Mobilstudio har hatt eldprøven!

Måndag 16. januar var Memoar sitt mobilstudio i bruk for fyrste gong. Det skjedde i Bergen gamle brannstasjon: Tre veteranar frå brannkorpset fortalde til intervjuarar frå Bymuseet i Bergen. På biletet vert Øyvind Kongevoll – leiaren av Bergen Brannkorps Historielag – intervjua av Siren Johannessen Vågstøl og Nina Moldskred frå Bymuseet i Bergen. (Bakgrunnsteppet vart ikkje brukt denne gongen) 
Intervjuopptaket var aller fyrste skritt på vegen fram mot ei samling av munnlege forteljingar om Bergens brannhistorie. Det er ikkje avklart korleis Bymuseet og Memoar skal samarbeida om dette vidare, men i fyrste omgang går ei pilotgruppe på seks museumstilsette gjennom eit tredagars introduksjonskurs laga av Memoar. Alt på dag 2 var gruppa i gang med reelle minneopptak som skal brukast i museet sitt vidare arbeid. 

«Eldprøven»
Hendinga var såleis både ein test på korleis mobilstudio fungerer i seg sjølv – og  på korleis det er å bruka for folk som er uvande med å rigga lys og lyd og bakgrunn, utan å miste konsentrasjonen om innhaldet i intervjuet.
Eldprøven gjekk tåleg greit. Den demonstrerte at monitor og headset også er heilt naudsynte delar av utstyrspakka, og at det er viktig å tenkja backup heile vegen. Sjølv om eit av opptaka vart mislukka på lyden, og eit vart litt rart i biletet, så må me kunna seia at studio i seg sjølv nå klart til bruk.
Bruksområde
Som det ligg i namnet, skal studiopakka brukast mobilt. Dette gjeld særleg i samband med opptak utanfor Bergen. Om kort tid vil det gå ut invitasjon til bibliotek og mué i Hordaland om å låna studiopqakka eller deler av henne.  Pakka vil også bli brukt i kurssamanheng – og når Memoar sjølv skal gjera opptqaksseriar. 
Interesserte kan ta kontakt med post@memoar.no.  
Dette er mobilstudio:
Erfaringane våre vil også kunne brukast av andre som ynskjer å etablera permanent intervjustudio. Så langt tyder våre erfaringar på at det er mogleg å få fullgod kvalitet med rimeleg utstyr – også viss studio skal stå fast. 
Memoar sitt mobilstudio består no av fylgjande:
Kamera:
Me har satsa på eit Zoom Handy Q8 kamera. Det er godt på lyd og enkelt på bilete. Me har utstyrt det med eit 64Gb minnekortog eit ekstra batteri.

Headset

kr.  4.000

kr.  1.900

kr.    450

Kamerastativ:

Her har me skaffa oss eit heilt ordinært tripod stativ til omlag 600 kroner.

kr.    600

Monitor – til kombinert bruk som kameramonitor under opptak og som skjerm for hovudmaskina. Skjermen er ein enkel dataskjerm til 1600 kr, I tillegg har me kjøpt ein HDMI/MikroHDMI-kabel (kamera-monitor) kr.  1.600

kr.     150

Lys og studiobakgrunn:

Me har kjøpt to stativ, to doble pærehaldarar, fire 200W pærer, to reflektorparaplyar, to stativ og ei tverrstang til studiobakgrunn og eit grått tekstil for bakgrunn. Alt i ei studiopakke av merke Goodman. Pris i alt 3.150,- inkludert frakt.

kr.  3.150

Enkel bærbar Windows-maskin til opptaksbruk (Asus 15,5 til opptak med direkte opplasting til Dropbox og/eller dokking/backup av kamerakort) kr.  3.000
Fotoscanner – svært mange av forteljarane har med seg bilete som det er veldig greit å få scanna på staden. kr.     800
Arkivplass i Dropbox: Me har knytta 1,5 Tb arkivplass til Mobilstudio – det vil kosta oss 144 Euro i året eller ca kr. 1.300,- kr.  1.300
Trillebag med plass til alt utstyret: kr.     700
«Utrykkingsbag» i alt:
kr. 17.650
Hovudmaskin – mobilstudio: Ein Apple Mini-Mac med tastatur og mus som kan brukast både som opptaksmaskin med umiddelbar opplasting til Dropbox, dokkingsmaskin med backup og mellomlagring av minnekort i kamera, redigeringsmaskin, kursmaskin og til adminstrasjon. Denne kosta med tilbehør og forsikring i alt kr. 10.767,- kr. 10.800
Mobilstudio i alt:
kr. 28.450,-

Vårt neste mobilstudio vil berre omfatta «utrykningspakka». Den skulle også vera tisltrekkeleg for eit bibliotek eller eit museum som ynskjer å ha sitt eige utstyr.

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.