27/8-15: Produktivt styrmemøte i Memoar

Her er nokre hovudpunkt i vedtak som vart gjort:

  • Prosjekt Vendepunkt 1975: Memoar seier ja til å ta del i og evt. sto som den formelle prosjekteigaren. Historiefagleg rettleiar er no på plass og det er sannsynleg at økonomisøknaden vert send 2/9. 
  • Prosjekt Fosen Historielag:  Dersom Fosen, Åfjord og Hemne Historielag er interesserte, vil Memoar leggje inn betydeleg frivillig innsats i eit samarbeid om å ei nettside for dei tre laga  og ein serie opptak av munnlege forteljingar. Poenget for oss er å eksperimentere seg fram til ein «prototype» for samarbeid mellom Memoar og lokale historielag. 
  • Prosjekt Radøy: Memoar er no klar til å samarbeide med Radøy Bibliotek om ein serie intervjuopptak. 
  • Fleire andre prosjektidear vart drøfta – me kjem attende til dei når dei har konkretisert seg litt. 
  • Intervjustudio Bergen Bibliotek: Framdrifta avventar svar frå Bergen Kommune på søknaden som Memoar sende inn 3. juli. 
  • Videoserver Bergen Byarkiv: Memoar er klar til å drøfte dette vidare når Byarkivet er klar. 
  • Kurs om opptak, bevaring og deling av munnlege forteljingar: Memoar startar arbeidet med å utvikle eit kurs for interesserte privatpersonar og andre frivillige organisasjonar som kan prøvast ut så snart intervjustudio på Biblioteket er klart. 

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.