Memoar må forsone seg med at det enno er for tidleg å få til ei kombinert arkiv- og delingsløysing for munnlege minneforteljingar i videoformat. Deling i samtid må inntil vidare halde fram gjennom Vimeo.com og/eller YouTube.com. Men me er eit stort skritt nærmare ei forsvarleg lokal løysing for langtidslagring av videofilar, teknisk sett, gjennom ein kombinasjon av at fysiske lagringseiningar (DVDar, minnepennar el.l,) skal kunne leverast inn til Lokalhistorisk Arkiv i Bergen (LAB) og at samlingar som vert bygd opp gjennom ulike innsamlingsprosjekt kan sikrast for ettertida i eit Digitalt Sikringsmagasin (DSM) som kan vere etablert alt i løpet av neste år. Ei slikt tilbod til private vil vere avhengige av ei finansieringsløysing.
Bjørn Enes frå Memoar hadde i dag 2/12 møte med leiinga i Byarkivet for å drøfte konkrete samarbeidstiltak. Memoar har reist spørsmål om samarbeid som kan sikra at innbyggarane i Bergen kan levere inn minnemateriale i form av munnlege forteljingar i videoformat slik at det vert sikra for ettertida. Memoar har og reist spørsmål om ei arkivløysing for videofilar kan kombinerast med ei løysing som gjer at forteljingane kan delast i sosiale media. Førebels brukar Memoar videodelingstenesta til Vimeo.com til deling, medan arkivering skjer på ein eigen harddisk som Memoar eig.
Resultatet av samtalen vart:
- Per nå er det ikkje mogleg for Byarkivet å påta seg forsvarleg arkivering og vedlikehald av store videofilar, slik Memoar har ytra ynskje om. Årsaka er primært teknisk og kostnadsmessig. Truleg må ei slik løysing etablerast nasjonalt. Me vart samde om å halde kontakten om utvikling av slike løysingar, ikkje minst om memoar sin kontakt med Norsk etnologisk gransking og KulturIT og arbeidet med ein nasjonal minnebase-pilot.
- Byarkivet og Lokalhistorisk Arkiv Bergen (LAB) arbeider med å etablere eit tilbod om personlege privatarkiv for innbyggarane i Bergen. Den vil gå ut på at privatpersonar kan lagre analogt materiale (så som dagbøker, fotografi, skrivne minneforteljingar etc ) hos Byarkivet. Det vil vere naturleg for Memoar å støtte opp under eit slikt tilbod gjennom å tilrå bidragsytarar (forteljarar) å lagre analogt materiale dei måtte ha den nye løysinga for personlege privatarkiv. Memoar vil utarbeide eit forslag til styret i LAB om at peronleg privatarkiv også vert opna for innlevering av videofilar i dagens format. (Me er innforstått med at det per i dag ikkje er mogleg for Bergen Byarkiv ikkje å påta seg vedlikehald av digitalt materiale (t.d. konvertering av gamle videfilar til stadig nye videoformat).
- Byarkivet arbeider med å etablere eit Digitalt Sikringsmagasin (DSM) for langtidssikring av bevaringsverdig digitalt materiale. Det kan bli etablert i 2016, i alle fall vil prisane knytte til denne tenesta kunne konkretiserast i fyrste halvår. Når DSM det er på plass, kan det vere aktuelt å drøfte sikring av digitalt skapte prosjektarkiv (T.d. sjøfartsminnene, årssamlingar av minneopptak frå biblioteket sitt intervjustudio el.l.).
- Memoar vil ta opp til vurdering å etablere rutinar der me bygger opp digitale prosjektarkiv i ei skyløysing (www.jotta-cloud.no eller Dropbox.com el.l.) med tanke på at dei etter fullførte prosjekt skal leverast inn til DSM. Staben i Byarkivet sa seg villig til å gi råd i arbeidet med å teikne ein standard mappestruktur for slike prosjektarkiv.
- Til sist vart me samde om å knytte nærare kontakt også på området formidling. Det vart ikkje diskutert konkrete tiltak her, men eit fyrste trekk er at memoar ved Bjørn Enes vert ført opp på epostlista om formidlingsaktivitetane til Byarkivet.
Bjørn Enes