Kva er poenget med industridokumentasjon?

Tikotasjemuseet i Salhus var vertskap for eit kurs om industridokumentasjon denne veka, og eg var ein av dei heldige som hadde fått plass der. Blant alle inntrykk eg kom heim med, er det spørsmålet i overskrifta  som ligg fremst i minnet: Kva er poenget?

Det var Hanne Synnøve Østerud som reiste det i sitt foredrag. Ho er leiar av Seksjon for industri, kommunikasjon og anlegg i Norsk Museumsforbund. Det mest interessante, synest eg, var at spørsmålet ikkje berre var pedagogisk. Det var faktisk essensen av foredraget hennar:

Ho fortalde at i si tid – på tidleg 1950-tal – starta den internasjonale interessa for industrihistorie med såkalla «industrial archeology»: Mykje av den gamle industrien låg i ruinar etter krigen, dels som fylgje av bombing, og dels av dei mange teknologiske spranga som fylgde etter den intense utviklinga i militær sektor i krigsåra.

«Industriarkelogane» grov fram maskinar og bygningar, fragment av råstoff og halvfabrikata, Dei streka og målte opp og rekonstrueerte det beste dei var i stand til, og slik fekk dei etter kvart danna seg seg eit bilete av korleis fabrikkar må ha sett ut og produksjonsliner fungert.

Men – kvifor spurde dei ikkje arbeidarane?
Hadde dei gjort det, vil eg tru dei kunne ha spart mykje av gravinga og spekuleringa. 

Dei ville nok på same tid ha fått meir å grava etter og spekulera på, for ein av dei mest sannsynlege informasjonane dei hadde fått ville truleg ha vore at bygningar, maskinar og produksjonsprosessar ikkje var slik og slik heile tida – dei var nok fyrst slik, så slik og deretter sånn. 

Det er jo eit av dei mest typiske trekka ved all industri: Alt har vore i konstant endring. Endringane har dels kome utanfrå, dels innanfrå, dels ovanfrå, dels nedanfrå. Dels som resultat av vitskap og forsking – dels som meir eller mindre haldbare kompromiss mellom motstridande interesser og stridbare einskildpersonar.

Men dei sprude altså ikkje. Munnleg og immateriell historie vart ikkje ein del av «Industrial archeology»-tradisjonane. Kan det ha vore av di tradisjonane begynte i Storbritania, der museumsfolk og forskarar med universitetsbakgrunn ikkje hadde så lett for å snakka med arbeidsfolk? Eller at dei som gjorde det, stort set var venstreorienterte, og at dei kalde krigarane dermed sytte for at dei ikkje fekk løyvingar til prosjekta  sine?

Teknologi og kultur
Memoar (norsk organisasjon for munnleg historie) starta systematisk innsamling og dokumentering av «munnlege forteljingar om levd liv» i 2015, starta me der gjerdet var lågast for oss som var dei fyrste aktivistane, Jostein Saakvitne og eg. Eg var gamal industriarbeidar og fagforeiningsmann, Jostein var gamal student og kulturadikalar.

Eg samla minner på Nikkelverket og Sjøfartsmuseet, frå den generasjonen som opplevde at nye verkty, informasjons- og kommunikasjonsteknologiar gjorde slutt på dei hierarkiske tradisjonane og erstatta dei med kompetansedeling og flate strukturar frå 1960-talet og utover.

Jostein samla minner om motkultur og antiautoritære ungdomskulturar på 70-, og 80-tal.

Personleg er eg ikkje i tvil om at desse utviklingstrekka heng nøye saman.

  • Holkort, elektronikk og programmerbare logiske system endra arbeidet og arbeidsrelasjonane og gjorde til sist ende på alle mellomlag i dei industrielle ogranisasjonane. 
  • Kasettspelaren og stensilmaskina var på same måten byrjinga på slutten for alle kultur- og pressemonopol . 

Jostein og eg brukar å krangla om kva som kom fyrst. Men om det heng saman har me aldri kome på å problematisera.


Poenget er å forstå endringane
I beste fall er me her inne på noko som kan visa seg å vera eit konstruktivt bidrag i den debatten som Østerud inviterte til i dag. I så fall går det bidraget slik:

  • Tradisjonane frå «den industrielle arkeologien» treng nyansering.
  • Det er ikkje nok å dokumentera korleis ein teknisk industriprosess var på eit gitt tidspunkt (då verksemda gjekk konkurs eller vart bomba)-
  • Det er endringanegjennom heile industrien si levetid som er det vesentlege: Kor kom endringane frå? Kva dreiv dei framover? Kva slas sigrar og nederlag førte endringane til for dei ulike menneska som sto i relasjonar til kvarandre i dei industrielle utviklingsprosessane?
  • Og ikkje minst: Kva for rolle hadde desse endringane i livsforteljingane til alle som var del av dei?

Desse immaterielle eller munnlege sidene ved industrihistoria er viktige for å forstå korleis heile resten av samfunnet har utvikla seg.  Det er vel inga bombe at min konklusjon vert slik: 

Det trengst ei styrking av arbeidet med den immatrielle industriarven. Det trengst eit krafttak for innsamling av munnleg industrihistorie.

(Det var jo bomber som utløyste den industrielle arkeologien og, Så slik sett er jo dette i perfect hamony)

14. sept. 2017
 Bjørn Enes 

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.