Sluttrapport levert for kursutviklingsprosjektet

I perioden mai til september har Memoar arbeidd med å utvikla eit kurs i minnesamling. Prosjektet har hatt støtte frå Kulturrådet og Bergen Kommune. Sluttrapport for prosjektet vart sendt 1. januar 2017.  Heile sluttrapporten fylgjer her.  
(Katalog 1883, K\onigl. Glastpalats, München)
Fagleg rapport – Prosjektnr. 291513
«Munnleg kjeldemateriale – Dokumentasjon og samling.»
I perioden mai – desember 2016 har Memoar gjennomført prosjektet i tråd med prosjektskildringa, sjølv om rekkefylgja har vore noko annleis ein den opphavlege planen.
Me hadde både søkt Bergen Kommune om støtte til utvikling av eit lokalt kurs, og Kulturrådet om støtte til eit kursutviklingsprosjekt saman med Norsk etnologisk gransking, Folkeminnesamlinga og Arbeidsarven. Dei to søknadane var ikkje identiske, men bygde på same idé. Ingen av søknadane vart innfridde fullt ut, men til saman fullfinansierte dei det prosjektet som var skildra i søknaden til Kulturrådet. Me valde å slå dei saman, men å rapportera dei kvar for seg. Sluttrapport til Bergen Kommune vart send i november 2016. Rekneskapstala frå den er inkluderte i det sluttrekneksapet som ligg ved denne rapporten.
Resultat:
Prosjektet har produsert fylgjande fem kursmodular som er formidla i form av presentasjonar som er gratisk tilgjengelege for alle interesserte:
  1. Praktisk intervjuarbeid: Litt kamerateknikk, lyd, lys. Åtvaring mot vanlege tabbar. Gode rutinar for førebuing og gjennomføring. Avtalar.
  2. Dokumentasjon: Analyse av innhaldet. Stikkord-dokumentasjon. Tidskodar. Utforming av rekneark og undertekstlister. Tagging / direkte link til tidskodar i opptaket.
  3. Minneintervjuet: Intervjuarrolla, forteljarrolla, fri forteljing eller spørjeliste? Meir om etikk og juss. Ytringsfridom og presseetikk. Forskingsetikk.
  4. Minneinnsamlingsprosjekt: Fokus, organisering, finansiering, arkivering, publisering og formidling: Emneordlister. Arkivmapper. Nettsideproduksjon. Bruk av munnleg materiale i formidling – QR-koder og geotagging. Bruk i bloggar og presentasjonar. Sosiale media.
  5. Minneteori – minner som prosessar. Munnleg historie i Noreg. International Oral History Association, OHS i Storbritania og dei nordiske landa. Samordning av frivillige arbeidarar, ABM-institusjonar, frilansarar og akademiske nettverk. Utviklinga av Memoar som ein norsk foreining for munnleg historie og minnekultur.
Denne strukturen med å starte praktisk og konkret og vente med teorien til slutt, var fyrst ei erfaring me gjorde oss gjennom dei ulike pilotkursa me køyrde. Seinare fekk me stadfesta gjennom besøket i Cork at det også der var den rekkefylgja som hadde gitt best resultat.
Truleg kan det vera klokt å ha fleksibilitet i forhold til dette når det gjeld studentar og profesjonelle kulturvernarar (museumstilsette, forskarar etc). Me har ikkje forsøkt ut kursopplegget på slike grupper i prosjektperioden (men har avtale om to kurs med museumstilsette i 2017 – det eine med Bergen Bymuseum, det andre med Østfoldmuseene).
Eigenvurdering:
Me har klart å laga eit verktøy som dekkjer Memoar sine behov for å læra opp nye minnesamlarar. Me trur det same kursopplegget også kan brukast av studentar og museumstilsette og folk utan historisk eller etnografisk fagutdanning som skal ta del i profesjonelle innsamlingsprosjekt.
Opplegget er fleksibelt både når det gjeld rekkefylgje og konkret innhald i kvar modul, slik at ulike kursleiarar vil kunne nytte materialet på ulike og personlege måtar.
Me har hatt eit utbytterikt samarbeid med Norsk etnologisk gransking, Folkeminnesamlinga og nettverket Arbeidsarven. Me har drøfta kursutviklinga på ein nasjonal workshop og ei internasjonal studiereise. Me skal gjennomføre ei rekke kurs i 2017, mellom anna eit kurs med tilsette i Bergen Bymuseum i perioden 9. – 23. januar, og eit kurs for tilsette og frivillige i Østfoldmuseene i mars (tentative datoar er 3-5. mars). Me har blitt tatt opp som medlemmer av Studieforbundet Kultur og tradisjon, og i januar vil me starte arbeidet med å tilby kurset til museum, historielag og andre over heile landet.
Etter vår meining er målsettjingane med prosjektet oppnådd..
Ressursbruk og rekneskap:
Prosjektet var kalkulert til å kosta kr. 110.875,- . Faktisk kostnad vart kr. 124.953,- . Meirforbruket er dekka ved å knipe inn på der det har vore mogleg og ved å auke Memoar sin eigeninnsats. Den største kostnaden har vore timekostnader under arbeidet med utvikling og gjennomføring av kurset. Dette var også hovudkostnaden i budsjettet. Prosjektleiar har brukt 225 timar. Rettleiar og Styringskomite har i hovudsak brukt eiga tid/tid på NTNU, NEG og FMS si rekning til arbeidet. Me har gjennomført ein heildags workshop med deltakarar frå heile landet, kursopplegget har vore prøvd ut gjennom 24 kurstimar med i alt 16 deltakarar. Prosjektleiar har vore deltakar på Oral History Society sitt kurs «Introduction to oral history» i Sheffield, og prosjektleiar saman med 2/3 av styringskomiteen har besøkt Cork Folklore Project for å studera samarbeidet mellom Cork University College/Dept. for Folklore and Ethnology og ikkje-akademiske minnesamlarar rekrutterte gjennom Northside Community Enterprises. Ltd.
På nettsida med kortadressa kursutvikling.memoar.noog (i vårt Dropboxarkiv i mappa Memoar.org/Kompetanse/Kursutvikling2016) ligg fylgjande dokumentasjon på prosjektgjennomføring og ressursbruk:
  • Mars 2016: Utviklingsplan.
  • Mai: Rapport frå studiereise Storbritania og kurset «Introduction to oral history» i Sheffield.
  • August: Rapport frå gjennomføringa av fyrste kursgruppe (pilotkurs) i Bergen.
  • September: Oppsummering av workshop gjennomført i samarbeid med Folkeminnesamlinga.
  • Oktober: Rapport frå fyrste del av prosjektet (avlevert til Bergen Kommune).
  • November: Rapport frå tre «lynkurs» som vart prøvde ut i Bergen
  • Desember: Rapport frå studiereise til Cork
  • Januar 2017: Denne sluttrapporten med fylgjande vedlegg: Rekneskap, timeliste prosjektleiar, oppmoding om utbetaling av restløyvinga.
  • Produsert kursmateriell er opent tilgjengeleg for alle på adressa kurs.memoar.no
Med dette vil me takka Kulturrådet for støtta på kr. 70.000,- til gjennomføring av dette prosjektet.
Bergen – 1. januar 2016
Bjørn Enes 

Vedlegg 1 – prosjektrekneskap: 

Søknad Rekneskap:
Workshop 1
3 Deltakarar med foredrag kr 12 375,00 kr 2 000,00
4 Deltakarar utan foredrag
Lokalleige
Bevertning
Reisekost – foredragshaldarar kr 2 500,00 kr 4 489,17
Reisekost – utan foredrag
Studiereise til London / Sheffield og Cork:
– Reisekost – Deltakarar på prosjektet si rekning kr 6 000,00 kr 8 421,00
– Reisekost – Deltakrar på eiga rekning
– Diett og hotell – Deltakar dekte av prosjektet kr 2 200,00 kr 4 183,00
– Diett og hotell – 3 deltakarar på eiga rekning
– Kursavgift – deltakar dekte av prosjektet kr 2 000,00 kr 1 042,00
– Kursavgift – deltakrar på eiga rekning
– Timar – (20,8 % av fakturert tid) kr 16 500,00 kr 9 146,35
– Timar – (Eigeninnsats – 20,8 % av ufakturert tid) kr 12 690,63
Skriveprosess
– Utskriving, (15,6% av fakturert tid) kr 12 375,00 kr 6 859,77
– Utskriving (15,6% av ufakturert tid) kr 9 517,97
– Kritisk gjennomgang / (ufakturert) kr 6 600,00 kr 0,00
– Om / nyskriving (15,6% av fakturert tid) kr 12 375,00 kr 6 859,77
– On/nyskriving (15,8% av ufakturert tid) kr 9 517,97
– Organisering av pilotkurs (9% av fakt. tid)) kr 4 950,00 kr 2 743,91
– organisering av pilotkurs (9%av ufakturert tid) kr 3 807,19
Workshop 2 – pilotkurs
– Kursleiar – (10,4 % av fakturert tid) kr 8 250,00 kr 4 573,18
– Kursleiar – (10,4% av ufakturert tid) kr 6 345,31
Lokalleige
Bevertning
Reisekost – foredragshaldarar kr 0,00
Reisekost – utan foredrag
Reinskriving og publisering (23% av fakt. Tid) kr 12 375,00 kr 6 859,77
kr 9 517,97
Organisering av kursserie (23%) kr 12 375,00 kr 6 859,77
kr 9 517,97
SUM kr 110 875,00 kr 124 952,69
Finansiering:
Eigeninnsats – Memoar kr 25 875,00 kr 39 952,69
Søknad – Kulturrådet kr 85 000,00 kr 70 000,00
Støtte frå Bergen Kommune kr 15 000,00
Sum: kr 110 875,00 kr 124 952,69

(3 vedlegg)

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.