Havstrilane si munnlege historie skal bevarast:

12.juni (2017) starta det andre offentlege intervjuskudioet i Hordaland. Frå no og dei næraste vekene kan alle innbyggarane i Sund ta med seg slektningar, naboar, arbeidskameratar eller kven det no enn er som har forteljingar det er verd å ta vare på. Viss erfaringane vert gode, vurderer biblioteket å skaffa eige utstyr slik at intervjustudioet vert permanent. (Biletet: Frå demonstrasjonen av Memoar sitt mobilstudio den 12/6).
Forankra i biblioteket.
Truleg vert dei mest aktive brukarane biblioteket sjølve. Biblioteksjef Bente Fosse og bibliotekar Lisbeth Millsted tek sjølve sikte på å gjennomføra intervju, og har ei spennande kandidatliste klar. Måndag 12/6 overtok dei Memoar sitt mobilstudio. I tillegg hadde dei invitert interesserte både frå kultureininga i Sund Kommune, Sund Sogelag, Nordsjøfartmuseet, Bygdeboknemnda og Memoarkontaktar i Sund til eit minikurs om minnesamling i samband med overtakinga.
Erfaringane frå Bergen Bibliotek viser at hovudutfordringa med ei aktiv innsamling av munnleg historie nettopp er forankringa. I byen stiller biblioteket med lokale, medan organiseringa er forankra i den frivillige organisasjonen Memoar. Det fungerer, men det er klart at det er mykje betre om biblioteket sjølve har folk som kan og er motiverte for å samla forteljingar.
Enkelt å gjera opptak:
Utstyret består av ein bærbar PC og eit kamera på stativ. Nye brukarar får hjelp av Bente eller Lisbeth til å starta dei opp. Intervjuaren ser kamerabiletet på PCskjermen framfor seg, slik at ho/han kan justera viss forteljaren skulle bevega seg ut av biletet. Der er ein enkel meny i skjermbiletet med berre ein viktig knapp – «Start opptak». Den byttar tekst til «Stopp opptak» når opptaket er i gang. I prinsippet er det berre denne eine knappen som intervjuaren treng å bry seg om.
Det er i tillegg to lyskastarar som kan brukast på kveldstid. På dagtid er lystilhøva veldig gode i biblioteket.
Kva skjer med opptaket?
Tanken er jo å bygga opp ei samling av munnleg kjeldemateriale som kan bevarast for framtidige generasjonar i Sund. Men veldig mange intervju med lokale forteljarar er også interessante for samtida. I begge tilfeller er det viktig at opptaket vert sikra, at det kan delast – og at det er system på kven som har tilgang til ei kvar tid. Det er tre trinn i arkiverings-/delingsprosessen:
Fyrst vert opptaket lagra i den lokale, bærbare PC’en. Straks intervjuaren trykker «Stopp opptak», startar ei automatisk opplasting av ein sikringskopi i den såkalla nettskya. I praksis skjer det til Memoar sitt Dropbox-arkiv. Intervjuar og forteljar kan ta ut ein kopi på minnepinne frå studioPC-en, eller få tilgang til sikringskopien i Dropbox slik at dei kan sjå opptaket på eigen PC.
Trinn to er klargjering av opptaket for arkivering og eventuell publisering. Det er den mest arbeidskrevjande delen av arbeidet. Det må lagast ein søkbar tekst om kva intervjuet inneheld, og kor dei ulike sekvensane kan finnast (minutt og sekund frå start). Memoar er av den meining at det ikkje er naudsynt å skriva ut heile intervjuet i tekst – det er nok å laga ei stikkordsliste – medan andre held på «gamlemåten» med full transkripsjon.
Dette trinnet må også innehalda ei etisk vurdering. Rettesnora her er vanleg presseetikk. Det kan vera naudsynt å ta ut ein og annan sekvens, for eksempel viss det vert sagt noko om ein tredjeperson som utløyser ein rett for henne/han til å ta til motmæle (tilsvarsrett).
Det kan også vera aktuelt å «pynta litt» på opptaket – ta vekk litt tomsnakk o.l. Så sjølv om målet er mest mogleg autentisk kjeldemateriale, er det som regel rett å laga ein litt «strigla» publiseringsversjon.
Eiga nettside om munnleg historie frå Sund?
Tredje trinn er avlevering og eventuell publisering. Me ventar på ei avklaring om Fylkesarkivet vil ta mot munnleg historie. Memoar arbeider for oppretting av eit «munnleg nasjonalarkiv». Fram til dette er løyst på fylkes- eller riksplan, vil Memoar oppretthalda sitt mellombels arkiv.
Det er forteljaren i kvart opptak som avgjer om publiseringsversjonen skal leggjast ut på internett. Viss ho/han gjer det, vil opptaket bli publisert på ein av dei store delingsplattformane (Vimeo eller YouTube). Derifrå vil det bli publisert på Memoar sine sider som får namnet Sund.Memoar.no. Truleg vil dei også bli publisert på Biblioteket sine sider. Drøftringane om å etablera ei eiga side med munnleg historie frå Sund er alt i gang – det kunne vera ein stad også for arkivet av lokalradiointervju.
Kontaktperson på Sund Folkeboksamling er Bente Fosse – bente.fosse@sund.kommune.no

Kontaktperson i Memoar er Bjørn Enes – bjorn.enes@memoar.no 

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.