Slutta norsk kulturutvikling i 1853?

Den 13 januar skreiv Audun Kjus om kulturarven at hestane bitest når krybba er tom. Min bodskap er ikkje lystigare. Den handlar ikkje om kua som døyr medan graset gror – det er verre enn som så.
Minneopptak på Bergens Sjøfartsmuseum
I nesten tre år, frå 2007 til 2009, hadde eg gleda å arbeida med å samla dokumentasjon på krigsgenerasjonen si munnlege historie. Me intervjua krigsseglarar, flygarar, motstandsfolk, tysklandsfangar, holocaustoverlevarar og russarfangar, og me samla inn intervjuopptak som andre hadde gjort – mellom anna av NSmedlemmer og frontkjemparar. Me bygde ei samling av råstoff for etterkomarar, historikarar, forfattarar og kulturvitarar av ulike slag.
Men me hadde ingen stad å levera frå oss dette materialet. Då prosjektpengane var brukte opp, vart intervjuopptaka stabla i pappkassar (alt som var nettpublisert vart sletta (!) på grunn av økonomi) og plassert i ein kjellar i Kristiansand.
I snart to år har eg på ny hatt gleda av å arbeida med innsamling og arkivering av munnleg historie, denne gong om endringar i arbeidsliv og -kultur i åra rundt den elektroniske revolusjonen, då århundrelang vekst i sysselsetjinga brått snudde til bratt nedgang i industri og sjøfart.
Heller ikkje no er der nokon stad å avlevera dette materialet. Nasjonalbiblioteket tek imot videoopptak – men berre slike som er publiserte i massemedia, ikkje kjeldestoff. Riksantikvaren rår over ei rad med lokalinstitusjonar som – nokre av dei – har tilfeldige samlingar med slitne VHS-kasettar og feittete DVDar i hyllene, men noko sentralt arkiv og database for å kunne finna munnleg historie frå primærkjelder, finst ikkje. Det er ikkje betre hos Riksarkivaren eller i hennar struktur.
Internasjonalt har historikarar, folkloristar, etnologar og språkvitarar utvikla eit eige fagområde – oral history – parallellt med framveksten av nye opptaksteknologiar. Takk vere dette arbeidet, kan me i dag gå på nett å høyre t.d. «Slave nattatives» – munnlege forteljingar frå folk som var fødde som slavar og som opplevde frigjeringa under borgarkrigen. Dei var gjort på magnetwire på 1930-talet. Seinare kom bandopptakaren, kasettspelaren – og det digitale opptaksutstyret som har ført til at så å seie alle innbyggarar i den industrialiserte verda i dag har ein opptakar i lomma. Frå 1930tallet av har den immaterielle kulturarven blitt stadig betre dokumentert.
Men i Noreg har «folkeminne» blitt definert slik som Bjørn Olav Utvik gjer det i Dagsavisen 16. januar: «de etterlatte skriftene etter Asbjørnsen og Moe, Landstad, Bugge, og mange hundre andre samlere av norske folkeminner». Og dei er ferdig samla, ordna og digitaliserte. (Året 1853 viser til Landstads «Norske folkeviser»).
Det er ei kulturkatastrofe under utvikling. Slik les eg Audun Kjus sine to innlegg i Dagsavisen («Kulturarv til å rødme av» 13/1 og «Når krybben er tom…» 17/1):  I ein epoke då endringane i arbeidsmåtar, organisering, tenkjemåtar, verdsbilete, språk og omgangsformer er større og raskare enn nokon gong i verdshistoria, er norske kulturadministratorar og -politikarar passive, uinteresserte og utdaterte. Faktisk talt er dei i ferd med å bygga ned kulturvernet.
Noreg treng eit sentralt arkiv for nyare folkeminner og munnleg historie. For min del kan det ligga kor som helst, under riksantikvar eller riksarkivar eller nasjonabibliotekar. Men det trengs, og det hastar.
Eg har vore med å stifta ein norsk organisasjon for munnleg historie, Memoar, og me har sett oss nøydde til å starte bygginga av eit privat arkiv for video- og lydfilar. Viss ikkje kulturpolitikarane vaknar, vil dette og hamna i pappkassar i ein kjellar når me fylgjer den vegen kua har staka ut. 


Bjørn Enes, frilansjournalist, leiar av Memoar

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.