KulturIT er et selskap som er etablert av Norsk Folkemuseum og Maihaugen i samråd med ABM-utvikling. Selskapet utvikler, drifter og vedlikeholder felles it-systemer for forvaltning, formidling, utvikling av samlinger ved museer og andre kulturinstitusjoner og for tilrettelegging av samlingene for forskning.(Wikipedia) nettside: http://www.kulturit.no
22. oktober inviterer selskapet til brukarmøte. Dei har bedt om innspel til tema som bør opp på møtet.
Bjørn Enes sende den 27. august ein epost til den ansvarlege for førebuinga av brukarmøtet. Han presenterer seg som «leiar av den rykande ferske organisasjonen «Memoar», som vart stifta i Bergen i juli i år, med føremål å «fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv.» – og skriv vidare:
«Vårt syn er at den offentlege ABM-sektoren bør ha / sjå det som si oppgåve å bevare og formidle munnleg historie i stor skala. I vår tid består formidlig for ein stor del av å kunne dele – i praksis gjennom sosiale media. Me har som sagt starta opp i Bergen. Her har me alt fått i gang eit samarbeid med Biblioteket om etablering av eit intervjustudio som innbyggarane kan bruke. Me er i dialog med Bergen Byarkiv om etablering av ein videoservar der innbyggarane kan laste opp og dele munnlege forteljingar om levd liv.
Vårt innspel til diskusjonstema på brukarmøtet den 22/10 er dette:
Bør det etablerast eit «Riksarkiv» for munnlege minneforteljingar?
Bør det leggjast til rette for eit samarbeid mellom enkeltpersonar (private), frivillige organisasjonar og ABMsektoren for å skape aktivitet rundt innsamling, bevaring og deling av munnleg historie?
Har me – frivillige og profesjonelle – noko å lære av det britiske Oral History Society og/eller det amerikanske Story Corps?»