12/12-15: Memoar lanserer forslag til mellombels arkiv for munnlege minneforteljingar

Memoar registrerer ned stor glede at mange støttar tanken om å bygge ut lokale og nasjonale arkiv til å kunne forvalte og fomidle munnlege forteljingar i videoformat.

  • Lokalt er det interesse for dette i Bergen Byarkiv.  Dei vurderer framleis kostnadane med videolagring som så store at ein lokal server som både kan vere lagrings- og delingsmedium, må vere eit framtidsprosjekt. Men dei vil gjerne ta imot ferdige prosjektarkiv som omfattar både video, dokumentasjon i form av tekstar og emneord, og eventuelt tillegsmateriale i form av foto, artiklar etc. (Sjå referat frå siste samtalar med Byarkivet) 
  • På nasjonalt plan er det fyrst og fremst Norsk etnologisk gransking ved Folkemuseet som har vist interesse og handlekraft i dette sprøsmålet. Dei arbeider for å få etablert ein pilot på ein minnebase i 2016. (sjå referat frå møte med Folkemuseet og KulturIT)
  • Men Memoar treng ein stad å arkivere munnlege forteljingar alt no. Talet på ferdig dokumenterte opptak stig, og det er til aukande bekymring at dei berre vinst på private harddiskar utanom dei kopiane som ligg på Vimeo. Eit lynnedslag i Bergen kan gjere kål på alt arbeid som er gjort! 
  • Derfor har me arbeidd fram ei løysing som kan vere ei økonomisk overkommeleg mellomløysing. I beste fall kan den også synleggjere moglege løysingar både for organisering og kostnadsrammer for ein framtidig nasjonal minnebase. .Me har presentert løysinga i denne presentasjonen: 

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.