliotek har no også etablert intervjustudio i samarbeid med Memoar)
Ambisjonane våre er at det skal bli etablert intervjustudio i mange bibliotek i Hordaland i løpet av år 2 og 3 i prosjektperioden. Det teiknar seg eit mønster av at det fyrst vil skje der både lokalt sogelag og bibliotek er interesserte. Me vonar at Os, Nordhordland og Voss vil vera dei neste.
Offentlege arkiv:
Den siste – og viktigaste – delen av Memoar sin strategi for infrastrukturutvikling, har me ikkje sjølve kontroll over. Det gjeld avleveringa til offentleg arkiv.
![]() |
http://www.Memoar.no |
I søknaden formulerte me denne delen av strategien slik:
«Me skal fyrst og fremst påverka og samarbeida med den offentlege arkiv-, biblioteks- og museumssektoren for å få oppretta eit ope offentleg arkiv for munnlege livsforteljingar og anna munnleg kjeldestoff.» Per i dag har me ikkje klart dette. Me har drøfta dette med Fylkesarkivet i Hordaland, Byarkivet i Bergen og Arkiv Vest (tidlegare Lokalarkiv Bergen). Fyrstnevnte har bestemt avvist tanken. Bergen Byarkiv er interessert, men har framleis ikkje infrastruktur på plass til å ta imot munnleg kjeldemateriale i form av videoopptak.
Det er tydeleg at etablering av eit offentleg arkiv for munnleg historie må vera eit politisk mål. Det Memoar på eiga hand kan gjera, er å etablera eit mellombels privatarkiv, og ordna det slik at det er klart for avlevering nmår me finn eit offentleg arkiv som vil ta mot. Det har me gjort, og det fungerer bra.
Me er hundre prosent overtydde om at også hovudmålet vil lukkast. Slike arkiv er svært vanlege i andre land, og det er eit savn for mange at dette ikkje er på plass i Noreg.
I løpet av 2017 har Norsk Folkemuseum/ Norsk etnologisk gransking lansert ei mogleg løysing. Ho er utvikla saman med Nordiske Museet i Stockholm og Folkemuseet sitt eige Itselskap, KulturIT. Memoar har vore aktivt med i utprøving av denne løysinga, som har ei framside i form av nettstaden www.minner.no. Det kan godt henda at dette er løysinga. Men ho er ikkje sikra finansiering, og er såleis enno i ei innsalsfase.
I februar 2018 arrangerer me den fyrste Memoarkonferansen (sjå www.memoarkonferansen.no). Der vert arkiveringsspørsmålet viktigaste tema. På ein workshop på UiB dagen før sjølve konferansen, er målet å meisla ut ein felles arkivstrategi for Norsk etnologisk gransking, Folkeminnesamlinga, Samiske samlingar, Skeivt Arkiv, Etno-folkloristisk arkiv ved UiB og Memoar. For alle desse er handsaming og arkivering av munnleg historie ei sentral interesse. Det er uråd å seia når den framtidige løysinga som vonleg kjem ut av ein slik fellesstrategi kan vera på plass. Men i 2018 blir det neppe.
Tildelinga av støtte til år 2 i KUP-prosjektet «Krafttak for munnleg historie i Hordaland» vart vedteken på det vilkår at Memoar inngår ein avleveringsavtale med offentleg arkiv. Det er ingenting me heller vil – men det er altså på rapportttidspunktet svært uklart korleis dette skal kunne gjerast. Me ser derfor fram til eit møte som administrasjonen i Fylkeskommunen skal kalla inn til, der ei løysing på dette vilkåret skal diskuterast. I forkant av møtet har me lansert det forslaget at me kan ta opp diskusjon med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Dei har lang erfaring med å arkivera og formidla munnleg historie, og i og med den komande fylkessamanslåinga kan vel dette vera eit tilfredsstillande arkiv også for Hordaland.
Kompetanse:
Det viktigaste resultatet av arbeidet på feltet kompetanseutvikling, er samarbeidet med UiB, Bergen Byarkiv og Bergen offentlege Bibliotek om å arrangera den fyrste Memoarkonferansen i februar 2018.
![]() |
|||
Foredragshaldarane på Memoarkonferansen: (Frå v.) | Malin Thor Tureby, Bjørn Enes, Ingar Kaldal, Bjørn André Widcvey, | Stig Tenold, Maja Gudim Burheim og Audun Kjus |
For det fyrste er det viktig av di det demonstrerer framgang i vårt arbeid for å knytta Memoar til ulike profesjonelle kompetansemiljø i Hordaland, og på same tid fremja utveksling av kompetanse og ressursar mellom alle aktørar og miljø. Vårt langsiktige mål er å få til eil aktivt samabeid om munnleg historie mellom frivillige (som Memoar, sogelag, kyst- og kulturminnelag, venneforeningar til muséa osv), den offentlege arkiv-, bibliotek- og museumssektoren og med akademia. På sistnemnde felt ynskjer me samarbeid både kulturvitskap og historiemiljøet.
Memoar arrangerer konferansen saman med Bergen offentlege Bibliotek, Bergen byarkiv og UiB/Kulturvitskap. Tre svært anerkjende professorar i historie er mellom foredragshaldarane på konferansen, Det er «vår eigen» Stig Tenold (NHH) som skal snakka om munnlege kjelder i nyare sjøfartshistorie, Ingar Kaldal (NTNU) som skal snakka om minne som prosessar, og Malin Tor Tureby (Universitetet i Linkøping) som skal snakka om å atterreisa munnleg historie som forskingsfelt i Sverige.
Me har også ei svært representativ liste av fagpersonar innan norsk munnleg historie på gjestelista. Me nemner her berre leiaren av Norsk etnologisk gransking, Audun Kjus, fagansvarleg for Folkeminnesamlinga, Line Esborg, leiaren av 21juli-senteret si minneinnsamling Maja Gudim Burheim og to av nøkkelpersonane i Skeivt Arkiv, Runar Jordåen og Bjørn André Widvey. (Sjå elles konferansenettsida www.memoarkonferansen.no)
I søknaden formulerte me dette arbeidet slik: «Me ynskjer å arbeida for ei meir oppdatert forståing av munnleg historie. På søknadstidspunktet ynskjer me å arbeida for Å utvikla ein debatt om forståing og praktisering av omgrepet «munnleg historie». Det er nett dette som skal skje på konferansen 17. februar
Kurs:
Me har i løpet av året blitt tatt opp som medlem av Studieforbundet kultur og tradisjon. Det betyr mellom anna at me får kursstøtte som vert formidla gjennom forbundet. Så langt har me tillempa forbundet sin studieplan for lokalhistorie i våre kurs. Ambisjonen vår er å utvikla ein eigen studieplan om munnleg historie.
Me arrangerer kurs i Bergen i samarbeid med Bergen offentlege Bibliotek kvart halvår. Me har sendt ut tilbod til alle historie- og sogelag i Hordaland om å vera medarrangør av kurs og fleire har meldt attende at dei er interesserte i det. Sogelaga i Fana og i Sund har sendt folk til kurs i Bergen.
Me har hatt eit introduksjonskurs for tilsette i Bymuseet. Det var minst like lærerikt for oss som for kusdeltakarane. Det same gjeld kurs me har halde i samarbeid med Norsk Industriarbeidermuseum (Rjukan) og med Østfoldmuseene.
Me har tatt del i fleire seminar og konferansar, mellom anna seminar om industridokumentasjon på Norsk Trikatoasjemuseum, seminar om immateriell kutlurarv på Sjøllingstad Uildvarefabrikk og Oral History Society Annual Conference i London.
Me har nå køyrt gjennom både introduksjonskurs for frivillige og kurs for tilsette i ABM-sektoren fleire gonger, kvar gong med aktiv innhenting av tilbakemeldingar frå deltakarane. Me synest no me har godt grep om begge desse kursprogramma. Eit problem er det likevel at me enno berre har ein kursleiar. Dette gjer oss sårbare, og det vil vera viktig å utvikla fleire som kan halda kurs i dei to neste åra.
Kvalitetssikre dokumentasjonsmetoden:
I løpet av året har me blitt kjende med at materiale på http://www.memoar.no er brukt i to forskingsprosjekt innan historie. Det gjeld det tidlegare nemnde prosjektet til professor Olav Wicken. Professor Lars Thue, som også arbeider med konsekvensar av Energiloven, har gitt uttrykk for å ha hatt nytte av materialet, og professor Stig Tenold har gitt uttrykk for det same i samband med eit sjøfartshistorisk prosjekt han arbeider med.
![]() |
|||
Klikkbar logg er viktig del | av dokumnetasjonsmetoden |
I slutten av november vart prosjektleiaren invirtert til å presentera dokumentasjonsmetoden på International Oral History Association sin årlege konferanse som i i 2018 vert arrangert i Finnland.
Samtykkedokument: Me har utvikla eit standard samtykkedokument som formaliserer det prinsippet at forteljuaren har opphavsrett til opptaket, og er den som bestemmer korleis det skal kunne brukast. I alle dei samanhengane som er nemnde ovanfor har me aktivt henta inn evalueraingar av metoden og samtykkedokumentet. Så langt har me berre gjort ei mindre endring i standardformularet, initiert av professor emerituis Bente Alver (kulturvitskap)
Emneordstagging: Dette feltet kjem til å bli viktig i år 2. Me er i diskusjon med fleire samarbeidspartnarar om eit eige prosjekt for å utvikla ein standard metode for emneordstagging. Truleg vil det bli knytta samanmed innsamling og bruk av munnlege kjelder til sjøfartshistorie.
Bruk i utstillingar: Me har gjort forsøk på QR-koding av munnleg historie for bruk i museum. Men i år 1 har me ikkje kome så langt at me har vore med i noko samarbeid om utstillingsutvikling med noko museum.
Geotagging: På dette feltet har me heller ikkje kome lenger enn demostadiet. Det ser framleis ut til at bydelsforeininga på Møhlenpris og idrettslaget Djerv vil bli dei fyrste samarbeidspartnarane for ein pilotproduksjon av ei digital vandringsrute med geotagging av munnleg historie (https://geotourist.com/tours/1017)
Publikumsarrangement: Me har gjennomført tre «forteljarpanel» i løpet av år 1. To av dei var på Sjøfartsmuseet – eit om «Gullalderen» i norsk sjøfart (1950 – 1970) og eit om tida ettterpå. På Radøy hadde me eit tilsvarnde om den lokale krigshistorie.
Organisasjon:
Medlemsutviklinga har vore positiv, sjølv om det ikkje akkurat kan seiast at hordalendingane har gått mannav huse for å melda seg inn i Memoar. Me har i dag 47 medlemmer, dei fleste i Hordaland.
Medlemmene er i tre hovudgrupper, utan at det er laga noko formelt skile melloom dei:
- Forteljarar: Nokre ynskjer å vera med i Memoar av di dei gjerne vil fortelja livs- eller yrkeshistoria si.
- Minnesamlarar: Andre ynskjer å læra seg meir om intervjuteknikk og å låna utstyr slik at dei sjølve kan ta til å samla minner.
- Støttespelarar: Og nokre vil «berre» støtta arbeidet til Memoar.
Me ynskjer jo alle tre velkomne, og vil gjerne oppmoda alle som les dette til å vurdera å teikna medlemskap. Det er no enkelt å teikna seg gjennom nettsida http://Om.Memoar.no.
Lærdomar om organisasjonsutviklinga:
Visjonen om at me som lever no skal bli dei fyrste generasjonane i historia som legg etter oss munnlege uttrykk i lyd- og biletformat i stort omfang er gjennomførbar. Det er den viktigaste lærdomen vår.
![]() |
Den fyrste Memoarkonferansen |
Svært mange vil fortelja. Dette merkar me særleg i Bergen, der det er eit jamnt trykk av folk som sjølve ynskjer å fortelja livshistoria si eller som har nokon nær seg som dei meiner bør intervjuast.
Å intervjua er spennande for mange. Det vanskelegaste for nybegynnarar er å ha sjølvtillit nok til å invitera nokon dei gjerne vil intervjua inn i studio. Når dei fyrst har kome så langt, går det som regel som ein leik.
Den største utfordringa i produksjonen er etterarbeidet. Eit intervjuopptak er berre unntaksvist bevaringsverdig viss det ikkje er dokumentert i form av søkbar transkripsjon eller ein stikkordsmessig logg/emneord. Dette arbeidet er tidkrevjande, og kvaliteten avheng veldig av kompetansen til den som dokumenterer
Den største utfordringa i det heile er organiseringa. Hovudforklaringa på at me har kome så langt som me har, er at me har hatt ein leiar som i praksis har lagt bort alt anna arbeid og brukt eit heilt årsverk (1753 timar) i Memoar i 2017. (Kurs: Inger Elisabeth Syvertsen intervjuar Mette Salvesen)
Eit viktig mål i det vidare organisasjonsutviklingsarbeidet må vera å knytta saman (integrera) eit norsk eller skandinavisk fagmiljø av personar som arbeider profesjonelt med munnleg historie innan ABM-sektoren og akademia, og å utvikla eit økonomisk fundament for profesjonalisering av ei kjerne også i Memoar.
Dei to viktigaste stega som er gjort i denne sammenhengen i 2017 er organiseringa av Memoarkonferansen og innsalet av produksjonsprosjektet Krs1990-2017.Memoar.no. Sjølv om dette siste i prinsippet berre finansierer seg sjølv, viser det at fullfinansiering av større prosjekt innan munnleg historie er mogleg.
Det vil også vera interesant å drøfta samarbeid mellom Memoar og bibliotekssektoren om prosjekt- eller faste stillingar innan munnleg historie knytta til bibliotek, der ein slik type arbeid som Memoar i dag gjer på dugnadsbasis kan bli lagt til ei stilling i biblioteket.
Liknande tankar kan også vera aktuelle i samarbeid med nokre musé. (Me er i ferd med å gjera oss nokre erfaringar i så måte i samarbeidet med Norsk industriarbeidermuseum. Det fell utanfor denne prosjektrapporten, men interesserte vil kunna lesa om det i årsberetninga til Memoar).
Kurs.Memoar.no:
Memoar har blitt medlem av Studieforbundet Kultur og Tradisjon, og har køyrt to kurs med utgangspunkt i deira kursplan for lokalhistorie, eit i Bergen og eit i Kristiansand. I tillegg har me samarbeidd med Norsk Industriarbeidermuseum om eit dagskurs på Rjukan i mars og eit dagskurs på Notodden Ungdeomsskule i januar i år.
Me har også hatt eit kurs i samarbeid med Bymuseet, dette var for tilsette i Bymuseet.
Og me har hatt eit kurs i samarbeid med Østfoldmuseene, også det for museumstilsette.
Det må snarast utarbeidast ein kursplan for munnleg historie som kan gå inn i Kultur og tradisjon si samling av godkjende kursplanar.
Infrastruktur:
På våre initiativ er det nmo etablert tre intervjustudio i offentloege bibliotek i Noreg. Det er på Bergen off. Hovedbibliotek, Sund Bibliotek og Kristiansands Folkebibliotek. Det er ikkje enno etablert lokale Memoargrupper som kan samarbeida med biblioteka i Sund og Kristiansand. Det vil vera viktig at det nye styret forsøker å få til dette.
Arkiv:
Spørsmålet om avlevering til offentleg arkiv er ikkje løyst, men me har etablert samarbeid ei rekke aktørar med same interesse som oss for at det vert etablert eit offentleg arkiv for munnleg historie. 16. februar 2018 er (var) Memoar med på ein arbeidsverkstad om strategi for digitalisering og arkivering av munnleg historie og andre kulturhistoriske kjeldesamlingar, saman med Norsk etnologisk gransking, Folkeminnesamlinga, Etno-folkloristisk arkiv i Bergen, Skeivt Arkiv, Arbeidsarven, 22. julisenteret, Rockheim og fleire. Me har god von om at dette vil bli løyst i nær framtid – men det vart ikkje løyst i 2017.
Produksjon
![]() |
Banner – arrangement på Sjøfartsmuseet |
I «Memoarspråket» vil produksjon seia å førebu og gjennomføra ein serie intervjuopptak omkring eit oftast ganske ope tema («Sjøfart», «Endringar i industrien etter 1960», «Levd liv i (eit lokalsamfunn)», «Migrasjon» osv). Kvart opptak vert så dokumentert i form ein logg med stikkord/emneord og tidskodar (minutt og sekund frå start.) Til slutt vert det formulert eit kort tekstsamandrag av kva intervjuet handlar om. Under logginga skal det også gjerast ei presseetisk vurdering av om opptaket kan publiserast, og viss deler av det ikkje kan, skal det lagast ein publiseringsversjon der det uetiske innhaldet er fjerna. Det skal setjast opp ein skriftleg avtale med kvar forteljar, det skal lagast ei arkivmappe med publiseringsfil (video), avtale, logg, tekstsamandrag, avtale, eit bilete av forteljaren og eventuelt anna digitalt eller digitalisert metariale som forteljaren har avlevert. Når mappa er klar for avlevering til offentleg arkiv, skal ho arkiverast i Memoar sitt mellomels arkiv (Dropbox). Viss forteljaren ynskjer /samtykkjer i det, skal så videofil, logg og tekstsamandrag publiserast på nett.
Produksjonen omfattar også stadig oftare eit eller fleire publikumsarrangement med samtalar mellom ein intervjuar og eit panel av forteljarar som han/ho har intervjua i studio.
Me har no erfaringstal som gjer det mogleg å budsjettera timebruken i eit produksjonsprosjekt omlag slik:
- Førebuingar og gjennomføring av intervju ca. 4 – 8 timar
- Enkel redigering, logging, skriving av samandrag og videoproduksjon: Ca 4 x opptakslengde (90 min. Intervju = 6 timar etterarbeid)
- Arkivering eg evt, nettpublisering; ca 2 timar.
- Tilsaman: 10 – 16 timar per intervju.
Profesjonalisering:
Naturleg nok går tidsbruken ned og kvaliteten opp etter kvart som ein får erfaring med dette arbeidet. Erfaringane til no tyder på at det er fornuftig ressursbruk å engasjera frivillige til forarbeid og intervju, mens det er behov for erfarne og helst profesjonelle folk til etterarbeidet.
Volum:
I løpet av året har me prioritert å gjera opptak snarast når folk ber om å bli intervjua. Me har tatt unna køen – men dermed har det hopa seg opp med etterarbeid.
I prosjektet Krigsminne.Memoar.no er det ikkje gjort nye intervjuopptak. Dette er eit samarbeid med Medieutvikling Jostein Saakvitne der opptak frå 1990-talet vert digitalisert, dokumentert og publisert.
I det fylgjande gjer me eit oversyn over produksjonen i 2017:
Bergen.Memoar.no:
I samarbeid med Bergen offentlige bibliotek driftar Memoar eit intervjustudio der alle innbyggarar i Bergen kan få hjelp til å gjennomføra eigne intervju eller bli intervjua. Prosjektet har pågått sidan våren 2016. I alt er det gjort 38 intervjuopptak i studio. 14 er publiserte, 8 er lagt ut på nett med passord og 16 er førebels upubliserte.
Dette prosjektet har ikkje hatt inntekter i 2017, så alt arbeid har vore utført på dugnadsbasis. Men ved juletider i fjor vart Memoar tilelt Bergen Kommunes kulturvernpris på 50.000,- kroner, og deler av denne løyvinga har vore nytta til å dekka reine kostnader ved prosjektet. Prosjektleiar er Bjørn Enes. I tillegg har Ada Freng, Svein Houge, Lise McKinnon og Jostein Saakvitne gjort intervju og dokumentasjonsarbeid. Siri Lindstad og Lisa Enes Helland har vore engasjert i dokumentasjonsarbeid. I alt er det registrert 394 timar profesjonelt arbeid i prosjektet (Lindstad 260, Enes 128, Helland 8)
20 av intervjuopptaka som er gjort sidan sist årsmøte, høyrer innhaldsmessig inn i samlinga Bergen.Memoar.no. Av desse er 11 ferdig dokumenterte og 7 publiserte.
Namn forteljar Namn intervjuar Dok. Avl. Publ Bjørn Helmich Pedersen Bjørn Enes X X Irene Ellinor Johansen Bjørn Enes X Tor Ivar Hjelmeland Anne Bjercke og Grete Eilertsen Øyvin Konglevoll Siren Vågsøy og Nina Moldskred Einar Kristian Gjessing Lars Voss Sørhus og Christina Frønsdal Julia Andersland Bjørn Enes X X Valborg Henriette Sirnes – Del 1 Bjørn Enes X Valborg Henriette Sirnes – Del 2 Bjørn Enes X Åshild Lerøy Bjørn Enes X X Gunnar Lian Svein Houge X Siren Troye Graver Bjørn Enes Inga Mollestad Svein Houge Svein Dåvcøy Bjørn Enes X Grethe Sangolt Lisa McKinnon X X Lisa McKinnon Del 2 Bjørn Enes Oddvar Skre Bjørn Enes Synnøve Gjermundnes – Del 1 Ada Freng og Bjørn Enes Per Atle Holsen – Del 2 Bjørn Enes Gunnar Ørnulf Aase Bjørn Enes Kjell Vegard Gravdal Bjørn Enes
Heile året har me hatt avtale om å bruka studio ein dag i veka (onsdagar). Det har vore jamn trafikk der, og sjølv om me ikkje har gjort noko for å marknadsføra tilbodet, har det kome fleire som har bede om hjelp til å intervjua eller å hejlpa de til å gjennomføra eigne intervju, enn det me kan rekka å få ferdig. Ein god del av studiotida har derfor gått med til etterarbeid.
Ei målsetjing for 2018 vil vera å få finansiert ein fulltids prosjektleiarstilling for Bergensprosjektet. Viss det lukkast, vil vedkomande også kunna ta ansvar for produksjonen i Studio 1.
Sund.Memoar.no:
![]() |
Frå introduksjonskurs i Sund |
I samarbeid med Sund Folkebibliotek og Sund Sogelag har me gjennomført eit kurs og fire intervjuopptak som alle er publiserte på prosjektnettsida. Biblioteket har etablert eige mobilstudio, og er aktivt i gang med å gjera og dokumentera eigne opptak. Det er ikkje organisert ein formell prosjektleiing, og prosjektet har ikkje fått støtte til vidare arbeid. Den drivande personen og i praksis prosjektleiar er Lisbeth Milsted, bibliotekar i Sund.
Frå i fjor hadde me forteljingane til Nils Audun Mugaas Vassenden om gutedagane i Klokkarvik før og under krigen. I juni 2017 starta samarbeidet mellom Memoar og Sund Folkebibliotek. Mobilstudio vart fyrst lånt ut til biblioteket nokre veker – så kjøpte dei sitt eige utstyr.
Namn forteljar Namn intervjuar Dok. Avl. Publ Anna Jorun Bjorøy Helge Bjorøy og Bjørn Enes x x Johannes Høyland Helge Bjorøy og Bjørn Enes x x Anna Utne Bjørn Enes x x Anna Utne Bjørn Enes x x Jorun Varøy Tveit Lisbeth Milsted Siri Fagerås Lisbeth Milsted
Sjøfart.Memoar.no:
![]() |
Forteljarpanel på Bergens Sjøfartsmuseum |
I samarbeid med Bergens Sjøfartsmuseum og Bergens Skipperforening har Memoar gåande ei innsamling av livs- og yrkesforteljingar knytta til norsk sjøfart. Dette prosjektet har pågått sidan 2015. Til no er 16 intervju publiserte i denne serien. I tillegg er det gjort 8 intervjuopptak. Prosjektet har fått ei støtteløyving på 20.000,- kroner frå Neptunstiftelsen i 2017, og det har dekt reine kostnader ved prosjektet (utstyrskost). Men det har ikkje vore mogleg å lønna noko av dette arbeidet, så alt har er gjort på dugnadsbasis. Prosjektleiar er Bjørn Enes. Han har registrert 131 timar på dette prosjektet i 2017.
Frå hausten 2017 er intervjuopptaka flytta frå museet til Studio 1 i Bergen Bibliotek. Det gir betre kvalitet på intervjua, sjølv om me saknar nærkontakten med museet.
I staden er det gjennomført to forteljarpanel på Bergens Sjøfartsmuseum i 2017. Denne arrangementsforma går ut på at forteljarar som alt har blitt intervjua på tomannshand i museet eller i studio, kjem saman i eit panel og gjennomfører ein samtale, leia av same intervjuar som dei alt har blitt intervjua av før.
Intervjua tener som grundige førebuingar. Det er truleg forklaringa på at desse samtalane har fungert svært godt, og at dei har fått store publikum. Fyrste samtale gjekk 26/3 og handla om «Gullalderen». Andre samtale 29/10 og handla om perioden 1970 til i dag.
I 2016 vart det gjort 14 intervjuopptak. 11 av dei vart dokumenterte og alle vart publiserte.
I 2017 er det også gjort 14 intervjuoptak, men berre 8 er ferdig dokumenterte, og av desse er berre 4 publiserte.
Namn forteljar Namn intervjuar Dok. Avl. Publ Olav Vindedal – del 2 Bjørn Enes Bjørn Henning Stockman Bjørn Enes X X Erling Hellesund Bjørn Enes X Per Gustav Steimler – Del 2 Bjørn Enes X X Egil Røstvær Bjørn Enes X Ernst Reiten Skage – Del 1 Bjørn Enes X Tom Grasbakken Bjørn Enes X X Ernst Reen Skage – Del 2 Bjørn Enes Jon A. Hegg Bjørn Enes X X Ragnar Nielsen Bjørn Enes X Rolf Strømme Bjørn Enes Johan B.Nienhuis Bjørn Enes Bo Ragnar Krisping Bjørn Enes Ludvig Myrland Del 2 Bjørn Enes
Krigsminne.Memoar.no:
![]() |
Jostein Saakvitne |
Ein av grunnleggjarane i Memoar, Jostein Saakvitne, har i mange år arbeidd med å samla munnleg historie om krigsåra 1939-1945. Mellom anna bygde han opp prosjektet Norgesdokumentasjon saman med Jan Eidi frå Sandefjord på 1990-talet, der dei i alt samla 450 videointervju på det som den gong var nyaste videoteknologi – DV-tape. Slike kassettar har begrensa levetid, og det er derfor viktig å få dei digitaliserte og lagra i det som no er standardformat (H264/MP4).
Prosjekt Krigsminne.Memoar.no har pågått i heile 2017. Prosjektet fekk støtte på kr. 15.000,- frå Stiftelsen Sparebanken Vest (Støtta gjekk til enkeltmannsforetaket Medieutvikling Jostein Saakvitne og er derfor ikkje med i rekneskapet for Memoar).
Arbeidet har gått ut på å digitalisera dei gamle DV-opptaka, mange av dei har trengt lydjustering pga bandstøy. Så har dei blitt lagra på disk hos Medieutvikling Jostein Saakvitgne, derifrå har dei blitt arkivert i Memoars Dropbox i mappa Krigsminne. Innhaldet har blitt dokumentert, og dokumentasjonsarket har blitt lagra saman med det digitaliserte videoopptaket. Deretter har videoen blitt publisert på videopubliseringstenesta Vimeo og bygd inn i nettsidene som etter kvart er bygd opp under Memoar.no
![]() |
Startmøte på Voss, 16. januar |
Prosjektet har gått gradvis fram i samarbeid med andre. Interessa for krigshistoria er framleis stor, og mange av dei som vart intervjua på 1990-talet er no borte. Sjansen til å sjå dei att og høyra dei sjølve fortelja har synleggjort verdien av munnleg historie for mange. Krigsminneprosjektet har hatt stor betyding for framveksten av lokalt engasjement for munnleg historie. I løpet av 2017 har bibliotek og sogelag i Nordhordland og på Voss vore i med i arbeidet for å formidla opptak av lokale forteljarar.
Det har vore særleg interesse for ei samling intervjuopptak med personar som melde seg frivillige til tysk krigsteneste på Austfronten. Mange av desse vart dømte i landssvikoppgjeret, og forteljingane deira har i liten grad vore kjende. Mange er også borte no. Samlinga vart presentert fyrste gong av Jostein Saakvitne og professor emeritus Stein Ugelvik Larsen på Bergen offentlege Bibliotek den 3. mai 2017.
Fylgjande er produsert og publisert i samarbeid med lokale bibliotek og sogelag i 2017:
Namn forteljar Namn intervjuar Dok. Avl. Publ Sigvald Marøy Jan Eidi og Oddvar Foss x x Nils Gjerde Jan Eidi og Oddvar Foss x x Gabriel og Birgitta Nbordanger Jan Eidi og Oddvar Foss x x Mally Kjeseth Jan Eidi og Oddvar Foss x x Gunnstein Kolstad Jan Eidi og Oddvar Foss x x John Pettersen Jan Eidi og Oddvar Foss x x Magne Skjellanger Jan Eidi – Jostein Saakvitne x x Aslaug Sudmann Jan Eidi – Jostein Saakvitne x x Simon Simonsen Jan Eidi – Jostein Saakvitne x x Einar Solberg Jan Eidi – Jostein Saakvitne x x Per Rossland Jan Eidi – Jostein Saakvitne x x Håkon Skiple Aslak Helleve og Jan Eidi x x Knut Nedkvitne Aslak Helleve og Jan Eidi x x Ivar Ødegård Aslak Helleve og Jan Eidi x x Borghild Dale Aslak Helleve og Jan Eidi x x Ingebrigt Hesjedal Aslak Helleve og Jan Eidi x x
Frontkjemparar:
Fylgjande er produsert og klargjorte for publisering i 2017:
Namn forteljar Namn intervjuar Dok. Avl. Publ Per Bradely Jan Eidi og Oddvar Foss x Fredrik Jensen JanEidi og Tore Tollefsen x Eivind Saxlund JanEidi og Tore Tollefsen x Knut Baardseth Jan Eidi – Jostein Saakvitne x Olaf Lindvig Jan Eidi – Jostein Saakvitne Bjørn Østring Einar Rustad – Jostein Saakvitne Arne H. Wolff Jan Eidi – Oddvar Foss
Nordhordland.Memnoar.no:
![]() |
Frå møtet i Radøy Bibliotek 23. oktober |
Heilt sidan starten av Memoar har det vore drøfta samarbeidstiltak med bibliotek, kyst- og sogelag i Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Ostreid. Den 23. oktober 2017 starta arbeidet for alvor, med eit godt besøkt møte i Radøy Bibliotek der Krigsminneprosjektet for Nordhordland vart presentert.
Innsamlinga av nye intervjuopptak om levd liv i Nordhordland hare såvidt starta med fylgjande:
Namn forteljar Namn intervjuar Dok. Avl. Publ Oberit Oliva Kvalvik Bjørn Enes
Voss.Memoar.no
På same måte som i Nordhordland, var det Krigsminneprosjektet som sette arbeidet i gang på Voss. Etter lanseringsmøtet 16. januar er det diskusjon med Voss Sogelag og Voss Folkebibliotek om å prøva å etablera eit mellombels intervjustudio i biblioteket, og å halda eit introduksjonskurs om munnleg historie i samarbeid med sogelaget. Så lagt er det gjort eit nytt intervjuopptak i dette prosjektet:
Namn forteljar Namn intervjuar Dok. Avl. Publ David Gjøstein Jostein Saaklvitne
Industri.Memoar.no:
![]() |
Frå intervjuopptak på Mæl stasjon. Forteljaren er Erling Zappfe |
I løpet av 2017 har me utvikla eit svært interessant og hyggeleg samarbeid med Industriarbeidermuseet (NIA) på Rjukan om innsamling av munnleg industrihistorie. Det har ikkje lukkast å få finansiering for den store, landsomfattande intervjuserien som Memoar arbeider for. Men NIA hr fått midler til prosjektet «Jernbaneminner». Det handlar mellom anna om å samla inn munnleg kjeldemateriale om Rjukanbanen. Dette inngår som ein del av det store verdsarvprosjektet i Telemark. Memoar har deltatt i arbeidet med kurs og intervjuopptak i dette prosjektet.
Opptak som er gjort finst hos NIA og er ikkje lagra eller publisert i Memoar sin infrastruktur.
Kristiansand.Memoar.no:
![]() |
Kilden og «kunstsiloen» i Kreistiansand |
Det fyrste store dokumentasjonsprosjektet som Memoar har blitt invitert inn i handlar om lokal og regional utvikling i perioden 1990 – 2017 i Kristiansand og i Agder. Utgangspunktet for intervjuserien er den nye energiloven som vart vedteken i 1990, og som etter kvart førte til store politiske, næringsmessige og samfunnsmessige endringar. Kort fortalt, vart dei kommunale energiverka i Kristiansand og Arendal og dei felles-kommunale energiverka i Vest- og AustAgder omgjort frå kommunale forvaltingsbedrifter til sjølvstendige aksjeselskap, fusjonert til eit av Noregs største og sterkaste energiselskap (Agder Energi) og deretter delvis selde til Statkraft. Salet frigjorde store pengesummar som stort sett vart overført til kompetanse- og kultursektoren for å bygga universitret og ein stor kulturinstitusjon og sikra vidareutvikling «for all framtid».
Memoar vart invitert inn som operatør for innsamlingsprosjektet av professor Olav Wicken ved UiO sitt Senter for innovasjon, teknologi og kultur. Han var blitt engasjert av kulturstiftinga Cultiva i Kristiansand. Oppdraget gjekk ut på å produsera ei samling munnleg kjeldemateriale om heile prosessen, avlevera den til Statsarkivet i Kristiansand og gjera samlinga tilgjengeleg for alle interesserte gjennom internett.
Samlinga skal etter planen avleverast i mars 2018, og publiserast kort etter det.
Namn forteljar Namn intervjuar Dok. Avl. Publ Helge Røed Olav Wicken – Bjørn Enes x
Alf Holmelid Olav Wicken – Bjørn Enes x Tore Austad Olav Wicken – Bjørn Enes x Bjørg Wallevik Olav Wicken – Bjørn Enes x Harald Sødal Olav Wicken – Bjørn Enes x Oddvar Hodne Olav Wicken – Bjørn Enes x JanPedersen Olav Wicken – Bjørn Enes Erling Valvik Olav Wicken – Bjørn Enes x Jan Petter Horn Olav Wicken – Bjørn Enes x Solveig Løhaugen Olav Wicken – Bjørn Enes x Finn Holmer Hoven Olav Wicken – Bjørn Enes x Anne Ma Timenes Olav Wicken – Bjørn Enes x Dag Vige Olav Wicken – Bjørn Enes Johan Otto Weisser Olav Wicken – Bjørn Enes x Jan Petter Horn – 2 Olav Wicken – Bjørn Enes Trond Blattmann Olav Wicken – Bjørn Enes Terje Dragseth Olav Wicken – Bjørn Enes Terje Næss Olav Wicken – Bjørn Enes
Helge Wigemyr Olav Wicken – Bjørn Enes Cecilie Nissen Olav Wicken – Bjørn Enes x Jon P. Knudsen Olav Wicken – Bjørn Enes Alf Eivind Ljøstad Olav Wicken – Bjørn Enes Knut Gjermundsen Olav Wicken – Bjørn Enes Lars Thue Olav Wicken – Bjørn Enes Ellen Horn – 1 Olav Wicken – Bjørn Enes x Frank Jarle Berg Olav Wicken – Bjørn Enes Harald Arnkværn Olav Wicken – Bjørn Enes Ansgar Gabrielsen Olav Wicken – Bjørn Enes Hans Fredrik Grøvan Olav Wicken – Bjørn Enes Ellen Horn – 2 Olav Wicken – Bjørn Enes Bentein Baardson Olav Wicken – Bjørn Enes
Migrasjon.memoar.no:
Arbeidet med å få i gang ei større innsamling av munnleg historie om migrasjon starta tidleg i 2017. Det har vore sendt søknader om midler frå statlege integreringsprogram, frå Bergen Kommune og Oslo Kommune. Det har vore drøfta samarbeid med Interkulturelt Museum i Oslo og med Deichmanske Bibliotek.
I vår fekk me så eit uventa men veldig hyggeleg spørsmål frå Fylkesbiblioteket i Hordaland og Bergen Offentlege Bibliotek om å vera med i prosjektet «Rom for møter». Oppdraget var å gjennomføra seks studiointervju og å presentera desse på ein publikumsarerangement.
Resultatet vart den fyrste serien av intervjuopptak om migrasjon – og eit svært vellukka forteljarpanel i Bergen Bibliotek den 30. januar 2018. Tanken er å bygga dette prosjektet større i 2018, enten gjennom vidare samarbeid med Fylkesbiblioteket eller med andre.
Fylgjande opptak er gjort:
Namn forteljar Namn intervjuar Dok. Avl. Publ Kim Nga Dao Bratland Bjørn Enes X X Gunda Karklina Bjørn Enes X X Chiku Ali Bjørn Enes X X Ratan Kumar Samadder Bjørn Enes X X Semir Mujkic Bjørn Enes X X Angelo Tambini Bjørn Enes
Takk:
Denne årsrapporten er ført i pennen av underteikna, som også har fungert som leiar av Memoar sidan sist årsmøte, 6. desember 2016.
Eg vil gjerne få takka alle dei som har vore med å driva fram Memoar, og då særleg dei som har vore med å gi retninga gjennom strategidiskusjonane i styret. Me må vedgå at me har eit høgt «forbruk» av styremedlemmer – både i fjor og i år takkar fleirtalet i styret av for å gi plass til nye krefter. Me vil derfor takka spesielt Camilla Bøe, Liv Marit Dalen Goldstein og Astrid Helene Olsen både for styreinnsatsen dei har gjort, og for at dei alle blir med vidare gjennom spennande prosjekt og nær døvehistorie, migrasjons- og språkhistorie.
Me vil også gjerne takka Norsk etnologisk gransking og Folkeminnesamlinga for vedvarande fagleg støtte og gode råd, Bergen Offentlege Bibliotek, Bergen Byarkiv og UiB/Kulturvitskap for særleg godt samarbeid – og ikkje minst Kultur og idrettsavdelinga i Hordaland Fylkeskommune og Kulturkontoret i Bergen for både gode råd og økonomisk støtte til å gjera dette utviklingsarbeidet mogleg!
Bergen, 12. februar 2018
Bjørn Enes