Eg meiner at dei immaterielle sidene av nyare norsk industri- og sjøfartskultur er så lite dokumenterte og utforska at det må kallast forsøming. Eg ynskjer eit nasjonalt krafttak for innsamling av minner – og eit munnleg riksarkiv å avlevera dei til.
(Intervjuopptak med publikum iBergens Sjøfartmsuseum)
I hundre år har det vore ålment samtykke om at jordbrukskulturen omfattar historier og erfaringsvisdom knytta til kvart einaste gamle reiskap og teknikk. Det reint arbeidsrelaterte har blanda seg med ferdigheiter og forteljingar frå alle andre livsområde – og til saman har det blitt ein kultur. Medvitet om at dei munnlege eller immaterielle delane av denne kulturen er avgjerande viktige, kan målast i oversynet over Norsk etnologisk gransking sine 259 spørjelister sidan 1946: 64 av dei handlar om arbeid i jordbruket.
Til samanlikning finst det ingen som handlar om industriarbeid. Der er nokre få lister om handverk som kanskje kan reknast som førindustrielle (nr 55/1956 om fargarar, nr. 56/1956 om tøystamparar, nr 128/1979 om syersker, og nr. 134 og 135/1981 om garving og garvehandverket).
Det finst berre fire som er relaterte til fiske eller sjøfart (nr, 70/1959 om overgang frå robåt til seil og motor, nr. 128/1978 om tradisjonelle årefester, nr 244/2013 om sjøfolk og 256/2015 om ferjer.)
Arbeiderminnene
I all rettferds namn må det vera med i dette reknestykket at Edvard Bull d.y. og Avdeling for arbeiderminner ved Norsk Folkemuseum samla fem hyllemeter med munnlege og skriftlege arbeiderminner heilt frå 1882 og fram til byrjinga av 70-åra. Hovudemne i samlinga er tremasse/cellulose/papirindustri, sagbruk/høvleri, tobakksindustri, fyrstikkindustri, anleggsarbeid, tekstilindustri, jern- og metallindustri, skotøyindustri», og ei diversegruppe som omfattta bondearbeid, fiske, skogsarbeid, tømmerfløyting, skipsbygging, sjøfart, glassverk, bakeri, snikkarar, gruveverksemder, teglverk, stein- og jordindustri og murarar.
Studenten hans, noverande professor Ingar Kaldal (NTNU) har gjort eit stort oppfylgjingsarbeid (dokumentert i nettverket og nettsida Arbeidsarven.net). Men materialet er spreidd og ålmenn tilgang er avgrensa. Ei svale gjer ingen sommar på dette feltet heller, og eg held fast ved min påstand om at dei immaterielle sidene ved nyare industri- og sjøfartshistorie er forsømte.
Sjøfolk – på video
Etter mitt syn er spørjeliste 244– Sjøfolk (2013) i ei særstilling. For det fyrste handlar spørsmåla om eit av dei viktigaste yrka i norsk arbeidsliv dei siste hundre åra. I den såkalla gullalderen mellom 1950 og 1975 var ein veldig stor del av dei norske unggutane som ikkje tok del i utdanningsrevolusjonen, minst ein tur på sjøen. Sjøfolka hadde med seg heimatt erfaringar og forteljingar som sette sterkt preg på norsk kultur, språk, historie og – ikkje minst – økonomi.
For det andre, inneheld spørjelista eit spørsmål som fokuserer endring: «Kom det tekniske nyvinninger eller rasjonaliseringer/omorganiseringer som endret arbeidshverdagen?» Både gullalderen og åra etter har meir enn noko vore prega av kontinuerlege endringar, og det er nettopp det som etter mitt syn gjer det så viktig å ta vare på forteljingane om dei.
I 2015 var eg med på å stifte den frivillige organisasjonen Memoar, med formålet «å fremja ein kultur for å ta vare på og dela munnlege forteljingar om levd liv». Det fyrste prosjektet me sette i gang, var eit samarbeid med Bergens Skipperforening og Bergens Sjøfartsmuseum om å videointervjua sjøfolk. Intervjua er bygde opp etter malen i spørjeliste 244. Dei er gjort søkbare gjennom tidskoding av stikkord, og når forteljaren (informanten) har ynskt det, har dei blitt publiserte på internett. Dei er dessutan gjort klare for avleverling til offentleg arkiv eller museum når eit slikt er klar til å ta mot denne typen materiale.
Verdien av desse sjøfartsminnene
Fyrste intervju var i oktober 2015. To år etter har me gjort 20 opptak med til saman omlag 50 timar video. (12 intervju er publiserte pr. 20/8-17). Så langt har ingen brukt dette materialet i forskings- eller formidlingsprosjekt. At materialet har publikumsinteresse er dokumentert slik:
-
Kvart intervju som vert lagt ut på nett, vert spelt mellom 50 og 150 gonger fyrste månad. Forteljarane fortel at dei får særleg respons frå familie, vener og tidlegare skipskameratar, men at det også er mange ukjende som tek kontakt med dei.
-
Det har blitt publisert ei handfull avis- og tidsskriftartiklar om samlinga, og slik publisering har ført til markert auke i avspelingar.
-
I mars 2017 gjennomførte me eit publikumsarrangement med eit panel av desse forteljarane. Det samla uventa mykje folk som viste stor interesse.
Sjølv er eg verken historikar eller etnolog (mitt yrke er journalistikk), men ut frå mi folkelege vurdering meiner eg at det munnlege materialet som er samla til no inneheld dokumentasjon av:
-
Det eksisterte ein sterk grad av utferdstrang blant unge gutar etter krigen.
-
Mange følte eit press om å gå vidare på skule, og gjekk til sjøs som eit slags opprør.
-
Det ser ut til at der ofte var diskrepans mellom eit formelt strengt hierarki ombord, og ein uformell struktur prega av relativ likhet og samhøyr. Det at alle måtte «gå gradene» styrke denne uformelle strukturen.
-
Nye tekniske verktøy, arbeidsmåtar og organiseringar møtte relativt lite motstand. Graden av uformell kommunikasjon både opp/ned og på tvers i organisasjonen kan vera ei forklaring. Dette vart endå tydelegare då norske sjøfolk møtte tradisjonane frå amerikansk oljeindustri på 1970-talet. (Det er bestemt unaturleg å skile mellom sjøfart og oljenæring når det gjeld munnleg arbeidshistorie)
Dette er berre nokre få observasjonar av fenomen som eg trur ein vil ha vanskar med å finna i dei kjeldene som sjøfartshistorikarar normalt må nytta. Eg tenkjer då eksempelvis på rapportar og anna skriftleg kommunikasjon mellom skipsførar og rederi.
Immateriell industrihistorie
Personleg er eg endå meir opptatt av industrihistorie. Før eg vart journalist, arbeidde eg 21 år på Nikkelverket i Kristiansand. Dei åra omfatta fyrste halvdel av 70-åra, då norsk industri var på sitt historiske toppnivå både i sysselsetjing og definisjonsmakt, og perioden frå 1975 til byrjingq av 90-talet, då den elektroniske revolusjonen sette inn og endra heile den norske industrien dramatisk.
I løpet av ein svært kort periode – ca 20 år – vart tradisjonelt, repetetivt manuelt industriarbeid så å seia heilt borte, enten erstatta av robotisert produksjon eller flytta til lågkostland. Dei tekniske nyvinningane som gjorde dette mogleg er eller kan lett bli dokumenterte. Men dei immaterielle sidene av utviklinga kan etter mitt syn berre dokumenterast med munnlege kjelder, og det er nesten ikkje gjort i det heile tatt.
Samtidig med sjøfartsminnesamlinga i Bergen, sette Memoar i gang ei minneinnsamling på Nikkelverket i Kristiansand. Fagforeininga der, forbundet Industri Energi og Norsk etnologisk gransking var samarbeidspartnarar. Det vart samla ti intervju med forteljarar frå alle lag i organisasjonen (2 frå produksjon/skift, 1 produksjon/dag, 2 vedlikehald, 2 mellomleiarar og 2 toppleiarar og ein fagforeiningsleiar på forbundsnivå). (Sjå Industri.Memoar.no)
Heller ikkje dette har så langt blitt brukt av nokon. Men då samlinga vart presentert gjennom ein tilsvarande panelsamtlale i Kristiansand Folkebibliotek, vart lokalet sprengd med over 200 tilhøyrarar.
Etter mitt syn ligg ein overmåte viktig nøkkel til å forstå norsk samfunnsutvikling etter ca 1965 i dei munnlege forteljingane til norske industri-, sjø- og «oljefolk». I dag er det ei alminneleg oppfatning at «alle er like viktige» i ein moderne produksjonsorganisasjon. Likevel er det framleis slik at det stort sett berre er dei skrivande sine erfaringsunivers som vert delte i samtid og sikra for framtid.
Eit krafttak – og eit riksarkiv for munnleg historie
Eg mener at munnleg historie generelt treng ei «vekkjing» i Noreg. Men dei to mest brennande spørsmåla er etter mitt syn 1) eit stort samarbeidsprosjekt for å samla inn, tilretteleggja og formidla munnleg industri- og sjøfartshistorie, og 2) ei løysing av problemet om kor slikt kjeldemateriale skal kunna avleverast for å sikrast for framtida.
![]() |
http://www.memoar.no/industri/olaveriksoerensen |
Eg legg til sist ved ein peikar til Olav Erik Sørensen si forteljing om endringane på Nikkelverket mellom 1970 og 2010. Den er eit godt døme på immateriell kulturarv – på kunnskap og erfaring som ein dag vert borte med hans generasjon, om ikkje det vert samla nok slike dokument. Formatet kan sikkert gjerast betre. Men det er så langt me har kome til no, i det einaste miljøet som eg kjenner som arbeider med munnleg historie i form av dokumenterte og søkbare videoopptak i Noreg.
Eg ynskjer kontakt med alle som deler dette synet, for å drøfta: Kva skal me gjera?
Bergen – 18/8 2017 –
Bjørn Enes
(Leiar av Memoar)