![]() |
God steming i Studio i Kristiansand (Foto: Helge Dyrholm) |
Det var ei spennande gruppe som tok del i kurset og stifta lokallaget. Tre hadde tidligare vore med i arbeidet med minneinnsamlinga på Nikkelverket, to arbeidde på Vestagdermuseet, to var knytta til Stiftelsen Arkivet, to var interesserte pensjonistar og ein var tilsett ved biblioteket i KrSand.Kursleiar var Bjørn Enes frå Memoar.
![]() |
Mette og Inger Lise i studio |
Kristiansand Folkebibliotek har nettopp vore gjennom ei omfattande opppussing og ombygging. Eit gamalt lydislolert rom som i si tid var etablert for å kunne tilby dataspel og digitalt verkstad, sto eigentleg på lista over rom som skulle byggast om for å bli eit vanleg
![]() |
Kåre Knudsen, om barndomsminner frå krigsåra |
Kursleiar intervjua ein av deltakarane frå Nikkelverket, Kåre Knudsen, om hans minner frå krigsåra. Han sat i sportsvogn og såg dei fyrste tyske soldatane marsjera gjennom Arendal, fortalde han. Intervjuet er publisert her:
![]() |
Bjørg Bakken |
-
Bakgrunn en må vurderast, Etter mitt (Bjørn Enes) syn, vil det vera finare og meir funksjonelt med eit einsfarga gardin som intervjubakgrunn onn noverande todelte vegg med gulbrune korkplater i øvre halvdel og gråblå tapet i nedre.
-
Der er ein skjemmande romklang på nokre stemmeleie. Det bør vurderast om det trengst fleire korkplater eller andre lydabsorberande plater.
-
Det manglar studiolys. Me brukte to lamper – etter mitt syn bør det vera tre: Eit lys over/bak forteljaren, og eit sidelys på kvar side. Dette burde ikkje kosta meir enn omlag 3000 kroner.
-
Kamera. Det er ikkje naudsynt med noko dyrt kamera. I dag er forbrukarkamera til to-tre tusen kroner gode nok for å få eit godt intervjubilete.
-
Lyd: Det bør enten installerast to gode mikrofonar eller velgjast eit kamera med gode mikrofonar. (For vår del har me gode erfaringar med Zoom Q8Handycam som både gir god lyd og godt nok bilete til stillesitjande intervjuopptak.
-
Både i Bergen Bibliotek og i Memoar sitt mobilstudio har me gode erfaringar med Open Broadcast Software (OBS). Det er eit gratis open source-program for både kringkasting (webTV) og studioopptak. Video- og lydkjeldene skal koblast inn i dette programmet, og det vert lagt inn i oppstartprosedyrane å studiomaskinen at programmet startar automatisk når nokon loggar seg inn som studiobrukar (memoar).
-
(Ver obs på at dersom Zoom Q8 skal brukast som kamera, må det lastast ned ein eigen webcamdrivar frå supportsida til Zoom. Noko liknande kan truleg krevjast for andre kamera)
-
Lagring: I Bergen har me gjort innstillingane i OBS slik at standard lagringsplass er Dropbox. Då vert opptak lagra i ei lokal Dropboxmappe på maskinen, og så snart maskinen får nok tid til det, lastar han automatisk opp til ei mappe som kan delast. For alle som ta del i Memoar-samarbeidet, kan Dropboxmappa vera ein del av Memoar sitt “skyarkiv”. For brukarar som vil behalda sine opptak privat, kan dei flytta det frå lokal Dropboxmappe til ein minnepinne umiddelbart etter opptak.
-
Vegen fram til eit fullgodt intrvjustudio i Kristiansand skulle ikkje vera spesielt økonomisk krevjande. Innanfor 8 – 10.000 kroner til utstyr og 2-3 timar programmering/innreiing skulle alt vera på plass.
-
Etter mitt syn bør drift av intervjustudio for munnleg historie inn under framtidas kjerneoppgåver for eit bibliotek. Men sidan verda enno ikkje vert styrt etter kva eg synest, kan det vera behov for å finna mellombels løysingar. i Bergen fungerer dette slik:
-
Ei avdeling (musikkavdelinga) har ansvar for åtildela tid i studio.
-
Det finst ein kalender som viser ledig tid og eit skjema for bestilling av studiotid på Biblioteket si nettside. Den ansvarlege i bliblioteket vurderer studiobestillingar og tildeler. Nå brukaren kjem, vert ho/han låst inn i studio. Dei må låsa og gi melding om det når dei går.
-
Biblioteket har ikkje kapasitet til å gi opplæring eller support, men det er avtalt at dei kan visa til Memoar. Frivillige vil kunna gi telefonsupport. Memoar har også laga ein presentasjon og ei opplæringsmappe om korleis studio fungerer.